lørdag 30. oktober 2010

Og litt til til jenta vår....

På torsdag var eg å handla mammakle i lag med Linn. Ho er gift med presten på Sjømannskirka, som heiter Erland. Veldig trivelege folk. Dei har to søte ungar, Stella og Markus, og ventar den tredje i januar (ein gut). Kjekt å ha nokon og handle i lag med. Eg fann meg eit par jeans (heldigvis) takka vere Linn som leita bedre enn butikdama, fire gensarar og ein kjole. Godt nøgd, då det er stadig mindre av klea mine som passar for tida. Før vi betalte såg vi på babykle og div anna, og då kom eg over kanina og tøflene på biletet. Eg klarte ikkje å la dei ligge igjen, dei var så søte. Håper kanina blir ein favoritt... :)

onsdag 27. oktober 2010

Første innkjøp til den lille.

Bilete til barnerommet.

Kle til tulla vår.

I går stakk eg og Erlend innom ein barnebutikk på Magazine St og kika litt på barnekle. Vi har ikkje handla noko særleg fram til no. Eg har hatt kontrollen på mandag denne veka som milepæl. No som vi veit kjønn er det enklare å vete kva kle og fargar vi kan handle inn. Så då måtte eg berre kjøpe litt. Har vore innom butikken tidlegare, og har lenge sett meg ut nokre bilete til barnerommet. Og så måtte eg berre ha eit par body'ar og ein søt nattdress. Størrelsar og logikk som lange mot korte ermar på vinter/sommar og slikt har eg ikkje tenkt på. Det får kome med erfaring etterkvart... :)

tirsdag 26. oktober 2010

Erlend klar for Noreg!


Tidlegare i dag kjøpte eg skjerf og hue til Erlend slik han kan vere kledd for heimreisa i desember. Flott du vart! :)


Po-boy på Mahony's til lunsj.




Shrimp po-boy



Vi har vore her alt for lenge utan å hatt ein skikkeleg po-boy. Det er ein tradisjonell sandwich frå Lousiana; kvitt brød (baguette) fyllt med kjøt eller sjømat vanlegvis frityrsteikt. Nokon meiner namnet kjem av poor-boy, fordi det var ein rimeleg matbit for den som ikkje hadde så mykje å rutte med. For å vere ærleg så er det ikkje ein fantastisk kulinarisk opplevelse, men det gjekk ned på høgkant tidlegare i dag, då eg heldt på å svelte i hæl. Då kan vi krysse det av lista over ting vi "berre må" gjere før vi reiser.

mandag 25. oktober 2010

Vi skal ha ei jente!



I dag har vi vore paa ultralyd og legesjekk. Alt staar bra til med den lille i magen. Legen sleit forst med aa sjaa kva kjonn det var fordi babyen heldt seg i foten, men etter litt risting og dytting kunne ho fortelle at vi ventar ei jente 17.mars. Paa bileta fraa 3D ultralyden ser ho ut som ein alien! Veldig skummel. Eit lite monster. :) Vi feira med is (Pinkberry sjolvsagt) paa the Fly i lag med Lillian. Det er der bilete er fraa. Ein fin dag! Og Erlend overlevde heldigvis heiteslaget han paadrog deg i gaar under fotballkampen....

Skummelt!

søndag 24. oktober 2010

Gracie

Med to av tre kampar som gjekk vår veg i dag, er vi fornøgd. Erlend sitt lag vann 5-2, Aafk vann 3-1. Einaste skår i gleda er tapet til Saints. Dårleg kamp. Erlend er heilt slått ut etter kampen i dag tidleg. Han har tatt ein Ibux, ligg på sofaen og synest frykteleg synd på seg sjølv. Eg prøver trøste så godt eg kan. Får håpe at han overlever natta! Vi har vore innom å sett etter katten til Liselott og Anders. Kai, mor til Kai, Mette og Ella kom innom. Stakkars pus, som nyst har fått nye eigarar og ny heim, er litt skeptisk. Ho åt maten sin, stakk nasen utanfor døra før ho la seg under senga. Tryggast der. Ho er på den tyngre sida, og hadde tømt ei heil skål med tørrfor og ei med tunfisk. Og allikevel svolten i dag då vi var innom. Etter pus hadde fått mat, kjøpte vi pizza på vegen heim og har onntatt horisontalen på sofaen.

Fotballkamp

Vekkerklokka ringte kl 07:00 og vi er no på Lafreniere Park. Erlend spelar kamp for laget sitt Hellas United (bra namn). Stillinga er 0-0 foreløpig, men med 8 spelarar og to bakfulle karar som akkurat kom ramlande, kan det bli hardt. Vi får håpe eg tek feil. Erlend uttrykte bekymring for forma si før kamp. Det kan sjå ut som han slit med litt høg puls. Heia, heia!! :)

lørdag 23. oktober 2010

Erlend er tilbake!! :)

I dag henta eg Erlend på flyplassen kl 09:30. Endeleg! Det er så fint å ha han heime igjen. Vi har ete graut på kirka, og no set vi ute og kosar oss med ein iskaffi. På veg til Cafe Luna, kor vi no set, var vi innom Liselott og Anders for å sjå til katten deira. Vi skal passar Gracie til dei er heime frå romantisk lang-weekend på tirsdag. Tidlegate i dag snakka vi med nesten heile familien Farstad. Kjekt å sjå/høyre frå dokke! God helg til alle der heime!

torsdag 21. oktober 2010

Trille-/cafe-tur

Pinkberry yoghurtis - nam!

Villa Ville Kulla?


Mette, Ella og eg har vore paa trilletur. Vi stoppa paa Cafe Luna, og sat aa kosa oss med ein iskaffi, daa ein kar slo seg ned paa nabobordet. Han viste stor interesse for Mette sine sandala, og prata i veg om at han jobba med "reflexology". Han starta kommentere og knipe paa foten hennar. Vi vart litt paff og visste ikkje heilt korleis vi skulle handtere det. Men vi fekk ikkje noko hove til aa avbryte, og for vi fekk summa oss sat han og smurte inn fotene til Mette med fuktigheitskrem og maserte dei. Etterkvart kom det fram at han ville ha 10$ for tjenesten. Mette hadde 6$, og han sa seg fornogd med det. Etterpaa gjekk vi innom Pinkberry. Tenkte eg maatte ta med Mette sidan ho ikkje har smakt herlegheita. Saa det var for hennar skuld. Ok, litt for mi og. Eg elskar Pinkberry! Har eg nemnt det for? Kanskje det, men det er det beste eg veit. Paa veg heim rusla vi forbi huset paa biletet. Det er saa herleg. Minner med om Pippi-huset.

Nye gøvlar og støvlettar

Eg har kjøpt meg nye støvlar og vinterstøvlettar. Litt rart å handle slikt når sola skin ute og vi har behagelege 25 grader. Men meldingane om veret heime, gir det så absolutt meining. Eg har ikkje tenktå ta ein amerikanar, og lande på Vigra i flip flops i desember (her måtte eg passe på - Vigra blir fort Viagra med denne ordlista... :)). Ang ei anna heimreise eg ventar på, så veit Erlend fortsayt ikkje kor tid han kjem att frå Brasil. Kanskje mandag, kan det no sjå ut som. Må nok vente nokre dagar til på han. Godt at eg er av den tolmodige typen. ;)

mandag 18. oktober 2010

Graskar-lykter til Halloween


Klar til kutting

Lillian i djup konsentrasjon


Resultatet


Lillian har fri paa mandager, og etter frukost ringte ho meg og lurte paa om vi ikkje skulle stikke opp paa The Fly. I dag ogsaa. Vi pakka med oss tepper, puter og festivalstol, niste og lesestoff. Vi tilbragte over tre slove, herlege timar i parken. Medan vi sat der kom ein vennegjeng og slo seg ned bortom oss med kvar sitt graskar. Dei laga lykter til Halloween. Vi vart inspirert til aa prove sjolve. Etter pedikyr, is, innkjop av graskar og middag, innstallerte vi oss paa balkongen til Lillian med forkle, plastduk og knivar. Artig griseri! Vi seier oss fornogd med resultatet for aa vere ferskingar paa "pumpkin carving". Halloween er sondag 31.oktober. Eg har skaffa meg kostyme. Naar Erlend er tilbake fraa Brasil, maa vi finne noko til han. Folk gaar bananas her i byen paa Halloween, og alle kler seg ut. Og dekorerer husa sine (skal prove aa faa tatt bilete), nokon til det ekstreme. Samme helga er det ogsaa ein stor musikkfestival her; Voodoo Experience (fre-son). Vi gler oss blandt anna til Ozzy, Muse, My Morning Jacket m.m.

God morgen!

I dei siste vekene har temperaturen her sunke litt, og det er no leveleg ute på balkongen vår. Det er så fint å kunne starte dagen med ein god frukost, ein kopp kaffi og ei bok i sola. Eg nyt det medan eg kan. Erlend kjem mest sansynleg att frå Brasil i slutten av veka. Det gler eg meg veldig mykje til! Han skal ringe seinare i dag. Kanskje han veit meir då. Vi skal på kontroll på mandag. Er glad han kjem heim i tide til den. Det blir spennande. :)

søndag 17. oktober 2010

Den herlege sykkelen

Sondag - fotball og park

Lillian med lille Ella

Nistemat


Sondag = fotball. Baade den rette sorten og amerikansk. Skuffande med uavgjort for Aafk. Heldigvis retta Saints opp inntrykket fraa forrige kamp, og vann overlegent. Etter kampane sykla Lillian og eg paa The Fly (i dag igjen) for aa treffe Kai, Mette og Ella. Paa vegen fann Lillian ut at det kom til aa bli for varmt med svart Saints-troye og bukse, saa vi maatte stoppe aa kjope ein kjole til ho. 20$ fattigare, og ein fin kjole rikare (som til og med matcha solbrille hennar), sykla vi innom Wholefoods og kjopte med oss niste. Utruleg kor godt mat smakar ute; foccacia-brod med avocado, kalkun, bacon, aioli og gront + frukt til dessert. Mmm! Litt bortanfor der vi sat, saag vi den kulaste sykkelen i byen. Produsert i Nola, dekorert av den stolte eigaren paa biletet med lampar, gitarpedalar, skilt, flagg, beads og kuskinn - nydeleg! :) Eg fekk provesete vogna med pynteputer og pledd i.

Sivert Høyem "Prisoner of the Road" - TV-aksjonen 2010

Då eg høyrde denne songen måtte eg berre legge den ut her. For ei stemme! Trur Høyem (og tidlegare Madrugada) må vere min favoritt artist (band) i Noreg.

lørdag 16. oktober 2010

The Fly

Etter graut i dag sykla eg og Lillian til parken, The Fly, som ligg nede ved Mississippi elva. Vi har nydeleg ver for tida og nyt dagane. I parken møtte vi Hanna og Rachel (kaptein på damelaget eg spelte på tidlegare). Vi slo leir på teppa vi hadde med under eit tre. Frå Wholefoods hadde vi med plommer, bringebær, kjeks og hummus. Nydeleg! :) Om ein liten halv time skal vi på Salut og ete tapas ein heil gjeng.

torsdag 14. oktober 2010

Krumkakeskulen

I dag har eg vore på kirka for VK2 i krumkakesteiking. Dessverre så fann eg ikkje tilbake til teknikken som sat i fjor (etter nokre hundre krumkaker), og resultatet vart litt variabelt. Maria sine der i mot var fine på farge og lik i størrelse. Eg får lære av eksperten. I fjor var vi oppe i ca 1200 krumkaker. I år er det heldigvis begrensa til kanskje halvparten. Lillian laga kokosmakroner med sitron og mandlar i. Dei var gode! Litt rart å vere med på julebakst i oktober, men første helga i november er det Skandinavisk Festival med julesalg, og då må alle julekakene vere laga, pakka og klare for salg.

Lafayette Square

Kermit Ruffins
This is how we do it! :)
Lillian og eg nyt ettermiddagssola og musikken på Lafayette Square.

mandag 11. oktober 2010

Søndag

Lillian, Mette, lille Ella og Kai i Audubon-parken
Nyaste tilskudd i norskeklanen; søte Ella
Søndag var slik ein fin dag. Eg starta med min første spinningtime på leeeenge, og det gjekk bedre enn frykta. Jogging har begynt å føles mindre behageleg, så eg må finne på ei erstatning. Etter trening inntok eg ein god og stor frukost på balkongen vår i fineveret, kosa meg med ein kopp kaffi og ei bok. Vi har hatt flott haustver siste tida, sol og ikkje alt for varmt. Lillian ringte, og vi avtalte å sykle opp til parken for å sløve litt der før Saints-kampen. På vegen dit ville det seg slik at vi svingte innom Pinkberry og hadde frosen yoghurtis til lunsj med bringebær, kiwi, mango og sjokostrø. Det er så godt! Kunne ete litervis. I parken fann vi Eivind i skyggen under eit tre. Kort tid etter kom Mette, Kai og deira lille Ella også. Ella kom til verda i slutten av august. Ho såg ut til å kose seg, og fekk låne Lillian sine solbriller. Tøffina! :) Rett før kampstart braut vi opp og sykla til ein bar, Rendezvous på Magazine St. Anders og Liselott ser stort sett alltid Saints-kampane der. Vi fann dei og andre kjente i baren. Saints spelte ein heller dårleg kamp. Svoltne og skuffa sykla vi på Juan's Flying Burrito og trøsta oss med tacos og fajitas. Det smakte - og heldigvis var det nok til middag i dag også. Med ei to-go-box med restar sykla eg heimover - litt sår i raua etter ein dag med mykje tid på sykkelsetet. :)

onsdag 6. oktober 2010

Ny lenestol og nye spisebordstolar

Womb Chair

Eames Chairs
Ovanfor er bilete av stolane som vi har kjøpt. Særs nøgd. Blir som sagt kjekt å sjå korleis det vil ta seg ut heime på Sørneset. Her har vi alt for liten plass, stova vår er full av møblar. Lenestolen vart levert i dag av ein veldig hjelpsom kar. Han bar og pakka ut og bretta saman kasser for meg. God service! Glad eg slapp å bere stolen sjølv, den er litt tung, no som Erlend ikkje er heime. Vi var litt i tvil ang type stoff vi hadde valgt, men no når den er i hus er eg sikker på at det var rett valg. Utanom å gle meg over ny stol, så har eg jobba og fått unda alt som eg "burde ha gjort i går". God følelse å vere ajour. Om ein times tid skal eg sykle til kirka og møte Lillian og ei venninne. Vi skal på Lafayette Square på mini-festival (ja, der eg har tatt med alle som har vore her på besøk:). I kveld skal eg krype opp i lenestolen min og lese bok.

tirsdag 5. oktober 2010

Panton oransj barnestol

Eg har vore sløv å oppdatere bloggen i det siste. Men det har ikkje skjedd så mykje på ei ri no. Erlend har reist til Brasil og blir nok der i 2-3 veker. Eg saknar han kvar dag. Mandag forrige veke var eg på kontroll og alt står bra til med den vesle i magen. Har ikkje blogga om det tidlegare, men trur det er ute no. :) Og det er godt å vere over dei første tre usikre månadane. Veit ikkje om det er jente eller gut enno, så vi kallar han/ho for bebis inntil vidare. Vi har handla ein del møblar til vi skal heim. Dvs stolar. Den på biletet skal Jakob få låne når han kjem på besøk, og etterkvart vil vår eigen bruke den. Vi har to kvite stolar av same sort for vaksne. Då vi såg den lille, måtte vi berre ha den. Den var jo på salg. Er ikkje det pengar spart? :) I morgon kjem ein lenestol som vi også har bestilt. Vi likar det vi har sett på bilete og den lille prøvestoffbiten vi har, men det skal bli spanande å sjå den på verkeleg. På laurdag fekk vi spisebordstolane våre. Gler meg til å flytte inn igjen på Sørneset, og få alt på plass. Men det er nok ei stund til enno. Førebels får eg gle meg over nykjøpa her i Nola. No får eg straks besøk av Liselott, Lillian og ei venninne av ho frå Noreg som er her på besøk. Vi skal kose oss med taco og is med jordbær til dessert. Mmmm!

lørdag 2. oktober 2010

Uncle Lionel og dirigent Hildre med kor

Torsdag var det musikk og korsong på kirka. Vi steikte ørten vaffelplater og stemte på beste vaffeltilbehør (bringebærsylta gjekk av med sigeren) medan vi haure på jazzmusikerane og koret som sang. Det vart avslutta med onkel Lionel, han som går fremst i Jazztoget på Moldejazzen kvart år, som sang What a wonderful world. Litt av ein karakter!