søndag 30. mai 2010

Ei super duper kjekk helg

For ei fin helg! Med unntak av ein svak augeblink på laurdag formiddag (Jetta'en ville ikkje starte, eg hadde parkert inne tre bilar, huska ikkje kva ledning eg skulle rigle på, Erlend tok ikkje telefonen med det samme, vart så stressa at eg nesten starta å grine - flaut), så har denne helga vore super! :) Ein er heldig når ein har gode venner som alltid er klar for å finne på noko gøy, og spesielt når ein saknar nokon som har vore borte veldig lenge...

Fredag var det flott ver, så etter litt jobbing tok eg turen på kirka, og starta helga med bading og soling. Mette, Lillian og eg åt middag på ein vietnamesisk restaurant på andre sida av elva, før vi møtte Lindsay på kino. Vi såg Sex and the City2. Plassen vi åt på var komisk. Skulle gjerne hatt bilete. Det såg ut som eit nedlagt stripmall. Der var ingenting på utsida som røpte at det var noko som helst inne i dei litt shabby bygningane. Men til tross for eit "litt" utdatert både eksteriør og interiør, så smakte maten veldig godt! Alle var einige om at det var lurt å vere ute i god tid før kinoen starta, sidan det var premieredagen. Vi troppa opp nesten ein time før, og forta oss inn for å finne plassa. Viste seg at vi var først ute og fekk kapra dei beste seta. Flaks! Men etterkvart innsåg vi at det var heilt unødvenig. Filmen gjekk for ikkje halvfull sal ein gong.

I går åt eg graut på kirka og las bok ved bassenget. Lindsay, ein kompis av ho, Aron, og Lillian kom og heldt meg med selskap etter stengetid (fordelen med å vere venninne med husmor - heilt greit). :) Medan Lillian gjor seg klar for å fare på kombinert sølv- og gullbryllaup i bunad, så gjekk eg i lag med Lindsay og Aron på Juan's Flying Burrito og åt. God, billig meksikansk mat. Seinare på kvelden plukka Lindsay og Aron meg opp heime, og etter nokre små omvegar og heile gjengen igjen var samla, enda vi på Frenchman St. Vi hadde det så kjekt! På eit gatehjørne spelte eit brassband, og det aula av folk som dansa i gata. Vi heiv oss med og dansa så svetten sila til langt på natt. Må seie at eg er imponert over Lillian som var oppe kl 07 i dag tidleg for å lage til kyrkjekaffi! Eg var ikkje like friskus, men i overraskande god form då eg vakna ikkje fullt så tidleg.

I dag har eg og Lillian rusla rundt på Magazine St, kosa oss med burger, kaffi og is, avslutta med ein tur til French Quarter. Vi shoppa litt på Urban Outfitters og gjekk heile Royal St til endes, bort Frenchmen St og opp igjen. Royal er ei fin gate med mange galleri og kunstbutikkar, spesielt likar eg nedre del med flotte hus og små, koselege hotell.

Håpar alle heime har hatt ei finfin helg! Kan melde at Reisande Mac på Falklandsøyane har det berre bra. Etter mykje fram og tilbake, rykte om tur til Noreg, og litt skuffelse for at det gjekk i vasken, så er det no avgjort at han kjem heim neste helg (søndag). Då har han vore borte i ein månad. Skal bli godt å få han heim.

Her er nokre bilete frå rusleturen vår ned Royal St i ettermiddag;

Flower power VW

I tillegg til ein levande rosa gris i band, så vi ei mekanisk ape.

Vakre hus på Royal St.

Solnedgangen over French Quarter (bilete gjer ikkje ære på kor flott det var).

Til Erlend;)

mandag 24. mai 2010

Pearl Jam konsert og Jazz Fest 2010

Trond, Kristin, Jo og Erlend framfor eine inngangen til Jazz Fest området.
Eg og Erlend har slått leir.

Ei av dei tre store hovedscenene.

Ei av dei mindre scenene med mykje lokal New Orleans og Cajun-musikk.
Laurdag 1.mai var vi på Pearl Jam konsert, og sidan det er eit av favoritt banda mine, så må eg skrive eit lite innlegg om det. Dei besøkte New Orleans i forbindelse med Jazz Fest; ein stor musikkfestival som går av stabelen her kvart år i april/mai. Festivalen går over to helger, totalt sju dagar, og har tre store scener og fleire små. Det er kanskje rundt 50 konsertar kvar dag (antal skal takast med ei lita klype salt, men det er maaaange), og for ca 400 NOK har ein tilgang til alle! Det heile foregår på eit stort ope område, og alle har med seg solstolar eller pledd og lagar små leirar. Dersom ein skal ha med seg fleire konsertar, sett ein berre att stolen sin og ruslar rundt på dei ulike scenene. Mange lagar seg vimplar og flagg for å lettare finne tilbake til "leiren". I fjor såg vi eit norsk flagg, men dei som sat der, hadde ikkje noko med Noreg å gjere... :) Maten er god, då det er lokale restaurantar og caféar som har catering i små boder. Toalettfasilitetane er gode på trailerane med "spesialdamedo", ellers er dei som forventa på ein stor festival... Og så lenge vergudane er blide (det vert eit gjørmehol når det regnar), så er det berre flott! Eg likar Jazz Fest! Terningkast 6! :)

Det var stort å få sjå Pearl Jam live. Høgdepunktet for meg trur eg må vere då dei spelte Alive, og alle song med. Vi fekk også med oss blandt anna Simon&Garfunkle, Band of Horses og My Morning Jacket dei to dagane vi var der i år.
Eddie Vedder!
Roger, Mette, Erlend, eg og Jo - godt nøgde med å sjå Pearl Jam live!! :)

Oppdatering

Det har gått nesten ein månad sidan sist eg oppdaterte bloggen, så no er det absolutt på tide! Eg lovar og oppdatere oftare framover. Sist eg skreiv eit innlegg hadde vi Kristin, Trond og Jo på besøk. Etter dei reiste har vi også hatt besøk av Marion og Arnt Olav. Dei var her i ei veke og eg håper dei likte byen like godt som vi gjer. Erlend måtte dessverre reise til Falklandsøyane helga før dei kom. Han er fortsatt ikkje komt heim, men dersom alt klaffar, så kjem han kanskje på søndag. Eg kryssar fingrane! Etter alt besøket vi har hatt i det siste så har det berre vore godt å få vere heime åleine, men no saknar han eg han.


17.mai-feiringa her borte var av den blaute sorten. Her regna og regna og regna og regna, heilt til gatene såg ut som elver. Vi kunne ikkje ta laust i Jetta'en, så vi ringte til Mette og Kai og ba dei hente oss i Range Roveren deira. Vi kom oss til Sjømannskirka, men det var fleire som ikkje kom seg fram denne dagen. Skal sjå om eg ikkje kan få lasta ned nokre bilete som Lillian tok denne dagen, for det var verkeleg eit syn. På kirka gjekk straumen, så vi måtte improvisere litt. Vi tente stearinlys, grilla laks og gjekk 17.mai-tog innandørs. Trass i regnet så var det ei fin 17.mai-feiring på søndag 16.mai. :)




Her har vatnet starta å trekke seg tilbake. Tidlegare på dagen sto Lillian akkurat der eg står med vatn til låra!