fredag 30. april 2010

DesignerVikar hos Sukkersøtt

Mi gode venninne Kristine spurte meg for ei tid tilbake om eg kunne tenkte meg å lage eit kort til månadens utfordring hos Sukkersøtt. Holy macaroni! Vil starte med å gjere det heilt klart for alle at eg er nybegynner. Men det var kjekt at ho spurte, så eg ville gjere eit forsøk. Sidan bestevenninna mi heime på Flem snart fyller år, så laga eg eit bursdagskort til ho etter denne skissa;


Her er bilete av kortet eg laga;

Papir og klistermerke frå Recollections og BasicGrey (Offbeat) kjøpt på Michael's. Prikka papir frå handlepose. Rund serviett med brun S, brunt sløyfeband frå favoritt is-butikk i New Orleans, Sucre. Gjenbruk er fint! :) Distress Ink vintage. Og stor takk til Kristine for redigering av bilete! ;)

mandag 26. april 2010

På tide med ei lita oppdatering!

Eg har ikkje blogga sidan Silje og Kåre var her på besøk for snart to veker sidan, så tenkte det var på tide med eit lite innlegg. Den berømte askeskya forlenga heimreisa til Silje og Kåre med eit døgn, og bagasjen kom sjølvsagt ikkje fram før etter dei var heime på Åsesletta. Dei kom seg til København, og derifrå gjekk turen vidare med båt, tog og buss. Etter at dei fekk bagasjen med alle amerika-gåvene, så fortalte Silje at Jakob vart veldig glad for John Deer grasklipparen og den blå Porscha. No seier han at alt er enten kjøpt på Moa eller i Amerika. Vi må sende nokre gratulasjonar heim til Jakob og Jan som fyllte år forrige helg. Og til mamma som fylte 6.april. Skulle så gjerne ha vore med på feiringane!

Etter at vi var att åleine her, så har tida mest gått med til jobbing og fint lite anna. Har slappa av og nytt det fine veret vi har hatt den siste tida. Sol og varmt, men ikkje for varmt. Kan berre håpe at det held seg slik ei stund før den værste varmen og fuktigheita sett inn (som Sunnmøring berre må eg skrive om veret..). Laurdag var vi på Jazz Fest og haure på Simon&Garfunkle og eit band eg ikkje har haurt om før; My Morning Jacket. Det var meldt tordenver og regn. Det kom eit par dråpar, så eg leita fram regnponchoen, men det vart med det, og då S&G entra scena, kom også sola. Kjekt å høyre gamle slagera som "Mrs Robinson" osv, sjølv om eine av gamlingen sleit med sår hals. Det andre bandet var også bra. Og litt snodig. Neste helg er det duka for Pearl Jam konsert. Eg gler meg som berre juling! Skal gå til innkjøp av støvlar einaste. Det er meldt regn og då blir der litt av eit gjørmebad. Såg fleire som berre ga opp då dei vart setande fast i gjørma, forlot slippersane sine, og tassa vidare barbeint. Like greit. :)

På onsdag kveld skal vi hente Kristin, Trond og Jo, som forhåpentleg kjem seg over dammen utan askeproblemer. Dei skal vere her i ca ei veke. Gler oss! Det som ikkje er fullt så kjekt, er at besøket deira er tima med at vaskemaskina vår har lekt vatn utover golvet på gjesterommet. Det hadde ikkje vore noko problem, for reparatøren var her i dag og fann årsaka til lekasjen; ein quarter i pumpa (Kåre - veit du om nokon som alltid har lommene fulle med mynt? ;) Men når ein plasserer vaskemaskina i eit skap på eit soverom med vegg-til-vegg-teppe, så er det ikkje berre å moppe over golvet. Cajun-solutions... Håpar berre at det tørkar opp snart, så vi er klare for innrykk igjen!

På Jazz Fest; klar for alle eventualitetar - sol eller regn. Og med ein Mango-freeze blir alt bra. Mmm! :)

tirsdag 13. april 2010

Festival, Uno og sump-tur

Det er siste kvelden vi har besøk av Silje og Kåre. I morgon set dei seg på flyet og reiser heim til Sunnmøre. Vemodig. Det har vore veldig kjekt med besøk, og dei åtte dagane dei har vore her har floge avgårde. Men vi er veldig glade for at det klaffa slik dei kunne komme, og at det har gått så bra med Jakobsen som har vore heime med besteforeldra. Dei siste dagane har vi vore på French Quarter Festival, køyretur til Lower 9th Ward og sett på spesielle hus som har blitt satt opp etter Katrina, sump-tur i Lafitte Park (såg fire aligatorar, to slangar og ein frosk), shopping (12 par sko og ein plenklippar i bagasjen - skal tru om det vert overlast?), ete god mat, drukke fleire Frappuccionar og spelt Uno. Under eit av Uno-slaga kom det fram at familien Farstad ikkje er så gode å teikne. Det oransje biletet ovanfor er Silje og Erlend sine forsøk på å teikne ein katt. Erlend (27 år) står for pusen til venstre, Silje er ansvarleg for dei to skissene til høgre.

I dag har vi vore på kjøpesenteret Lakeside heile formiddagen. Etterpå stakk vi innom Sjømannskirka og åt vafler. Så var vi og handla og no held Erlend på å fyrer opp grillen. Vi er skrubbsvoltne og gler oss til grillmat!! :)

lørdag 10. april 2010

Meir crawfish!

Meir crawfish! Liselott og Anders har også familie på besøk, og i dag har dei invitert oss på crawfish boil. Chad, ein kompis av dei, stod for kokinga. Vi hadde det så hyggeleg, og det var kjekt å helse på familiane deira. Etter ein frapuccino på Starbucks til dessert, møttast vi alle igjen på Bulldog. Silje og Kåre gjekk heim før oss. På stovegolvet fann dei ein kakerlakk... Dei fekk fanga den under ei boks, oppå eit skjerebrett, for så å kaste den utfor balkongen. Både kakerlakken og skjerebrettet small i bakken sju etasjer under. Vi skal vere glade for at nattevakta vår ikkje gjekk runde og fekk det i hovudet! Då hadde han sikkert saksøkt. I dag tidleg rett etter eg vakna haure eg Kåre seie til Silje; "ingen kakerlakkar"! Sjekk under senga, oppi kofferten og bak do... ;) Usj!

No har vi akkurat kosa oss med is og kaffi, etter å ha tilbragt heile dagen på konsertar nede i French Quarter (siste dag av French Quarter Fest). For ein flott dag! Sol, liten bris, ikkje for varmt, og fin musikk. Det er berre nydeleg her denne tida av året; grøne tre, blomster, sol, passe temperatur. Men folkemengdene nede i byen i dag, ga oss litt svettetokter.

I morgon skal vi på tur i sumpen, ein tur nedom Lower 9th Ward (Katrina forårsaka store øydeleggingar der, og no er der mange spesielle hus som har blitt gjenbygd) og på sko-shopping til Silje og Kåre. Vi har forresten bestilt Google Nexus One mobiltelefon til Silje, Kåre og meg, og dei skal komme med FedEx i morgon. Erlend har nettopp kjøpt ein slik telefon til seg sjølv, så no har vi alle like mobilar. Og nye, fine solbriller... :) Den lignar på IPhone, med slik touch-skjerm, men meir veit eg ikkje. Sikkert for avansert til at eg klarer skrive meldingar... ;) Håpar at alle der heime har hatt ei fin helg!

fredag 9. april 2010

Silje og Kåre på besøk

Pappa og Stian reiste på søndag. Det var litt vemodig å seie hadet, og det vart veldig stilt i leilegheita etterpå. Då var det veldig kjekt å kunne hente Silje og Kåre på flyplassen tirsdag ved midnatt. Vi har rusla på Magazine St, høyrt på musikk på Lafayette Square, vore på shoppingtur og ete mykje god mat. Denne helga er det French Quarter Fest - gratis musikkfestival i French Quarter - og der har vi rusla rundt, høyrt på musikk, ete crawfish (minikreps) og beignets med kafé olé til på Cafe du Monde. Vi har akkurat komt att frå ein sein middag på Coté Sud, ein liten, koseleg fransk restaurant. Er så mett! Og trøtt! God helg til alle heime! :)

fredag 2. april 2010

Oppdatering!

Tenkte det var på tide med ei oppdatering. Spesielt for deg, mamma! Onsdag, etter konsertane på Lafayette Square, var vi på basketballkamp. Stian fekk ta bilete i lag med to av heiajentene til New Orleans Hornets før kampen. Erlend er misunneleg, sjølv om han hardnakka påstend at han ikkje bryr seg!:) Kampen enda med eit knepent tap for Hornets mot Washington Wizards.

I går var planen å køyre til Lower 9th Ward. Dette området av byen vart hardt ramma under Katrina og mange mista heimane sine. Fleire organisasjonar er innvolvert i gjenoppbygging av hus der. Bla Brad Pitt har donert mykje peng til å bygge opp igjen nokre spesielle hus; bygd på høge pålar, asymetriske, solcellepanel på taka og nokre er konstruert for å løsne frå pålane og flyte som husbåter dersom det skulle komme ein ny flom. Men vi kom oss ikkje lengre enn til bensinstasjonen, før Jetta'en streika. Resten av formiddagen gjekk med til å kjøpe nytt batteri og montering. Jetta'en går no heldigvis som ei klokke. Etterpå vart det ein køyretur opp til innsjøen for å ete lunsj, eller middag heller, og is til dessert på Sucré (sjølvsagt!). Deretter såg vi på verktøy og kjøpte grill på Home Depot. Vi stakk også innom Urban Outfitters og shoppa litt klede, men torde ikkje vere der for lenge pga stakkars pappa som heldt på å få fnatt. På veg heim plukka vi opp film nr tre i Stieg Larsson triologien. Pappa såg film og vi stakk innom Joar og Andreas som hadde innflytningsfest.

I dag kom vi oss til 9th Ward, og der har vore stor utvikling sidan sist vi var der. Mange hus har komt opp og folk har fått flytta inn. Deretter kjaure pappa, Stian og eg på Lakeview Shopping Center. Vi skulle finne ein krem til mamma, men dei hadde den dessverre ikkje. Eg må nok bestille på nett. Pappa kjøpte seg t-skjorte og skjorter (håper du likar dei, mamma! ;)) på første butikken vi kom inn i. Eg og Stian kika litt meir i andre butikkar. Er imponert over at pappa heldt ut så lenge som han gjorde. Trur han har vore meir i klesbutikkar på denne ferien enn han har til saman på dei siste 20 åra... :) Som premie fekk han softis. Tidlegare i veka har vi vore på WalMart og handla billege sko - sjå bilete av føtene våre med nye sko og sokkar. No har vi akkurat grilla. Det smakte!

I morgon er det siste dagen til Stian og pappa her i New Orleans. Er så glad for at dei kom over dammen og besøkte oss. Blir litt vemodig å seie hadet på søndag. Tida har gått så fort. Men først skal vi ha ein fin laurdag i lag! God helg til alle dykk der heime! :)