søndag 5. desember 2010

Newark flyplass, New York

Vi er no på Newark-flyplassen i New York og ventar på neste boarding. Erlend ser Saints-kampen for å få tida til å gå. Eg bloggar. Flyturen frå New Orleans gjekk fint. Vi har heldigvis fått Business-billettar over dammen. Frå NO til NY oppgraderte vi for eit lite tillegg i pris, og det hjelp på ein rygg som er litt låk. Det er ca 2 timar til flyet vårt til København lettar. Vi landar på Vigra i 14-tida i morgon, mandag. Det var veldig trist å reise i dag tidleg. Eg sleit med å halde tårene tilbake på veg til flyplassen, men hadde eg først starta, hadde eg nok ikkje klart å slutta. No går det bedre, og vi gler oss til å komme heim! :)

Siste dag i Nola


Lillian, Erlend og eg starta siste dag i Nola med ein stor og god frukost på Gott Gourmet; omelett, frukt, blåbærpannkaker, appelsinjuice og kaffi. Åt oss stappmette! Frukost utandørs i sola i desember vart nytt til det fulle før møtet med Sunnmørsk vinter. Etterpå vart eg med Lillian på shopping (eg var ikkje tung å be). Fekk til og med kjøpt ei julegåve som ikkje tok opp plass i kofferten. Så då var den siste handleturen på Lakeside Mall rettferdiggjort. Eg sperra USA-mobilen min på veg tilbake til byen, før vi møtte Liselott, Magnus (bror til Anders) og Camilla (gift med Magnus) og Erlend for lunsj og kaffi. Etter ein dubb, pakka vi. Då var dagen nesten gått. Vi åt middag i lag med Lillian, Anders, Liselott, Magnus og Camilla på Jaquemo's - ein spesiell restaurant der ein går gjennom kjøkenet for å komme inn i spisesalen. Det kom ikkje med på biletet, men på neonskiltet på veggen utanfor står det; "Warm beer, lousy food and poor service". Ingen av påstandane stemte. Nydeleg mat, drikke og god service; forrett og dessert på huset. Flott avslutning!

Vi kjem til å sakne New Orleans og gode venner. Vi har vore så heldige. Det har vore litt av ei oppleving. Takk til alle dykk som har vore med på å gjere livet vårt i Nola så fint. Men no skal vi starte på eit nytt kapittel, og vi gler oss til det.

fredag 3. desember 2010

Jul på Fulton Street



Kvart aar i desember vert Fulton St stengt av for aa lage ei julegaagate i delar av den. I kveld var det live musikk paa scena, salg av harry juleartiklar, biletetaking med nissen osv. I lobbyen paa eit av hotella langs gata stod eit Super Dome "pepparkakehus". Vi maatte sjolvsagt ta eit bilete med nissefar.

God jul fraa Lillian og meg! :)

Fin fredag (så langt)!

Nest siste dag i Nola... Det er nydeleg haustver her, så vi besøkte dyra i Audoboun Zoo. Favorittdyr; giraffane. Etterpå åt vi ein god lunsj. Sidan Erlend insisterte på å kjøpe is og cappuccino på Sucre, så vart eg med på det for å glede han. Det er uvandt og deilig på samme tid å ete is i sola i starten av desember (utan termodress og stråleovn). Til kvelden skal Erlend ha ein siste kveld med karame. Eg og Lillian skal ut å ete middag. Og kanskje, sidan det er nest siste kveld i byen, skal eg halde meg våken til over klokka 22. Kanskje høyre litt musikk på Frenchman? Sukk!

Pynte til jul?

Less is more? Slik skal vi også dekorere til neste år... Eller kanskje ikkje? :)

Pink scooter

I går kveld kom Lindsay og Daniel på besøk til byen. Dei har begge budd her tidlegare, då dei jobba med å bygge hus for Habitat for Humanity. Det var kjekt å sjå dei igjen. Vi var innom eit arrangemang, noko med Pepsi og scootera. Lillian, som elskar rosa, skulle utan tvil hatt denne.

torsdag 2. desember 2010

Ettermiddagskos!

Medan Erlend er på fagmesse, har eg vore på Belladonna Day Spa og hatt masasje. 50 min med total avslapning. Herleg! Men for eg kunne faa bestille time, maatte eg sjolvsagt ha ein lapp fraa legen som sa at det var greit at kunne ha masasje. Pga forsikring. Det er USA. Men det var verdt styret. Etterpaa kosa eg meg paa balkongen til Liselott og Anders med eit blad, ein kopp te, julekake og mandarin. God ettermiddag! :)

onsdag 1. desember 2010

Avskjedsgåve

Denne koselege godnattboka fekk vi frå Liselott og Anders. I den seier vi god natt til alt som er typisk Nola. Nydeleg! Tusen takk!

Avskjedsgåve

Vi må også takke så mykje til Lillian, Mette, Kai og Ella for dette flotte veggteppet av ein trompetist i French Quarter. Fine minner å ta med heim til Norge.