søndag 4. juli 2010

BBQ og VM-frukost


Fredag var vi med Liselott og Anders og grilla; biff, maiskolber, potetsalat, sopp, salat og brownies med is og jordbær til dessert. Nydeleg! Laurdag morgon var det VM-frukost her hos oss. Tyskland audmjuka Argentina 4-0, og Toby, den einaste tyskaren blandt oss, var ekstra fornøgd. Etter kamp hoppa Anders og Erlend i bassenget. Vi hadde sol for ei kort stund før det hølja ned. Orkanen Alex som traff Mexico for nokre dagar sidan har sørga for regn i NOLA i over ei veke. I går titta sola endeleg fram utpå ettermiddagen.