fredag 27. november 2009

Heimelaga pizza og filmkveld! Mette og K

Heimelaga pizza og filmkveld! Mette og Kai er saa snille og inviterer paa pizza bakt paa steinplate. Vi har ikkje hatt heimelaga sidan vi var heime i sommar. Nam! :-)

Happy Thanksgiving!

Velkomsthelsing frå Matt til mora og stefaren.
Matt, Jeff og Erlend på veg ut i bakgården for å steike kalkun.

Jeff, Lilian og Erlend følger spent med.

Matt poserer før kalkuna går i kjelen.

Kalkuna er klar til servering.

Matt med si melkeku:)

Lillian med si bløtkake.
Her er heile gjengen samla rundt middagsbordet.


Forrige torsdag var vi på Thanksgiving-generalprøve-middag med Matt. I går var det duka for den verkelege middagen. I tillegg til oss tre norske var mor og stefar til Matt der, dei er på besøk denne helga, og to kompisar som Matt jobbar saman med. Vi sat alle på kjøkenet og prata medan maten vart tilbredt. Vi fekk forklart historia til denne dagen, og eg skal prøve å gjengi den i korte og meir eller mindre riktige trekk; for lenge, lenge sidan kom ei gruppe britar over havet for å sleppe unna den religiøse forfølgelsen i heimlandet. Men dei planla det veldig dårleg, for då dei kom til nord-amerika var det midt på vinteren, og dei klarte ikkje å livnære seg. Heldigvis for dei så kom indianarane dei til unnsetning. Dei lærte britane korleis dei skulle dyrke jorda. Då det var tid for å hauste avlingane, så ba dei indianarane på ein stor fest som takk for all hjelp. Derfor er denne dagen ein dag for ettertanke og takknemlegheit for alt ein har å vere glad for i livet. Vi hadde det kjempekoseleg, og Matt imponerte stort på kjøkenet! Det å frityrsteike ei kalkun er ikkje ufarleg. Slepp du ei frosen kalkun i kokande olje, eksploderer den. Blir oljen for varm, tek den fyr. Har du panna for full, og kokande olje renn utover, kan heile kjøkenet ta fyr. Vi unngjekk skadar og eksplosjonar, og kalkuna vart for å vere sikker steikt i bakgården. Maten var nydeleg. Før vi åt var det kvar sin tur til å seie kva ein er takknemleg for. Vart litt sentimentale og tenkte på alle dykk der heime. Til dessert så hadde Lillian pynta ei bløtkake med norske og amerikanske flagg, som imponerte stort. Ho laga også sausen. Vårt bidrag var to plater med Firkløver og Melkesjokolade, øl og vin... :) Stor takk til Matt som inviterte oss heim til seg slik vi fekk ta del i Thanksgiving-feiringa!

tirsdag 24. november 2009

DSC00201

Liselott og eg midt i kortlaginga. Maa seie oss godt fornogd med resultatet for nybegynnera aa vere. Med untak av Lillian som har studiepoeng i emnet daa.:-)

Julekort! Her er julekorta vi laga i gaa

Julekort! Her er julekorta vi laga i gaar. Vi hadde det veldig kjekt. Laurdag har vi satt av til julegodteri- og meir kortlaging.

mandag 23. november 2009

Juleverkstad! Erlend har blitt jaga paa

Juleverkstad! Erlend har blitt jaga paa pokerkveld med Eivind og karane. Lillian, Hanna, Liselott og eg er klare for innsats. Vi lagar julekort. Maa rette ein stor takk til Kristine for god hjelp til innkjop. Vi kosar oss! Har drukke glogg og ete snacks og hoyrer paa julemusikk. Resultatet av kvelden kjem paa bloggen seinare.

Juletreet vaart! Veit det er litt tidleg

Juletreet vaart! Veit det er litt tidleg aa pynte treet, men i dag er det juleverkstad og daa synest eg at d passa.

lørdag 21. november 2009

Thanksgiving middag!

Torsdag denne veka vart Lillian, Erlend og eg invitert til Matt på middag. Matt er kameraten til Daniel. Daniel er ein artig kar som har vore på folkehøgskule i Norge for 6 år sidan, og som tilfeldig stakk innom Sjømannskirka ein dag han var ute på joggetur. Lillian tok i mot han, og slik har vi blitt kjent med dei. Neste veke, torsdag 26.11, er det Thanksgiving. Det er ein nasjonal fridag her borte og dagen feirast i hovedsak ved matbordet eller framfor TV'n for å sjå amerikansk fotball med familie og vennar. På menyen står det kalkun i alle mulige variantar med tilbehør som feks saus, søtpoteter, potetstappe, stuinger, brød, pai, sider osv. Matt hadde steikt ei kalkun med cajun-krydder og ba alle han inviterte ta med seg ein tradisjonell rett som tilbehør. Han får foreldra sine på besøk til Thanksgiving og han ville øve seg, og vi var prøvekaniner. Det var utruleg godt! Kanskje vi skal invitere på Thanksgiving middag når vi kjem heim til Noreg? :) Vi fann ut at nordmenn bosatt i USA ofte brukar lefse til middagen denne dagen, så vi gjekk for ein Skandinavisk vri og tok med ein pakke Vestlandslefse, ei eplekake med iskrem og svensk eplesider. Matt er ein kjernekar og inviterte oss til å komme på middag på Thanksgiving og! Vi har ein plan om å få til ei langhelg i Miami, men går ikkje det, så har vi sjølvsagt takka ja til å tilbringe dagen i lag med Matt og familien! :)






Basketballkamp!

På tirsdag denne veka var vi på basketkamp og såg New Orleans Hornets spele mot Los Angeles Clippers. Hornets har ikkje hatt ein god sesong så langt, så det var kjekt å sjå at dei vann 100 ett eller anna over Clippers, og det med stjernespelaren skada. Det var litt av eit show; bønn før kamp, nasjonalsong, fyrvekeri, duskedamer og maskotta. Erlend var veldig imponert over The Honeybies, duskedamene til Hornets. Før kamp sat dei og skreiv autografa - eg skulle kanskje skaffa Erlend ein? :)

onsdag 18. november 2009

Julehandel! I dag har eg vore paa juleha

Julehandel! I dag har eg vore paa julehandel heile dagen. Er sliten, men godt fornogd med dagens innsats! Forst tok eg turen til Michael's, ei stor hobbyforretning, og handla inn til juleverkstaden som eg skal halde paa komande mandag. Daa skal vi lage julekort, drikke glogg, ete julekaker og spele julecd'ar. Haapar det vil skape litt julestemning. Etter hobbyoverdose kjaure eg paa Lakeside kjopesenter. Der handla eg julegaaver til nokon av dei heime, og so litt til meg sjolv daa. :-) No skal eg lage meg litt middag og slappe av paa sofaen. Kl 20 skal vi ein gjeng paa kino for aa sjaa Christmascarol, ein animert julefilm om ein sur, gamal gubbe som ikkje likar jula. Men kan det endre seg? Vi faar sjaa! ;-)

søndag 8. november 2009

lørdag 7. november 2009

I dag er eg og Mette paa stand i lag i b

I dag er eg og Mette paa stand i lag i bunad. Heldigvis innandors, for det er varmt ute. Vi faar mykje oppmerksomheit for 'kostymene' vaare. Festivalen har vore vellykka!

fredag 6. november 2009

Scandinavian Fest! :-) Vi har gaatt tom

Scandinavian Fest! :-) Vi har gaatt tom for is. Eg og Erlend har henta is paa Waalgreens. Meir om festivalen kjem seinare!

onsdag 4. november 2009

Innkjop paa Sam's! I dag tidleg vart eg

Innkjop paa Sam's! I dag tidleg vart eg henta av Lillian klokka 7 for aa handle inn til Skandinavisk Festival. Vi fyllte to store traller med varer og stua godt for aa faa plass i bilen. Lillian handla heldigvis ein del i gaar, men det vart ein del alikevel. Snart gaar turen til Wholefoods for dei siste innkjopa. Etter det skal eg og Lillian unne oss ein god lunsj paa kafe. ;-)

mandag 2. november 2009

Kiss @ Voodoo!

Her kjem ein liten smakebit fra Voodoo -09!

søndag 1. november 2009

Chris hadde ogsaa eit utruleg bra kostym


Chris hadde ogsaa eit utruleg bra kostyme! Han saag ut som han var tatt rett ut av ein gamal krimserie. Det kom to politmenn innom baren vi var paa, og Chris spurte om han kunne bistaa med noko. Dei tok det med eit smil :-)

(Ein finn fleire bilete i Voodoo / Halloween albumet)

Halloween! I gaar (laurdag) var vi paa K


(Ein random hunk...)
Halloween! I gaar (laurdag) var vi paa Kiss-konsert. Her er ein stor musikkfestival, Voodoo Fest, som gaar over tre dagar, fre-sondag. Daa det i tillegg var Halloween i gaar, var det duka for stor fest i byen. Alle kler seg ut, og det er utruleg kor kreative kostymer folk har! Erlend gjekk utkledd som tronder, eg som mann. Vi hadde det kjempekjekt! Konserten var bra, sceneshowet heit raatt! Daa dei spelte siste songane, starta vi aa bevege oss mot utgangen for aa faa tak i taxi. I det vi gjekk ut porten, avslutta dei heile konserten med eit fantastisk fyrverkeri. Etterpaa gjekk det heldigvis kjapt aa praie ei drosje. Vi stabla i hogda og klarte stappe alle seks av oss inn i bilen. Turen gjekk til Frenchmen St. Der var det eit yrande folkeliv i gata, alle i kostymer. Super kveld! Paa bilete ser vi heksa Lillian:-). Fleire bilete/videoar kjem seinare. No skal vi gjere oss klare til fleire konsertar paa Voodoo.

(Ukjent)


Andreas og Eivind
Linda, Mette og Lillian

Ugler i mosen! Daa vi stod paa stand paa

Ugler i mosen! Daa vi stod paa stand paa Wholefoods dukka det opp ei dame med fleire ugler i bur som vi konkurrerte med oppmerksomheit om. Trur uglebestanden er trua, og ho provde samle inn peng.

Vafler paa Wholefoods. I dag har vi staa



Vafler paa Wholefoods. I dag har vi staatt paa stand og reklamert for Scandinavisk Festival paa ein daglegvarebutikk. Vi delte ut flygeblad, informerte om festivalen og serverte vafler. Trur vi var litt av eit syn - vi var fem ifort bunad; Lillian, Vidar, Mette, Erlend og eg. Kanskje nokon trudde vi hadde lagt mykje arbeid i kostymene vaare? Det er Halloween i dag! :-)

Lillian og Erlend i full gong med vaffel

Lillian og Erlend i full gong med vaffelsteiking.