søndag 5. desember 2010
Newark flyplass, New York
Siste dag i Nola
fredag 3. desember 2010
Jul på Fulton Street
Fin fredag (så langt)!
Nest siste dag i Nola... Det er nydeleg haustver her, så vi besøkte dyra i Audoboun Zoo. Favorittdyr; giraffane. Etterpå åt vi ein god lunsj. Sidan Erlend insisterte på å kjøpe is og cappuccino på Sucre, så vart eg med på det for å glede han. Det er uvandt og deilig på samme tid å ete is i sola i starten av desember (utan termodress og stråleovn). Til kvelden skal Erlend ha ein siste kveld med karame. Eg og Lillian skal ut å ete middag. Og kanskje, sidan det er nest siste kveld i byen, skal eg halde meg våken til over klokka 22. Kanskje høyre litt musikk på Frenchman? Sukk!
Pink scooter
I går kveld kom Lindsay og Daniel på besøk til byen. Dei har begge budd her tidlegare, då dei jobba med å bygge hus for Habitat for Humanity. Det var kjekt å sjå dei igjen. Vi var innom eit arrangemang, noko med Pepsi og scootera. Lillian, som elskar rosa, skulle utan tvil hatt denne.
torsdag 2. desember 2010
Ettermiddagskos!
Medan Erlend er på fagmesse, har eg vore på Belladonna Day Spa og hatt masasje. 50 min med total avslapning. Herleg! Men for eg kunne faa bestille time, maatte eg sjolvsagt ha ein lapp fraa legen som sa at det var greit at kunne ha masasje. Pga forsikring. Det er USA. Men det var verdt styret. Etterpaa kosa eg meg paa balkongen til Liselott og Anders med eit blad, ein kopp te, julekake og mandarin. God ettermiddag! :)
onsdag 1. desember 2010
Avskjedsgåve
Denne koselege godnattboka fekk vi frå Liselott og Anders. I den seier vi god natt til alt som er typisk Nola. Nydeleg! Tusen takk!
Avskjedsgåve
Vi må også takke så mykje til Lillian, Mette, Kai og Ella for dette flotte veggteppet av ein trompetist i French Quarter. Fine minner å ta med heim til Norge.
tirsdag 30. november 2010
High Tea og julestemning på Windsor Court Hotel.
Vi er stappmette på te, kanapear, scones og dessert. Har drukke ørten koppar med te. God julete. Fekk litt julestemning i oss i dag. Det er kaldt i veret, og inne i salongen speler dei julesongar på harpe. Koseleg stund! :)
Te med melk og dessert. Nam!
mandag 29. november 2010
Flyttebilen.
Då har flyttelasset gått. Flyttefolka var effektive! Dei pakka alt og tømte leilegheita på ca 4 timar! I ei av alle desse kassene ligg passet til Erlend! Oppdaga det sjølvsagt når alt var stua inn i bilen. Flyttekarane må finne kassa med printaren vår i, når bilen er tilbake på lageret deira. Erlend gløymte ta passet sitt ut etter å ha scanna det. Tipsa dei godt for bryet.
Då er leilegheita tom!
søndag 28. november 2010
Karusell i Lafreniere Park.
Siste kamp for Hellas United.
lørdag 27. november 2010
Thanksgiving lunsj med Chad og Dana
Dana og Chad laga ein nydeleg lunsj! Liselott og eg nyt maten.
Torsdag feira vi Thanksgiving i lag med Chad, Dana, mor, far og tanta til Chad, Anders, Liselott og David. Veldig snilt av Chad og Dana å invitere oss! Vertane diska blandt anna opp med kalkun, pølser, skinke, bønnegrateng, søtpoteter, gratinerte poteter, fyll, saus og ostekaker til dessert. Vi åt sjølvsagt alt for mykje - maten var nydeleg! Etter lunsj gjekk vi til ein bar i nærleiken og såg Saints vinne knepent over Dallas Cowboys. Under kampen var dei lokale nyheitene innom baren og filma. Vi fekk våre knappe 5 sekund i rampelyset på nyheitene samme kveld.
mandag 22. november 2010
Dåp til Ella
Prest Erland, Kai med Ella i armane og Mette.
Søndag 21.11.2010 vart Ella døypt i Sjømannskirka her i New Orleans. Dåpsbarnet oppførte seg eksemplarisk, og var så nydeleg i dåpskjolen. Det var ei fin gudstjeneste med jazzmusikk. På videoen (med dårleg lyd) kan dykk høyre "What a wonderful world", som vart framført etter ønske frå Mette. Vidar gjorde ein god jobb med å samle musikarar til dåpen, noko som alltid vert satt pris på. Etter sermonien var det kyrkjekaffi med riskrem og blautkake. Som alltid - god mat frå husmor Lillian.
New Orleans Saints
The Superdome med The Arena (der basketlaget Hornets spelar) i bakgrunnen.
Vår første (og siste?) Saints-kamp! Det var jaggu på tide! Vi har vore her i over eit og eit halvt år, og søndag var det absolutt siste sjangs å få med seg ein kamp i The Superdome. Stadion ser ut som eit romskip på utsida og husar 70 000 mennesker når det er fotballkamp. I fjor vann Saints Superbowl, og heile arenaen vart kledd i gullplater. Ein kamp varer omtrent i tre timar. Det er mykje stopp i spelet, og i pausene er det underhaldande berre å glo på alle dei rare folka som samlast til kamp. Ein ser alt frå oppdressa Uptown-fruer i stiletthelar til harry Rednecks, og alltid mange kostymer. :) Utanfor på parkeringsplassane står det parkert enorme bobilar med TV, antenner, utedo, grill og 13 karnapp på rad og rekke. Tailgating (kan forklarast som fotballfest i gatene på stadionområdet) foregår frå tidleg morgon til seint på kveld. Må takke Anders som fiksa oss gode billetter! Vi hadde det kjempe artig!
onsdag 17. november 2010
Baby Shower
Tirsdag arrangerte Lillian, Mette, Linn og Erland baby shower for Erlend og meg. Vi hadde det så koseleg, og det var kjekt at nesten alle kunne komme. Vart rørt og litt overvelda over alle dei flotte gavene, og dei gode orda Lillian kom med då ho holdt ein liten tale. Nokre av korta klarte eg ikkje å lese høgt. Er svært så lett det er å ta til tårene for tida... Vi laga til litt mat og drikke. Lillian hadde baka kake og Linn bidrog med eit nydeleg foccacia-brød. Tusen, tusen takk til alle!! :)
søndag 14. november 2010
Brudekjole til Liselott
I går var Lillian, Mette og eg med Liselott for å sjå på brudekjola. Liselott og Anders skal gifte seg 22.april neste år. Ho har litt dårleg tid på å finne den rette kjolen, då bestillingstida kan vere opp mot fire månader! Vi var paa tre butikkar, og det staar no mellom to kjolar. Ho saag nydeleg ut i begge! Skulle saa veldig gjerne vore her i bryllaupet deira....
fredag 12. november 2010
Mamma - kan du strikke...?
onsdag 10. november 2010
Meir Skandinavisk Festival 2010
Anders, Erlend og Kai stod for vaffel-, pølse- og ølsalg.
Bakgården på Sjømannskirka.
Årets Skandinaviske Festival var svært vellykka, med nesten 2 000 mennesker innom porten for å kjøpe norsk/skandinavisk julepynt og andre produkter, og for å smake tradisjonell norsk mat og bakst. Allereie laurdag formiddag minka det på det meste. Lillian, som dreiv kjøkenet, gjorde ein fantastisk innsats i lag med resten av staben og frivillege. Det gjekk blandt anna med 20 liter vaffelrøre, nærare 1 000 krumkaker, ørten nissar og troll og ein fingertupp. Flott arrangement!
lørdag 6. november 2010
Laurdag formiddag
Dagen i dag starta med blanda følelsa. Godt nøgd med å komme meg opp kl 7 på ein laurdag morgon for å trene. God start på dagen! Erlend var også tidleg oppe for å rydde, støvsuge og vaske Porscha. Då han var heime igjen kosa vi oss med kaffi og Kvikk Lunsj. Mmmm! Har hatt inderleg lyst på akkurat den sjokoladen heile veka, og vart glad då dei fekk den inn på kirka. Erlend er litt lei seg fordi Porscha skal selgast i dag. Det er noko vemodig. Han har no henta kjøparen på flyplassen. Eg har ramma inn eit bilete av han i Porscha som eit lite minne. No er eg spent på å høyre korleis det har gått med salget.
fredag 5. november 2010
Skandinavisk Festival 2010
onsdag 3. november 2010
Voodoo Fest 2010
I helga var vi i City Park på Voodoo Festival. Det er ein stor musikkfestival med rundt 30 konsertar kvar dag, fre-søn. Kan minne om Jazz Fest som alltid går av stabelen på våren her i byen, men med eit meir rocka preg. Denne helga var det i tillegg Halloween og Saints-kamp. Fredag fekk vi med oss; Metric, Weezer og Muse. Det var ein av dei kaldaste kveldane til no, og sjølv om vi var godt kledd, så småhutra vi oss gjennom konsertane. Laurdag var forma litt redusert etter mykje ståing, frysing og lite mat dagen før. Eg frykta ein gryande forkjølelse, så vi tok det roleg tidleg på dagen. Etter graut og ein power nap var vi tilbake i parken for å høyre; Cage the Elephant, Florence and the Machine og Ozzy. Favoritten var sjølvsagt Ozzy, sjølv om eg kunne ønska meg fleire gode, gamle slagera. Positivt overraska over Florence and the Machine. I lag med Metric på fredagen, var det kjekt å sjå gode kvinnelege artistar på dei to største scenene også. Med mildare ver og meir mat i magen (supergode pannekaker med jordbær og Nutella! :)), var laurdag ein flott dag. På søndag var planen og kle seg ut, men ettersom eg vart åleine om det av gjengen som skulle på festival, så droppa eg det. For ei tid tilbake gjekk eg til innkjøp av ein muffins-kostyme med kirsebær-hatt. Det må nok med i bagasjen til Noreg. Kanskje vi skal arrangere Halloween-party neste år? Heile helga krydde det av folk i kostymer over alt i byen. Så utruleg mange kreative folk, og mindre kreative. I denne byen kan det til tider vere vanskeleg å seie om nokon har kledd seg ut, eller om dei alltid går kledd slik. Med andre var det derimot ingen tvil. Konsertane søndag var; Interpol, MGMT og My Morning Jacket. Interpol var favoritten. Midt under eine konserten kunne vi sjå ein straum av folk som bevega seg mot utgangen. Svært mange gjekk for å rekke Saints vs Pittburg Steelers. Mot slutten av siste konserten fekk også vi nok festival, og kjaure på Bull Dog for å få med oss siste del av Saints-kampen. Det enda med siger, heldigvis, etter nokre veldig variable kampar siste tida. Who dat! Og godt å sjå Aafk slå Brann tidlegare på dagen.
lørdag 30. oktober 2010
Og litt til til jenta vår....
På torsdag var eg å handla mammakle i lag med Linn. Ho er gift med presten på Sjømannskirka, som heiter Erland. Veldig trivelege folk. Dei har to søte ungar, Stella og Markus, og ventar den tredje i januar (ein gut). Kjekt å ha nokon og handle i lag med. Eg fann meg eit par jeans (heldigvis) takka vere Linn som leita bedre enn butikdama, fire gensarar og ein kjole. Godt nøgd, då det er stadig mindre av klea mine som passar for tida. Før vi betalte såg vi på babykle og div anna, og då kom eg over kanina og tøflene på biletet. Eg klarte ikkje å la dei ligge igjen, dei var så søte. Håper kanina blir ein favoritt... :)
onsdag 27. oktober 2010
Første innkjøp til den lille.
Bilete til barnerommet.
Kle til tulla vår.
I går stakk eg og Erlend innom ein barnebutikk på Magazine St og kika litt på barnekle. Vi har ikkje handla noko særleg fram til no. Eg har hatt kontrollen på mandag denne veka som milepæl. No som vi veit kjønn er det enklare å vete kva kle og fargar vi kan handle inn. Så då måtte eg berre kjøpe litt. Har vore innom butikken tidlegare, og har lenge sett meg ut nokre bilete til barnerommet. Og så måtte eg berre ha eit par body'ar og ein søt nattdress. Størrelsar og logikk som lange mot korte ermar på vinter/sommar og slikt har eg ikkje tenkt på. Det får kome med erfaring etterkvart... :)
tirsdag 26. oktober 2010
Erlend klar for Noreg!
Tidlegare i dag kjøpte eg skjerf og hue til Erlend slik han kan vere kledd for heimreisa i desember. Flott du vart! :)