mandag 15. februar 2010

Søndag 14.feb - Crawfish party med Liselott og Anders

Liselott og Anders inviterte på Mardi Gras- og crawfish-fest (Crawfish = ein slags liten kreps). På biletet nedanfor er David, Liselott og Chad i full sving med å koke herlegheita. Chad er sjefskokken, og han ramsa opp følgande som går i gryta; crawfish (sjølvsagt), pølse, sopp, maiskolber, poteter, kvitløk, og sitron (fordi det ser så lekkert ut) og masse super-sterk-cajun-kryddermix. Han kokte opp to gryter; nr.1 for skandinavane/the foreign people ("mild"), og nr.2 for Lousianna-folket/locals (hot!). Det smakte så utruleg godt!


Crawfish - gryte nr 1

Joar og eg klarer ikkje å vente! Nam!

Maten er servert - ver så god; dig in!
Fornøgde fjes :)


2 kommentarer:

  1. Såg steike gøtt ut....Kan du høyre me ho Liselott om dei he resta...? :)

    SvarSlett
  2. Skal høyre om mej ikkje kan koke ei ny gryte når du kjem heim! :) Det er visst tidleg i Crawfish-sesongen enda, so du rekk det nok.

    SvarSlett