fredag 26. februar 2010

Eeeelska Stratos!

I dag har eg følt meg "uggen" av fleire grunnar, og derfor et eg Stratos;

1) Snopesjuk

2) Saknar Erlend veeeeldig mykje (kvifor akkurat i dag, veit eg ikkje)

3) Har skrapa opp felgen på Porscha, har hatt dårleg samvit, og fortalte det til Erlend som sit i ein båt på havet i Brasil på jobb (og no et eg norske-sjokoladen som skal delast... Litt av ein kjærast eg er!)

Gler meg til du kjem heim, Erlend! Husk; eg er veeeeeldig glad i deg (og lei meg for skrapa...)!

torsdag 25. februar 2010

Happy birthday, Anders!:-)

I går fylte Anders 30 år! Hipp, hipp hurra! Liselott ba alle komme på Bulldog og overraske han. Vi troppa opp, vart ein god gjeng til slutt, og feira i lag med dei.

Kvelden vart også avskjed til Solveig og Asle. Dei budde her då vi kom over dammen for eit år sidan, men flytta heim til Noreg kort tid etter. Det klaffa så bra med eit besøk for dei begge, og dei har vore her i nesten to veker. Kjekt å sjå dei igjen. God tur heim!

Ferdig!:-)

Heldigvis ingen feil. Eg er nøyen på å studere bruksanvisninga, for lunta er kort om det vert feil! Var enklare enn eg trudde. Endeleg ein bedre plass å jobbe på. Då var det komoden igjen...

Ikea!

Liselott og Anders har vore så greie og kjøpt ein pult og ein komode på Ikea for oss. Kjenner på skuldrane at spisebordet ikkje lenger dug som arbeidsplass. Skal tru om eg får dette til då?

onsdag 24. februar 2010

Sunnmørsposten om New Orleans


Sumpsafari anbefalast.
Erlend sendte meg denne linken til Sunnmørsposten si nettside; http://smp.no/article/20100224/NAERTOGNYTTIG05/102249999/1002
Les artikkelen om New Orleans!

French Quarter i down town New Orleans

Habitat for Humanity jobbar med å gjenbygge New Orleans. Daniel, som eg var med som frivillig for i går, har jobba med å bygge hus for heimlause musikarar. Sjå omtale i aratikkelen.

tirsdag 23. februar 2010

Habitat for Humanity

I dag var eg med Daniel på jobb for Habitat for Humanity. Organisasjonen tek i mot frivillige frå heile USA og resten av verda, og dei er engasjert i husbygging i blandt anna New Orleans. Daniel er ansatt som byggeleder. Det er fortsatt områder i byen der skadane frå Katrina er godt synlege. Vi var på to tomter i løpet av dagen; ei der berre fundamentet er oppe, og ei der dei har lagt golvet og starta med å reise veggane. Eg merka så alt for godt at eg ikkje er vandt med tungt fysisk arbeid, nesten pinleg kor veik eg er, men det er lærerikt! Skal tilbake nokre dagar neste veke. Rett ovanfor tomta vi avslutta dagen på, står denne falleferdige kirka. Det var noko litt vemodig over synet, så eg måtte ta eit bilete. På skiltet står det framleis info om ei gudstjeneste som fann stad for lang tid sidan. Dette området og fleire andre er triste syn. Du kan køyre ned ei tilfeldig gate og sjå at eit hus er gjenreist etter Katrina, medan nabohuset er fråflytta og ser ut som ei rønne.

mandag 22. februar 2010

Fat-Tuesday og Zulu-paraden







Tenkte eg skulle legge ut bilete og fortelle litt om Fat-Tuesday (tirsdag 16.), siste dagen av Mardi Gras. Eg stod opp kl 7, gjekk på kirka og åt frukost og stod på St Charles akkurat i tide for starten av Zulu-paraden. Den mest ettertrakta souveniren frå denne paraden er handmåla kokosnøtter som dei deler ut langs ruta. Takka vere ein triveleg, eldre kar eg kom i snakk med, fekk eg ei kokosnøtt. Han skreik til ei av vognene at eg var frå Noreg, og det var visst nok til å fortjene ei koksnøtt! Om den er så fin veit eg no ikkje, men den er min... :) (Sjå bilete over av svart rund sak med glitter på). Seinare på dagen skulle eg og Lillian eigentleg ta turen down town, men etter vi såg TV-innslag frå French Quarter med køgåing i gatene så ombestemte vi oss og vart heime. Kanskje litt kjedeleg, men då var vi glade at Mardi Gras var over for i år. Mykje moro, men frykteleg slitsomt! :)

Fleire bilete frå Zulu-paraden


Såg paraden i lag med artige Daniel og Lindsay. Karen med hanekammen heiter Ben og er ein kompis av dei.


Kokosnøtt og beads frå Zulu-paraden!

fredag 19. februar 2010

Middag med Lillian

Lillian inviterte jentegjengen på kyllingpai i går. Vi hadde det kjempegøy! Lydnivået var ganske høgt. Stakkars Vidar som bur vegg-i-vegg. Han sponsa gildet med Who Dat-vin; takk, Vidar! Kjekt at Johanna og Solveig var der. Mette hadde ei gledeleg (om ikkje så veldig overraskande) melding å komme med - ho er gravid! Gratulasjonar til Mette og Kai!! Vi er så glade på dykkar vegne! :)

To søte prinsesser frå Molde by

Julie og Elise

Her er bilder av dei to flotte jentene som Erlend og eg er onkel og tante til. Dei bor i Molde, går i 1.klasse og i dag har dei hatt karneval på skulen. Så fine prinsesser! Under karnevalet her i New Orleans har eg samla ein stor haug med perlekjeder som mamma og pappa kan ta med heim til dykk når dei kjem på besøk, dersom dei har plass i kufferten! ;) Ha ein fin vinterferie på Bjorli! Er svært spent på å sjå kor flinke dykk har blitt på slalom når vi kjem tilbake neste år. Og så må eg få vite om dykk likte filmen; The Princess and the Frog - for den har eg og lyst å sjå. Handlinga i filmen er lagt til New Orleans og områda rundt. God helg alle saman!

torsdag 18. februar 2010

Til Erlend :-)

Til Erlend :-) Eg skulle eit ærend nede i byen i går, og då stakk eg innom ein butikk eg likar godt - Urban Outfitters. Der fann eg ei skjorte på salg og ei lommelerke med bart til Erlend + litt til meg sjølv og, sjølsagt... ;-)

onsdag 17. februar 2010

St Charles under Mardi Gras


Slik har det sett ut rett utanfor bygninga vi bur i denne helga som var. F.o.m laurdag 30.januar til tirsdag 16.februar har paradane rulla bortover gater ulike stadar i byen. Siste helga av Mardi Gras har vore ei uendeleg rekke av paradar og folkefest i gatene. Allereie onsdag forrige veke hadde folk sikra seg plass langs paraderuta i gata vår. Folk slo leir og sov i telt på St Charles på trikkeskinnene. Folk kjaure pick up truks med toalett på lasteplanet. New Orleans'erane er rare... :) Alt for å sikre seg gode plassar til alle paradane som går forbi her. I går var det heile over på Mardi Gras-dag (Fat Tuesday). Det har vore nokre artige dagar, men no er det greit å komme tilbake til kvardagen. Byen har svevd på ei sky sidan Super Bowl, men eg trur ikkje folk har heilt landa endå...

Frå Lillian tikka dette bilete inn i dag tildleg :)

tirsdag 16. februar 2010

Takkekort og forkjølelse....

I går var eg inne heile dagen, med unntak av ein tur på Wholefoods. Er forkjøla, og eg var ikkje i form i det heile, men kjøleskapet var nesten tomt, så måtte ut på handletur. Det var stressande nok. Medan byen stod på hovudet - Lundi Gras (mandag før karnevalet er over) - og alle var ute for å sjå på paradane, heldt meg inne denne kvelden. Kleenex, nasespray og mykje sjølsympati måtte til, spesielt når den ein er glad i å syte til ikkje er der (saknar deg, Erlend!). Med korpsmusikk og skrål frå gata i bakgrunnen åt eg is (=medisin), blogga og laga eit takkekort til nokon som har vore snill og hjelpsom. Det er laga av handleposen frå Wholefoods med mønstra papir, eit fint bilete og anna dill som pynt. Kan også nemne at Erlend ringte frå Brasil. Han har det berre bra, men det er mykje jobbing på han. Synd at han har gått glipp av Mardi Gras her i byen, og i tillegg karnevalet i Rio.

Gave frå Mr. Eric!

I dag var eg innom kirka for å ete Mardi Gras frukost og seinare brennsnut. Då fekk eg ein pakke, frå ein kar som heiter Eric, som han hadde levert der - ein grøn strikkegenser med raude hjarte på! Eg jobba som frivillig ein dag på kirka før jul, og då var han innom for å handle litt norske matvarer og levere noko til Skandinavisk Festival. Han kom innom med gåver til dei som arbeider på kirka! Vart midt sagt overraska...

mandag 15. februar 2010

Mint-is med sjokkobiter fordi eg er fork

Mint-is med sjokkobiter fordi eg er forkjola, og is hjelp mot alt!:-D

Søndag 14.feb - Crawfish party med Liselott og Anders

Liselott og Anders inviterte på Mardi Gras- og crawfish-fest (Crawfish = ein slags liten kreps). På biletet nedanfor er David, Liselott og Chad i full sving med å koke herlegheita. Chad er sjefskokken, og han ramsa opp følgande som går i gryta; crawfish (sjølvsagt), pølse, sopp, maiskolber, poteter, kvitløk, og sitron (fordi det ser så lekkert ut) og masse super-sterk-cajun-kryddermix. Han kokte opp to gryter; nr.1 for skandinavane/the foreign people ("mild"), og nr.2 for Lousianna-folket/locals (hot!). Det smakte så utruleg godt!


Crawfish - gryte nr 1

Joar og eg klarer ikkje å vente! Nam!

Maten er servert - ver så god; dig in!
Fornøgde fjes :)


Laurdag 13. feb - Endymion paraden ved City Park

Bygget som Hanna jobbar i ligg heilt i starten av Endymion parade-ruta, og kvart år har jobben hennar ein stor fest for ansatte med familie og venner. Vi fekk prima plasser på eit stilas som var satt opp for anledninga og etterkvart som paraden passerte hagla det med kjeder og anna som dei kasta frå flåtene. Ein må følge med når vognene kjem forbi - det flyg perlekjeder, kosedyr, glowsticks, dropsesker, frisbees (eller sendebrett som Kai og Mette kallar det) + mykje anna rart frå alle kantar. Ei dame framfor oss vart truffen rett i fleisen med ein heil pakke beads, og ho fekk nok ein solid blåveis. Har haurt om andre som har fått kutt og måtte sy etter å ha vore uoppmerksome. Det prikka i hendene etterpå - det gjer ganske låkt å ta i mot dei største kjeda. Før paraden kosa vi oss med gratis mat og drikke, og så rusla vi oss ein tur i området for å sjå på folkelivet. Lengre oppe i gata var det satt opp ei scene med live-musikk og anna underholdning. Der såg vi eigarane av Saints-laget og Super Bowl trofeet. Fekk ikkje tatt noko godt bilete av trofeet medan dei hadde det framme på scena. Einaste eg fekk knipsa eit bilete av, er denne karen som hadde som oppgave og passe på trofeet (det ligg i posen han held - ikkje akkurat så veldig spanande, men...).


Utsikt frå "tribuna" vår før paraden starta

Paraden er i gong. Veldig flinke korps som spelar/dansar - kule rytmer og dansemoves! :)
Fleur de Lis-vogn og klovnar på styltrer

Lillian og eg har sanka beads (legg merke til linselusa i bakgrunnen)

Takk, Hanna, for at vi fekk komme! :)

Laurdag 6.feb - Pontchartrain paraden

Har vore litt på etterskudd med å legge ut bilete frå Mardi Gras. Det har vore så mykje å få med seg, at eg har ikkje hatt tid til å blogge så mykje meir enn direkte frå mobilen (som endeleg fungerer igjen!). Uansett, her er nokre bilete frå første helga med parader i byen. Det var langt mindre folk i gatene då, enn det er no, og vi slapp å alboge oss fram mellom trappestigar og campingstolar for å få plass i vegkanten (medan eg skriv dette innlegget går ei stor parade forbi huset vårt og det kryr av folk i gata). Første helga var det reint triveleg. Men så er det dei store og spektkulære paradane dei aller fleste gjerne vil ha med seg, og folk strøymer til byen for dei viktigaste paradane den siste langhelga under karnevalet (12.-16.februar). Det heile endar i morgon, Fat Tuesday. Og det er heilt greit.... :)
Parade-vogner

Eg, Nina og Lillian har sanka litt beads

Trappestigar med seter på toppen for ungane står langs heile St Charles under Mardi Gras

Hus pynta til Mardi Gras


søndag 14. februar 2010

Eit tonn med soppel etter paradane har p

Eit tonn med soppel etter paradane har passert! I morgon tidleg er gatene reine og det er klart for enda fleire parader. Tirsdag er det (tor nesten ikkje sei det - endeleg) over.

fredag 12. februar 2010

Lindsay har hale! :-) Ho brukte ei evigh

Lindsay har hale! :-) Ho brukte ei evigheit paa aa krysse vegen for aa komme til oss. Endeleg banka det paa dora, og der staar Lindsay med ein hale som ho fekk paa vegen. Utanfor gaar no tredje paraden og det er eit yrande folkeliv i gata.

Men eg har det heilt greit ;-) Besok av

Men eg har det heilt greit ;-) Besok av Lillian og Liselott - koslig!

Erlend har reist!:-(

Erlend har reist!:-(