onsdag 30. juni 2010

Bedre seint enn aldri...


Vil med dette gratulere Silje, Kaare og Jakob med eit nytt familiemedlem. Lille (Utan navn) kom til verda 25. Juli! Vi gler oss mykje til aa sjaa den nye prinsen!

mandag 28. juni 2010

Biltur til Memphis, Tennessee!

Fredag formiddag satte vi kursen for Memphis. Det er ein køyretur på ca 6,5 timar, dersom ein tek strake vegen på interstate 55 mot nord. Nokon tipsa oss om at det er meir å sjå, dersom ein tek ei anna rute som går innom nokre småbyar opp langs Mississippi-elva. Desse små byane er kjente for Blues-musikk, og ein kan få kjøpt eit kart over Blues-ruta, som den vert kalla. Sidan vi berre hadde tre dagar til turen, så bestemte vi oss for å køyre ein liten del av ruta med overnatting i Clarksdale. Det angra vi ikkje på! Vi fann eit Bed&Breakfast på nettet, Clark House, som såg fint ut. Då vi kom fram vart vi møtt av ein koseleg kar som viste oss rundt. Dei hadde ingen andre gjestar, så vi fekk heile huset for oss sjølve. For meg som er mørkeredd, var det litt skummelt og vere åleine i eit så gammalt hus. Noko Erlend sjølvsagt hadde det artig med; "Oj! Høyrte du det?! Hysj! Kva var det?!" Ha, ha.... Rommet vårt (som dei kalte "Big Daddy") var stort, høgt under taket med lysekrone og gamle massive møblar. Senga trur eg er den største eg har sett. Medan vi betalte for rommet kunne den koselege karen fortelle at det for tida var 12 nordmenn frå Notodden i byen. Clarksdale og Notodden er vennskapsbyar. I Lonely Planet-boka mi (takk for omtenksom gåve, Kjersti!) anbefalte dei å ete grilla gris på Abe's, så det gjorde vi, slik som dei lokale har gjort sidan 1924. Det var ein billeg, enkel middag servert på papptallerkenar med plastbestikk, men godt var det. Vi delte grilla bbq ribber og rive svinekjøt med bønner og hamburgerbrød til. På kvelden haure vi blues på Ground Zero, ein bar som fekk dei sletne bulene i New Orleans til å sjå nyoppussa ut. Ei dyktig, ung jente spelte gitar, ein gamal kar, som mangla nokre tenner ved namn Josh "Razorblade" Stewart, song. Seinare kom James "Super Chikan" Johnson på scena med sin heimelaga høne-gitar. Trur alle songane handla om fjørkre, og han avslutta alle songane med; somebody shoot that thing!

Laurdag var vi innom Delta Blues Museum. Det første vi såg då vi kom inn var ein vimpel frå Notodden som stod på disken. Museumet var ikkje så stort, men det var fint laga til. Artig å sjå at "Razorblade" og "Super Chikan", som vi såg på Ground Zero kvelden før, hadde fått plass i utstillinga. Etter museumsbesøket starta vi på siste etappe til Memphis, berre 1,5 time i bil. Vi for rett til Graceland for å besøke Elvis. Men først måtte vi ha påfyll, og då vart det sjølvsagt burger og milkshake i ein 50-talls diner. Vi vart bussa dei 100 meterane over vegen frå museumsbygget og opp til Graceland med høyretelefonar på hovudet i ekte amerikansk turiststil. Inne i huset fekk vi bevege oss som vi ville, og kunne stoppe og starte guiden i høyretelefonane våre som vi ville. Det er litt av eit hus - som eit museum i 70-tals stil med spygrønt rufseteppe og innendørs vassfall på stoveveggane, speil på veggar og i tak i trappa ned til kjellaren, tv-rom i gult og blått, tak trekt i fargerikt, mønstra stoff osv. Herleg! På baksida av huset ligg heile familiem Presley begravd. Vi var også innom bil- og flyutstillinga, men då var det nok Elvis på ein dag. Etter kvar utstilling vart ein geleida innom ei souvenirsjappe. Du kan tydelegvis innreie eit heilt hus med Elvis-effekta og kle deg i Elvis-kle frå topp til tå; Elvis-pute og dynetrekk, Elvis-kaffikopp, Elvis-broderi, Elvis-julekule, Elvis-truse, Elvis-slips osv. Vi nøya oss med ein kopp og postkort, og ei lita gåve til bror.

Vel innlosjert på Talbot Heirs Guesthouse (nok ei god anbefaling i Lonely Planet), vart vi tipsa av verten om ein god restaurant; Flight. Der kan ein velge ein vanleg rett, eller ein kombinasjon av tre mini-rettar. Vi valgte det siste og fekk smake tre hovudrettar kvar med vin tilpassa kvar enkel rett. Til forrett valgte Erlend tre mini-skåler med ulike supper (hummersuppa er den beste suppa eg nokon gong har smakt), eg tok hummer ravioli (også nydeleg). Dessert vart skogsbær sorbet. Fantastisk middag! Planen var så å ta turen til Beale St, a la Bourbon St i NO, for å høyre litt blues. Det gjorde vi og, men etter å ha rusla opp og ned gata nokre gonger innsåg vi at vi ikkje kom til å halde ut mykje lengre, og tok kvelden.
Søndag hadde vi frukost på senga medan vi såg VM. Etter utsjekking stod Sun Studio for tur. Dei har guida turar på musikkstudioet der blandt anna BB King, Elvis, Roy Orbison, Johnny Cash har spelt inn plater. Studioet er framleis i drift, etter å ha vore forlatt tidlegare, og ein kan leige det for 100$ timen. Eg har no stått på samme plass som Elvis stod for mange år sidan og haldt i samme mikrofon som han song i. Oj, oj! :) Vi avslutta dagen i Memphis med Civil Rights Museum. Det er bygd rundt Lorraine Motel der Martin Luther King Jr vart drept i 1968. Dei viste ein kort dokumentar om hendingane rundt drapet på King, fortalt av vitnet som stod på balkongen i lag med han då skotet fall. Etterpå fekk vi høyretelefonar, og kunne følge ein audio-guide rundt om i museet slik vi ville. Det var lærerikt.
I 17-tida starta vi på returen, og valgte strakaste veg heim. Med eit par stopp var vi heime i New Orleans i 23-tida på kvelden. Begge var einige om at det hadde vore ein flott tur! :)

5 år i Rolls-Royce!

For snart ei veke sidan fekk Erlend eit brev i posten frå Rolls-Royce avd. Nord Amerika. Det var ein diplom, og dei kunne gratulere med 5 års lojal tjeneste i bedrifta. Vi fekk oss ein god latter! :)

lørdag 19. juni 2010

Grilla østers på Atchafalaya

Grilla østers med persille og sitron
Mette, Kai, Joar, Erlend og eg åt middag på ein koseleg resturant, Atchafalaya, i går kveld. Den ligg ikkje så langt frå der vi bor, på Louisiana litt nedanfor Magazine St, og vi har lenge snakka om å gå der. Vi hadde ikkje reservasjon, så vi enda på eit bord ute (på denne tida er det ofte litt for varmt for middag utandørs, men det var heldigvis ikkje så gale i går). På fortauet bortanfor oss grilla dei østers. Det er visst eit must å ete østers medan ein er her i byen, så vi delte nokre som forrett. Eg har smakt frityrstekte med aioli tidlegare som var veldig gode, men aldri grilla. Det var godt, sjølv om konsistensen er litt "gøpplete". Rå østers derimot skal the locals få ha for seg sjølve.

fredag 18. juni 2010

Cathrine Holm skåler

Har lenge sikla etter ei fruktskål av Cathrine Holm. Vi såg eit sett med 4 stk skåler på ein nettauksjon, og bydde på dei. Vi var høgstbydande og skålene kom nokre dagar seinare i posten. Jipp! :)

torsdag 17. juni 2010

Pinkberry

Pinkberry - fossen yoghurt med bær, fruktbamsar og sjokoladebitar

mandag 14. juni 2010

Svipptur til Alabama

Sjølv om eg lova å verte flittigare med oppdateringar, har eg altså ikkje klart det. Sjerpings!

Erlend kom heim natt til mandag forrige veke. Godt å ha han heime igjen!! Denne veka har gått fort. Ei kort oppsummering; god middag på Cote Sud for å feire at Reisande Mac var heime igjen, fotball, franskkurs, jobb, grilling, filmkveldar, soling og bading. Laurdag tok vi ein køyretur til Point Clear i Alabama. Liselott og Anders skulle på ein hotell-resort for å planlegge bryllaupet sitt, som dei kanskje skal ha der neste år, og lurte på om vi ville komme og tilbringe helga i lag med dei. Vi takka ja, pakka baggen og kjaure tidleg laurdag morgon. Det var ein flott resort! Anders fiksa rom til halvpris gjennom ein bekjent. Vi bada, åt lunsj medan vi såg England berre klare uavgjort mot USA, sola oss og bada litt meir, padla kajakk, åt middag og sovna halv 11 på kvelden!Middagen var nydeleg! Eg hadde skatevingar med parmesan, asparges og krema kvitløksaus. Erlend hadde pasta med sjømat. Til dessert delte vi brownies med is. Etter det gjekk vi på rommet for å ta eit par øl. Det vart med den eine, og etter kort tid hadde vi sovna heile gjengen...

Søndag vakna vi av alarmen til Liselott, som hadde gløymt at det var helg og satt på vekkarklokka. Sjølv om vi har blitt "gamle", så var 06:45 noko tidleg... Nokre timar seinare såg vi litt fotball-VM på senga, før vi starta dagen med ein kjempegod frukostbuffet, medan Liselott og Anders spela tennis. Etterpå sjekka vi ut og kjaure over til tennisklubben. Det var også eit flott anlegg; fleire basseng, kelnera som gjekk rundt og tok i mot bestilling på bassengkanten, gratis handdukar/solsenger/parasollar, flotte garderober og ein liten kafé. Vi fekk nesten heile det eine bassenget for oss sjølve - herleg! På veg heim stakk vi innom eit outlet mall og handla litt. Kvelden avslutta vi heime på sofaen med kinamat, film og popkorn. For ei fin helg! Håper alle dykk der heime har hatt ei bra helg!

Eine bassenget på tennisklubben. Anders, Liselott og Erlend.


På veg heim....


Då vi starta på turen heim viste gradestokken 37,5 grader.

onsdag 2. juni 2010

Treme Theme Song/Intro Song

I går kveld var Lillian og eg på Bullet, ein bar i eit heller tvilsomt nabolag, og haure på Kermit Ruffins som spelar der fast kvar tirsdag. Han er ein liten mann med stor hatt og er ein dyktig trompetist. Han er med i HBO-serien Treme frå New Orleans, som går på tv her borte no. Anbefalar spesielt alle som har vore her på besøk å få med seg serien. Eg har sett nokre av dei første episodane, men sidan Erlend ikkje har fått med seg noko etter at han reiste til Falklandsøyane, så skal eg vente med å sjå resten til han kjem heim. Serien handlar om livet etter orkanen Katrina som ramma New Orleans for fem år sidan. Det vart liv i publikum i går då Kermit Ruffins spelte intro-sangen til Treme. Artig!