lørdag 10. april 2010

Meir crawfish!

Meir crawfish! Liselott og Anders har også familie på besøk, og i dag har dei invitert oss på crawfish boil. Chad, ein kompis av dei, stod for kokinga. Vi hadde det så hyggeleg, og det var kjekt å helse på familiane deira. Etter ein frapuccino på Starbucks til dessert, møttast vi alle igjen på Bulldog. Silje og Kåre gjekk heim før oss. På stovegolvet fann dei ein kakerlakk... Dei fekk fanga den under ei boks, oppå eit skjerebrett, for så å kaste den utfor balkongen. Både kakerlakken og skjerebrettet small i bakken sju etasjer under. Vi skal vere glade for at nattevakta vår ikkje gjekk runde og fekk det i hovudet! Då hadde han sikkert saksøkt. I dag tidleg rett etter eg vakna haure eg Kåre seie til Silje; "ingen kakerlakkar"! Sjekk under senga, oppi kofferten og bak do... ;) Usj!

No har vi akkurat kosa oss med is og kaffi, etter å ha tilbragt heile dagen på konsertar nede i French Quarter (siste dag av French Quarter Fest). For ein flott dag! Sol, liten bris, ikkje for varmt, og fin musikk. Det er berre nydeleg her denne tida av året; grøne tre, blomster, sol, passe temperatur. Men folkemengdene nede i byen i dag, ga oss litt svettetokter.

I morgon skal vi på tur i sumpen, ein tur nedom Lower 9th Ward (Katrina forårsaka store øydeleggingar der, og no er der mange spesielle hus som har blitt gjenbygd) og på sko-shopping til Silje og Kåre. Vi har forresten bestilt Google Nexus One mobiltelefon til Silje, Kåre og meg, og dei skal komme med FedEx i morgon. Erlend har nettopp kjøpt ein slik telefon til seg sjølv, så no har vi alle like mobilar. Og nye, fine solbriller... :) Den lignar på IPhone, med slik touch-skjerm, men meir veit eg ikkje. Sikkert for avansert til at eg klarer skrive meldingar... ;) Håpar at alle der heime har hatt ei fin helg!

1 kommentar:

  1. jeg så den første kakkelakken i min leilighet også idag...på badet i det jeg steg ut av dusjen..den fikk jeg ikke fanget og kastet fra balkongen ;-)

    SvarSlett