søndag 31. januar 2010

Koseleg søndag

Mudbugs (med seks utespelera) 5 - Oransj-lag (10 utespelera) 1. Spelte kamp på damelaget i dag. På veg til kamp klarte eg og køyre meg litt vill. Kampen vår vart flytta til eit spelefelt som eg ikkje har vore på før. Eg var på rett veg, men så ville GPS'en ha meg i andre retninga og når vegen framfor meg var stengt for trafikk etter ei lita bru, så tenkte eg at det var logisk. Det var det ikkje. Etter at eg innsåg at eg var heilt på villspor, og etter å ha spurt ein fyllik om vegen tilbake (noko som ikkje var særleg til hjelp, då han ikkje var heilt sikker på kor han sjølv befann seg), og etter litt veiledning på mobilen så kom eg berre 10 min for seint til kampen. Vi hadde for lite spelera, men vann enkelt over eit lite godt lag i oransje drakter som eg ikkje huska namnet på. Resten av dagen har gått med til middag med Lillian, kaffi med Mette, henting av Liselott på flyplassen og kino. Vi såg Invictus (bra film) på Prytania Theatre; ein utruleg koseleg kino med berre ein sal utført i gammal stil. Introen til alle filmane startar med ei fin lita vise; "Let's all go to the lobby, let's all go to the lobby, let's all go to the lobby to get ourselves a treat".
Sjå bilde;

lørdag 30. januar 2010

VW

Kom over dette herlege bilde på ein blogg er var innom (http://frecklednest.blogspot.com/) og måtte berre ha det på bloggen min. Draumen er å køyre Highway1 med ein folkevognsbuss. Men Erlend er ikkje heilt med på den ideén. Enda.... ;) Skal snart på kirka å ete graut, so er det fotballkamp og etter det må eg forte meg heim for å komme meg ned til byen til Krewe du Vieux-paraden i kveld. Trur det blir arig! Ha en fin laurdag :)


fredag 29. januar 2010

Salvation Studio


Lillian og eg har meldt oss inn i Salvation Studio. Det høyres ut som, eg veit ikkje heilt... Ei sekt? Salvation... Jaja, men det er eit treningsstudio. Typisk amerikansk og utstyre oss med ein "information package" med mykje papir og meir eller mindre (u)nyttig informasjon. I går var eg på første timen; BodyCombat - boksing og sparking - kjempegøy! Ikkje like artig og vakne opp i dag tidleg og kjenne at kroppen protestera på slik behandling. Lenge sidan sist eg hadde anna form for trening enn jogging og fotball. Neste veke skal vi på BodyPump og løfte vekter = meir gongesperre... Men det blir bedre. Snart, håper eg! :) Onsdag spelte vi kamp og denne gong tapte vi berre med eit mål! Godt fornøgd med ikkje å tape 0-7 igjen, men samtidig litt surt (er ein dårleg taper) for vi skulle ha vunne...

Erlend ringte i går! Han veit i slutten av veka om han kjem heim snart eller om han blir i Brasil enda lengre. Det er avhenging av når båtane kjem inn til kai. Eg håper sjølvsagt at han snart skal komme heim, men vi får sjå. Så kjekt om han hadde komt att til siste helga før Mardi Gras (tirsdag 16.feb)!

I morgon går den første paraden under karnevalsesongen av stabelen nede i Bourbon Street. Det er den einaste paraden som er åpen for alle som ikkje har råd eller av anna grunn ikkje har plass i dei andre offisielle flåtene. Denne er visst meir av den tvilsomme sorten med alt som er politisk ukorrekt som tema. Samtidig seier folk at det er denne som er den mest morosame. Skal prøve å få lagt ut nokre bilder i løpet av helga. God helg til alle dykk der heime!! :)

tirsdag 26. januar 2010

Sushi på Kyoto

Eg har lite nytt og melde etter den o store dagen søndag. I går var vi litt sletne etter å ha feira at The Saints kom seg til Super Bowl. Eg og Lillian gjekk ein lang tur på Magazine Street og kika litt i butikkar og åt taco på Juan's Flying Burrito (alltid godt), før vi for på kino; Up in the air, som var artig. I dag har eg rydda og vaska - det trengtes! Har også jogga i parken i lag med Liselott og Lillian. Kjem akkurat heim frå sushi-middag med Lillian. I morgon skal eg kanskje jobbe som frivillig for Habitat. Det er ein organisasjon som bygg opp igjen hus etter Kathrina. Skal legge tak.... Ja, ja, det kan bli ei utfordring! :)

mandag 25. januar 2010

Kristine sine papir!

Mi gode venninne Kristine er ei kreativ snelle frå Bergen som likar å fotografere og lage kort. Ho har eit hobbyrom til misunnelse. Ho er alltid behjelpeleg og til inspirasjon for sånne litt mindre kreative sjeler som meg sjølv. Vi vart kjent då vi gjekk på høgskulen i Ålesund, og haldt kontakta etter at ho flytta tilbake til mannen sin, Sveinung, og pus på Mundheim utanfor Bergen. Eg set stor pris på vennskapet vårt. Snufs! Uff, no vart eg så sentimental her. Til poenget; ho har ein fin blogg; http://kristineskort.blogspot.com/. Sjekk den ut! Ho har ein blog candy pågåande, og premien er ein bunke med nokre lekre ark som ho har designa sjølv! Eg er så imponert. Papira blir å få kjøpt i hobbybutikkar framover. Eg har meldt meg på i håp om å bli den heldige uttrekte, sjølv om eg i kveld fekk ein e-post frå Kristine der ho fortel at ho sender meg ein pakke med papira hennar og anna digg. Tusen takk! :)

Super Bowl, baby!! :)


New Orleans Saints vann i går over Minnesota Vikings og er for første gong i historia i Super Bowl. Det var litt av ein opplevelse!! Første gongen eg såg ein heil kamp med amerikansk fotball fenga det ikkje noko særleg, det var eigentleg frykteleg kjedeleg. Det har endra seg. Etter å ha lært grunnleggande reglar og komt inn i kamprituala (veldig mykje high five og roping), er vi frelst. Kampen var nervepirrande frå start til slutt! Stillinga var 28-28 og the Saints avgjorde først på overtid med eit field goal, og det enda 31-28 til Saints. Medan kampen pågjekk var det nesten folketomt i gatene. Då det var klart at Saints hadde vunne, eksploderte det. Heile byen kokte, og det frå kvart eit hus velta det ut med jublande fans. Lillian, Joar og eg tok sykkelen til Joar og kom oss heldigvis heilskinna down town for å sjå på folkelivet. Det var heilt kaos nede i byen; trafikken stod stille, alle tuta, hang ut av bilvindauga og sang; Who dat, who dat, who dat say dem gonna beat dem Saints! Då vi kom oss ned til Bourbon St var det pakka med folk i gatene. Vi måtte brøyte oss fram. Galskap! Tenk om Saints vinn Super Bowl!? :)

lørdag 23. januar 2010

Best of the Beat på House of Blues

Eg har akkurat komt att frå lunsj med Lillian og Liselott. Tidlegare i dag spelte eg kamp, som vi vann 5-4. Eg skåra mitt første mål! :) I går kveld var det prisutdeling til musikera frå Lousianna arrangert av magasinet "OffBeat"; Best of the Beat. Det var mykje god mat, bra musikk og lokalet er veldig spesielt i seg sjølv. På biletet er det bandet MyNameIsJohnMichael som står på scena.


fredag 22. januar 2010

Hobbyhandel

Michael's er ein hobbybutikk her i New Orleans som har alt ein treng til det meste ein vil lage. Sjå kor mykje eg fekk for under 600 kr; papir, stempel og fire farger stempelputer, pynteband og sløyfer, blomster, Dymo-merkemaskin med band, limdotter og tosidig tape, pynteklips, ringer og litt div klistermerker ol! Får mykje meir for pengane her enn heime. Gler meg til å prøve meg på litt scrapbooking og kortlaging no når eg har litt meir dill.


På veg heim stakk eg innom eit Lakeside kjøpesenter og kjøpte denne skjorta til Erlend på Abercrombie&Fitch. Der har dei gode kvardagskle i utruleg mjuk bomull. Eg hadde 25$ til gode, og når skjorta i tillegg var på salg so er eg godt nøgd med kjøpet. Håper den fell i smak...




torsdag 21. januar 2010

Oppdatering Reisande Mac

I dag har eg for det meste jobba og ordna litt i leilegheita. Men måtte ta nokre avbrekk for å nyte det flotte veret; 26 grader, sol og ein fin bris. Tok lunsj og ettermiddagskaffien (legg merke til Erlend si lekre Porsche-krus....:) på balkongen. Erlend ringte tidlegare i dag. Det gjenstår veldig mykje som må gjerast på båten han tek service på, så han blir nok i Brasil i ca ein månad. Eg kunne ønske han kunne komme heim tidlegare, men ikkje noko å gjere med det. Litt kjedelig at han går glipp av Mardi Gras her i New Orleans, men til gjengjeld så får han kanskje med seg karnevalet i Rio i staden. Ikkje dårleg det! I starten av april får vi besøk av Silje og Kåre og mot slutten kjem Kristin, Trond og Jo. Erlend vil ta seg nokre fridagar når dei kjem, slik vi får vere i lag alle saman - torsdag og fredag begge vekene med besøk. Vi gler oss (sjølv om det er litt lenge til enno)!

Då eg handla i går, kjøpte eg dette bladet. Her finn eg oversikt over alle paradane og all info eg ellers måtte trenge til Mardi Gras. Dei to siste helgane av Carneval står igjen, og det er då det meste skjer. "Throw me something, mister!"- skal ein skrike til paradane, og er ein heldig får ein perlekjeder og andre souvenirer kasta frå flåtene. Eit av laga (kalla Krewe), Zulu trur eg dei heiter, har måla kokosneter som kjenneteikn. Håper dei ikkje kastar dei... :)



onsdag 20. januar 2010

Bamsemums og Ugly Dolls

Eg har fått dilla på Izze; fruktjuice med kolsyre. Den kjem i mange ulike smaka, favoritten er eple. Kanskje eg kan inkludere det som ein av 5 om dagen? :) Etter lunsj på kirka i dag, handla eg på Whole Foods, og det vart salat frå ferskvaredisken deira til middag. Til dessert så gjekk det med dei tre siste bamsemumsane. Sorry, Erlend! Klarte berre ikkje å motstå lengre. Kunne høyre bamsane rope navnet mitt frå kjøleskapet... Du må høyre om ikkje Silje og Kåre kan ta med ein pakke til deg. Fekk frykteleg lyst på kanelbollar med vaniljekrem i går. Kanskje Silje og Kåre kunne tatt med to pakkar med vaniljekrem (Tine) til oss også? :) Dei har ikkje vaniljekrem som smakar vanilje her borte, i følge husmor Lillian. Syntetisk vaniljekrem på boks - æsj!

På veg til butikken stoppa eg innom ein butikk eg har vore litt nyskjerrig på, for å titte litt. Dei hadde nokre kule bilete, og so kom eg over desse to; Sailor Babo og Ox (Pretty Ugly Dolls). Tenkte først å kjøpe dei for å ha liggande som gåver til smårollinga, men trur kanskje eg vil ha dei sjølv! Synest dei var so herlege... Men kanskje eg kan gi bort ei av dei til ein liten spesiell ein? :)
Har snakka so vidt med Erlend på mob for litt sidan. Han har det berre bra, med unntak av eit straumbrudd i går kveld som gjorde rommet han bodde på frykteleg varmt. Sytepave? ;) Han ringer i morgon. Kjem oppdatering på korleis reisande Mac har det då. I kveld er det fotballkamp, og vi kjem til å sakne Erlend. Fleire av karane som jobbar for Kongsberg er ute på oppdrag og, så vi har manko på folk. Men vi har heldigvis klart å samla ein gjeng på 8-12 personar likevel, so no blir det spanande å sjå om vi gjer det bedre enn det knepne 0-7 tapet sist onsdag... :)

tirsdag 19. januar 2010

Dagen i dag - super! :)

I dag starta eg dagen med å jobbe litt, før eg hadde husverten innom på lynvisitt for å sjå kva som må gjerast av småreparasjonar. Han var veldig hyggeleg og kunne fortelle at han og kona kjøpte leilegheita for å ha ein plass og bu når ungane blir vaksne og flyttar ut av huset dei no bur i. I mellomtida leiger dei ut. Han lovte og komme tilbake seinare i veka i lag med ein som skal fuge opp igjen dusjane våre og fikse litt andre småting. Eg møtte så Lillian på Café Rani for å ete lunsj. Det som skulle ver ein liten lunsj vart til kaffi og is på Sucré og litt titting i butikkar og. Fann kvar sine fine t-skjorter. Det var så nydeleg ver og vi storkosa oss i sola.





Etter lunsj vart eg med Lillian for å gjere nokre ærend. På veg til Lowes for å handle støvsugar og Plumbo til Sjømannskirka, passerte vi dette huset. Om ikkje så lenge er det Mardi Gras i New Orleans; eit karneval som startar allereie 6.januar og som varer i over ein månad. Det heile toppar seg dei to siste helgene før det endar på Fat Tuesday som i år er 16.februar. Under karnevalsperioden går det fleire parader med ulike lag/flåter (Krewes) som kler seg ut etter kvar sine tema gjennom dei største gatene i byen. Det blir kasta perlekjeder og andre souvenira frå flåtene til tilskuarane som står lags vegane. Eg veit eigentleg ikkje heilt kva eg skal forvente meg. Alle seier at det er kaos i byen, og at mange av dei lokale legg ferien sin nettopp til delar av Mardi Gras for å komme seg vekk frå galskapen... Det blir nok litt av ein opplevelse! Fargane som representerer Mardi Gras i New Orleans er gull, lilla og grøn. Kvar farge symbolierer noko, som eg ikkje huksar i farta. Ei kake som alltid vert servert under Mardi Gras må vi smake; King Cake. Reknar med at vi kjem til å sjå fullt med liknande dekorerte hus etter som vi nærmar oss høgtida for parader og festar under Mardi Gras. Håper for Erlend at han er tilbake frå Brasil slik han og kan få det med seg.



Vi avslutta dagen med å hente sykkelen min som var ferdig reparert med ny keie og bjelle, før vi stakk innom nokre butikkar og handla litt klede som vi "berre måtte ha". Her er bilde av meg etter vi henta sykkelen + "dagens fangst"; blomster til leilegheita, kjole, bluse, cardigan og t-skjorte til meg. :)

mandag 18. januar 2010

Besøk! :)

Erlend reiste til Brasil i går. I dag tidleg fekk eg melding om at han har landa i Rio og at flyturen gjekk bra. Han kunne også fortelle at Silje (eine søstra til Erlend) og Kåre (mann til Silje), har bestilt seg tur til New Orleans i april! I tillegg ventar vi Kristin (andre søstra til Erlend), Trond (sambuar til Kristin) og Jo (kompis) på besøk i månadsskiftet april-mai. So no ventar vi berre på at Stian (bror min), skal bekrefte ankomst NOLA i sommar, slik at vi får alle søskena våre på besøk medan vi bor her. Vi gler oss KJEMPEmasse til dykk kjem!! :)

Ein herleg vårdag!

I dag har det vore nydeleg ver! Litt kaldt i lufta enno, men godt og varmt i sola. Starta dagen med ein tur i parken i lag med Lillian. Deretter var ho so snill og svippa meg og sykkelen min ned til ein sykkelreparatør i andre enden av byen. Sykkelreparatøren lurte litt på kvifor eg ikkje hadde komt inn med sykkelen før kjeia sleit i to (eg har vore lat), men no er det i alle fall gjort, og eg får hente den allereie i morgon. Skal ta bedre vare på den fine, kjære sykkelen min frå no av. Eg kjøpte meg ei ny sykkelbjelle; "I love my bike", for den gamle var rusta og fæl. Lillian fekk ei og, som takk for skyssen. Før vi for heim tok vi ein kaffi i ein park like ved. Fann ein bitte liten benk og kosa oss i sola. På vegen heim stakk eg innom Liselott. Ho og Anders er travelt opptatt med vasking og flytting. Dei har kjøpt seg eit flott hus ikkje langt frå oss, som dei tok over på fredag. Vi bar inn siste flyttelasset, og tok ein joggetur i nabolaget. Godt med mykje frisk luft og sol - ein fin dag, som enno ikkje er over. På bildet står ein glad huseigar i trappa. :)

søndag 17. januar 2010

På tide og oppdatere bloggen!


Vi er no tilbake i New Orleans etter ein finfin juleferie heime i Noreg. Kaldt og mykje snø gav ei fin ramme rundt jula og julestemninga kom med første snøen veka før jul. Det var så kjekt å sjå alle igjen. Vi er så heldige og komme til dekka bord både heime på Flem og på Lepsøy. Det vart tid til familieselskap, dansar, bryllaup (Silje+Kåre=sant) og hytteturar. Takk for ei fin jul, alle dykk der heime! Erlend var tilbake i NO mandag 4. Eg vart sjuk og måtte utsette reisa til mandagen etter. Dei to første dagane etter eg kom tilbake gjekk med til jobbing for å rekke fristen til årsavslutninga. Eg vart heldigvis ferdig i tide og no ligg eg godt an. Torsdag kom Lillian på besøk og vi laga lasagne med torsk; Codsagna! :) Det smakte utruleg godt. Skal absolutt lage det fleire gongar. Etter middag såg vi "Jenta som lekte med ilden". Fredag var vi på besøk med Liselott og Anders i det nye huset deira. Dei tok over huset fredag og vi måtte sjølsagt innom for ei omvisning. Dei har fått seg eit fint, stort hus, berre i gåavstand frå oss. Laurdag var det klart for Saints-kamp på Lucy's. Dei vann suverent! Neste helg blir det avgjort om dei kjem seg til Super Bowl! Klarer dei det, kjem heile byen til å stå på hovudet. Vi gler oss til kamp, det blir spennande! I dag har eg og Erlend spelt kampar for laga våre. Vi vann 6-5, trur ikkje det gjekk like bra for Erlend, men det var berre ein treningskamp. Veldig artig å spele fotball igjen. Erlend har akkurat sagt hadet og tatt taxi på flyplassen. Han reiser til Brasil i kveld og blir borte alt frå 2-4 veker. Trur han. Håpar det ikkje blir så lenge. Vi får sjå. Gler meg til han kjem tilbake. :)

Erlend og Lillian skåler for ein god middag! Lasagne med torsk - nam!