tirsdag 13. april 2010

Festival, Uno og sump-tur

Det er siste kvelden vi har besøk av Silje og Kåre. I morgon set dei seg på flyet og reiser heim til Sunnmøre. Vemodig. Det har vore veldig kjekt med besøk, og dei åtte dagane dei har vore her har floge avgårde. Men vi er veldig glade for at det klaffa slik dei kunne komme, og at det har gått så bra med Jakobsen som har vore heime med besteforeldra. Dei siste dagane har vi vore på French Quarter Festival, køyretur til Lower 9th Ward og sett på spesielle hus som har blitt satt opp etter Katrina, sump-tur i Lafitte Park (såg fire aligatorar, to slangar og ein frosk), shopping (12 par sko og ein plenklippar i bagasjen - skal tru om det vert overlast?), ete god mat, drukke fleire Frappuccionar og spelt Uno. Under eit av Uno-slaga kom det fram at familien Farstad ikkje er så gode å teikne. Det oransje biletet ovanfor er Silje og Erlend sine forsøk på å teikne ein katt. Erlend (27 år) står for pusen til venstre, Silje er ansvarleg for dei to skissene til høgre.

I dag har vi vore på kjøpesenteret Lakeside heile formiddagen. Etterpå stakk vi innom Sjømannskirka og åt vafler. Så var vi og handla og no held Erlend på å fyrer opp grillen. Vi er skrubbsvoltne og gler oss til grillmat!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar