tirsdag 30. juni 2009

Ikkje for alle likt!

Som ein ser, så kosar Linda og Lillian seg i New York. Godt er det, men det er fortsatt nokon som ikkje kan ta ferie heilt enda. Så eg kan vel fortelja korleis mine siste dagar har vore her i NOLA; Kan starte med søndag, eg og Stian Midtlid skulle på IMAX for å sjå Transformers2, men før filmen starta trengte vi ein matbit. Vi enda opp på KFC, da vi hadde vore ute dagen før og da passar det best med slik mat. Etter maten var slukt og vi skulle sette oss i bilen for å køyre til kinoen, hadde det starta å regne hundar og kattar og Jettaen ville ikkje starte! Det visar seg at startaren hadde tatt kvelden. Stian skubbar bilen i gong, og vi kjem oss på kinoen. På veg heim etter kinoen, kjem vi til eit litt stort kryss, og i det eg er midt i krysset blir det gult, eg satsar på at vi kjem oss over, men i det eg nesten er over kjem ein blitz! Jepp, ca $200 i bot vil eg tru!

I går var eg på eit verkstad for å levere bilen, det vil koste den nette sum av $600! Og sist, men ikkje minst, eg hadde ein plan om å reise til Dallas på laurdag for å kjøpe ei Porsche, men no visar det seg at den mest sannsynleg har blitt solgt til ein annan kar!

Så kan vel seie at dei siste dagane ikkje akkurat har vore topp!

Matvegen etter at Linda reiste:
Laurdag: Knekkebrød m/brunost, burger på Hard Rock.
Søndag: Knekkebrød m/brunost, kyllingburger på KFC.
Mandag: Knekkebrød m/brunost, pizza fra Reginelli's.
Tirsdag: Knekkebrød m/bruost, restar fra pizzaen i går?

2 kommentarer:

  1. Då må du fare ut til ho Carmen å klage på bilen. :)

    SvarSlett
  2. Det gidd ej rett og slett ikkje! Blir for mykje styr! :)

    SvarSlett