mandag 20. september 2010

New York

Lillian og eg har vore på tur til NY i helga. Vi har gått mykje og sett mykje, ete god mat, shoppa litt, vore på Museum of Modern Art og Guggenheim, kosa oss i Central Park og sett musikalen Chicago. Takk for ei super helg Lillian! :)

søndag 19. september 2010

onsdag 15. september 2010

Hoover Dam og The Venetian


Lake Mead - kunstig laga innsjo som tok 6 aar aa fylle etter bygginga av Hoover Dam.

Hoover Dam (kjente litt magasug daa eg kika over kanten) - Imponerande.


Colorado River og den nye brua/vegen som skal opnast i aar ein gong

I gaar gjekk vi rett ned til bassenget etter vi vaakna, og vart der nokre timar. Smoothie paa bassengkanten til frukost er ikkje aa forrakte. Ut paa ettermiddagen kjaure vi til Hoover Dam, som ligg berre 45 min unna Vegas. Vi tok ein guida tour som starta med ein introduksjonsfilm, vidare tok guiden oss ned i nokre tunnellar der vatnet vert fort i store ror, inn i rommet der generatorane er, opp paa utsiktsplattforma for aa ta bilete og til slutt kunne vi rusle rundt i utstillinga/museumet som vi ville. Vi var der siste timen for stengetid, og eg trur guiden vaar gjerne ville heim til kona si, for det gjekk unna i eit forrykande tempo. Det var fleire kommentarar a la typen; "I'll be your dam(n) tour guide", "We have no dam(n) picture policy" osv. :) Dei tok sjolvsagt bilete av alle som var med paa den guida turen, slik at den som onsker det kan faa kjope det etterpaa. Vi flira godt daa vi fekk sjaa vaart. Ein faar velge mellom 5 ulike bakgrunnar, alle med Hoover Dam, men ein med regnboge, ein med masse vatn osv. Vi likte spesielt godt eine alternativet der demninga er dekt av "verdas storste amerikanske flagg". Trur nesten vi berre maa kjope det.


Erlend paa The Venetian


Skal det vere ein romantisk gondoltur i eit shoppingsenter?

The Venetian er eit stort hotell/casino/kjopesenter med eit gjennomgaande Venezia-tema. Inne er det imponerande takmaaleri, fontener og utsmykningar. Naar ein kjem inn i butikkdelen er det bygd som ein kopi av Venezia sine gater, torg og bygningar med fortausrestaurantar, kafear og iskrembarar. I tillegg til eit mylder av butikkar, sjolvsagt. Det er smale kanalar der ein kan ta seg ein gondoltur. Dei har ein kopi av Marcusplassen. Galskap. Vi maatte berre flire naar vi gjekk rundt der. Kvifor reise til Italia? Berre ta ein handletur paa The Venetian... Men ein blir fasinert daa. Paa casinoet spelte vi rulett, men ga oss daa vi vann 100$. Ingen storgamblera. Etter aa ha leita ei stund etter Exit, fann vi heldigvis vegen ut. Eg er ingen stor fan av casion, men Erlend meinte vi maatte spele berre ei runde til, sidan vi var i vinnermodus. Saa vi tok ein taxi tilbake til hotellet vaart og gjekk inn paa casinoet i nabobygninga. Der vann vi 42$ paa rulett, og gjekk til Cashier for aa faa ut pengane. Framfor oss i koa stod ein kar som fekk utbetalt over 5 000$....

tirsdag 14. september 2010

Las Vegas


Fontene-showet framfor Bellagio Hotel paa The Strip

I gaar ettermiddag ankom vi Las Vegas (LV). Denne etappa stod i stor kontrast mot turen ute ved kysten mellom SF og LA. Innover i landet vart det meir nakent - kaktus, stein, knausar, fjell og litt orken - for LV dukkar opp ut av ingenting. Det er ein heilt merkeleg by, og ingen logisk grunn til at det skal ligge noko slikt her ute i ingenmannsland. Hovudgata er Las Vegas Blrd, kalla The Strip. Her ligg hotell, casino, eksklusive designbutikkar og vanvittinge konstruksjonar tett; alt fraa imponerande bygningar til kopiar av Eiffeltaarnet og Triumsbuen, plassert nesten oppaa kvarandre. Utanfor stripa ser byen heilt oridnaer ut. Hotellet vaart er flott! Her er saa mange hotell og stor konkurrande, saa her faar ein mykje for pengane. I gaar kveld, etter ein gourmet-buffet som ikkje stod heilt til forventningane, rusla vi rundt i omraadet. Det forste vi saag var dei flotte fontenene utanfor Bellagio. Inne paa Bellagio Casion spelte vi litt rulett. Medan vi gambla med smaapeng, kom det folk til som kasta fleire hundre dollar paa bordet og tapte dei med eit smil. Paa veg tilbake til hotellet gjekk vi gjennom eit anna hotellcasinom, men fann ikkje vegen ut igjen... :)

mandag 13. september 2010

På veg til Las Vegas. Køyrer gjennom Huttigheita.

Taket nede og vind i håret :)

LA

Shrek og Fiona paa Walk of Fame

Hollywood - skilt

Venice Beach bodybuilders

Vi har akkurat vaakna, og om nokre timar skal vi starte paa siste etappe av turen; LA til Las Vegas (LV). Har ikkje blogga saa mykje om kva vi har gjort paa her i LA, saa her kjem ei oppdatering.

Laurdag var vi innom Moods of Norway butikken og handla. Saa gjekk vi opp og ned Walk of Fame og saag paa stjernene i fortaua paa Hollywood Blvd. Det var etter at Erlend mista eine sandalen sin ned i ein sluk. Han hadde heldigvis eit par sko i bilen. Deretter snigla vi oss oppover aassida paa smale vegar for aa komme naermast mogleg Hollywood-skiltet. Vi kom heilt opp til siste husa paa toppen av lia, men der var vegen strengt. Litt trafikkaos og kjeft for at vi nesten rygga ned ein annan turist seinare fekk vi parkert og tatt det obligatoriske biletet. Dagen avslutta vi ved bassenget paa hotelltaket vaart.

I gaar var det Aafk-kamp og roomservice-frokust paa senga kl 09. Etter ein skuffande kamp, bila vi ned til Santa Monica Beach. Vi rusla ut paa piren og eit stykke langs stranda, spelte nokre spel paa ein arcade (Erlend var best i alt. Fornogd no, Erlend? :) og aat kjempegode churros (frityrsteikte stenger av vaffelrore) og softis. Oppe i omraadet der vi bor var det sol og varmt daa vi satte oss i bilen, daa vi kom ned til stranda var det tjukk skodde og klad vind. Utan ekstra klede vart det litt kjolig. Daa vi kom til Venice Beach titta sola fram og det vart litt trivlegare aa rusle rundt. Det er stor forskjell paa dei to strendene. SM er roleg, familievenleg og skikkeleg. Venice er litt slitt, ei blanding av alt slags folk og paa ingen maate stille og fredeleg. Paa den delen vi saag var der bla basketturnering (med ein kommentrator som likte aa staa ute paa bana og bruke f-ordet), konsert, Freak Show og kanskje artigast av alt eit utandors treningsstudio med bodybuildera i speedos tatt rett ut fraa 80-talet. Bak stranda gjekk vi gjennom eit koseleg boligomraadet med smaa kanalar, bruer og toffe hus med kvar sin bryggestubb for kajakkar og robaatar. Ogsaa dagen i gaar vart avslutta med eit besok paa takterrassa. LA er ein gedigen by. Vi er glad vi har leigebil, for avstandane er enorme.

lørdag 11. september 2010

OK

Takterrassa med basseng på hotellet vårt. Det er heilt greit å slappe av her etter ein dag med sightseeing... :)

Santa Barbara til LA


Bilete ovanfor er fraa Stearns Warf, ein pir i hamna i Santa Barbara (den lengste piren mellom SF og LA). Dette var utsikta vi kunne nyte medan vi aat frukosten vaar i gaar. SB er ein fin by, spesielt nede ved sjoen. Vegen gaar langs stranda og hamna med palmetre og grontarealer. Byggestilen er prega av Middelhavslanda, flotte hus, mange spanske gatenamn. Haure fleire som snakka spansk, saa ein kunne nesten tru ein var i Spania. Etter frukost tok vi oss ein liten rusletur opp State Street, som er hovudhandlegata. Det var ei triveleg gate, haldt i samme byggestil som resten av byen. Vi titta litt i butikkar, kjopte frossen yoghurtis paa Pink Berry med frukt og sjokolade paa (det er saa godt!) og ein kaffi for bilturen til LA. I 13-tida satte vi kursen for LA med taket nede og vind i haaret. Vegen snodde seg forst litt inn i landet for vi kom ut til kysten igjen og vi fulgte fleire mil med strender. Turen gjekk radig og vi susa forbi Malibu og andre smaabyar inn mot Santa Monica Beach og LA. Hotellet vaart er flott, spesielt takterrassa med basseng. Vi fekk med oss siste solstraalane paa taket etter vi sjekka inn i gaar. Der er ei sofagruppe og solsenger med mjuke madrasser og puter. Rommet vaart er stort, med soverom og stove med gasspeis og balkong. Deilig!

torsdag 9. september 2010

Pismo Beach


No har vi komt til Santa Barbara, og her skal vi overnatte. Dagen starta med eit besok paa Hearst Castle. Det er eit slott paa ei hogde over San Simeon, den lille byen som vi overnatta i. Avismannen Hearst brukte fleirfoldige millionar dollar paa aa bygge slottet paa over 5 000 m2 med tilhoyrande bygg paa familien sin ranch fraa 1919 til 1951. Tennisbane, eit utandors- og eit innandorsbasseng, dyrehage, flystripe og orten maal jord utgjorde berre delar av eigendommen. Utruleg. Lengre sor stoppa vi i Pismo Beach og kjaure paa stranda. Erlend ville enda lengre opp i sanddynene aa koyre, men vi spurte heldigvis om raad forst, og fekk til svar at bilen mest sannsynleg ville sette seg fast i sanden. Saa vi noya oss med ein liten tur paa stranda. I morgon ska vi kike oss litt rundt i SB for vi koyrer siste etappe til LA.

Big Sur




Paa tide med ei oppdatering igjen. Tirsdag var siste dagen vaar i San Francisco. Vi var paa fangeoya Alcatraz ute i SF bukta. Det var ein iskald, men interessant guida tur. Tilbake i byen henta vi baggasjen paa hotellet og leigebilen paa flyplassen. Vi booka ein Jeep Wrangler Cabriolet. Paa ettermiddagen starta vi paa turen nedover kysten mot Los Angeles (LA). Det er berre nydeleg her! I Monterey overnatta vi paa eit motell i utkanten av byen.

I gaar starta vi dagen med ein ekte amerikansk frukost; blaabaerpannekaker og omelett. Koyreturen starta langs Monterey kysten, vidare paa "17 mile drive" til den lille byen Carmel. Utruleg flott landskap, sypresstre, flotte fargar, skog, yrande dyreliv, lange strender, eine bukta etter den andre og bratte klipper som gaar rett ned i havet. Ei av dei flottaste smaa buktene var den vi har bilete av ovanfor. Den er stengt av for folk, men ein kan sjaa den fraa smaa stiar langs dei bratte klippane ovanfor. Det gaar eit 25 meter hogt fossefall rett ned paa stranda. Fantastisk! Det siste vi saag for vi tok inn paa hotell i San Simeon for natta var eit fyrtaarn i solnedgangen og ei strand full med selar.

I dag skal vi paa Hearst Castle, eit par andre smaastopp nedover kysten for vi haapar og naa Santa Barbara i ettermiddag. Fredag er planen aa koyre siste korte biten til LA. Og kanskje vi rekk aa faa med oss seriestart i den amerikanske fotballigaen i dag. Who Dat! Maa Saints vinne! :)

tirsdag 7. september 2010

Souvenir frå Captain Lars

Kom på at eg ikkje har blogga om den fine gåva eg og Lillian fekk overrekt av Lars på kirka forrige søndag. Han har framkalla bilete av meg og Lillian frå 17. mai, limt det til ei plate og laga ein trefigur av oss. Kaptein Lars er ein kreativ mann på 95! For eit morosamt minne å ta med heim til Noreg!

mandag 6. september 2010

Sykkeltur


Etter ein trikketur til Fishermans Warf i gaar, bestemte vi oss for aa leige syklar. Vi starta med aa sykle langs sjoen bort til Golden Gate Bridge. For eit flott friomraade med parkar og strender! Det var ein nydeleg dag i gaar med sol fraa skyfri himmel og ca 20 grader. Perfekt for baade sykling og bildetaking av brua (den ligg ofte skult i skodde). Eit lite stykke fraa brua ligg Varmehytta, og der tok vi lunsj. Kakao og kakeskive - akkurat som heime, mangla berre Kvikklunsj og appelsin. Det var Labour Day i gaar, offisiell fridag, og det var eit yrande folkeliv ute, og paa sjoen var det fullt av seglebaatar.

Etter lunsj sykla vi eit stykke tilbake langs stendene, for vi bestemte oss for aa sykle til Golde Gate Park. Det var ei strabasios ferd opp utallige bratte bakkar for vi endeleg kom oss paa toppen og inn i parken. Eg mista kartet med avmerka sykkelstiar, saa vi fann vaar eiga rute. Midt i ein av desse bakkane mista eg litt motivasjonen, men daa var Erlend ein super turkamerat med oppmuntande ord og lova meg is paa toppen. Kor mange mil vi sykla, veit vi ikkje, men saar rau og stive leggar vitnar om at det vart langt. I parken aat vi is og slova i graset ved Conservatory of Flowers (eit svaert drivhus, berre mykje vakrare, med alle moglege slags blomar. Det var dessverre stengt, saa eg maatte noye meg med ein liten titt inn eit av vindauga. Men omraadet rundt var ogsaa flott, saa det gjorde ikkje saa mykje. Det fine med aa streve seg opp alle bakkane er belonninga med flott utsikt og det aa berre kunne trille nedover igjen. Turen ned til hamna igjen gjekk gjennom Presidio, ein park med berre skog.

All syklinga gjorde oss svoltne, saa vi fann fram guideboka og sikta oss inn paa ein anbefalt og billleg italiensk restaurant. God pizza til 12$ er ikkje ille. Det skal faktisk godt gjerast aa ikkje ete godt i denne byen. Aa sette seg paa sykkelsetet etter middagen var smertefullt, og ute hadde det blitt kaldt og morkt. Klimaet her er veldig likt heime i Norge, med ein gong sola gaar ned er det iskaldt. Vi forta oss ned til sykkelutleiga, fekk levert inn syklane og tok trikken heim. Begge var einige om at det hadde vore ein fin tur. Ingen uhell og alle like heile, om ein ser bort i fraa ei saar taa og eit lite hol i skoen min. :)

Golden Gate

San Francisco - roadtrip

Vi ankom SF paa laurdag ettermiddag og tok inn paa Hotel Adagio. Vi feira bursdagen min med cola og smaarettar (utuleg god tomatsuppe bla.! :) i hotellbaren, og det var det den dagen. I gaar vakna vi 06:30 (to timar tidsforskjell). Etter ein god frokost pakka vi turistsekken med 3 stk kamera og guidebok, og saa var vi klar for sightseeing. Eg har faatt mini-polaroidkamera fraa Erlend i bursdagsgaave. Tusen takk! - saa det maatte sjolvsagt med for aa provast ut. Blir artige bilete med litt retropreg. Hotellet vaart ligg sentralt til og byen er kompakt med gaavstand til dei fleste attraksjonar. Dersom ein ikkje er saa god til beins, eller synest bakkane er i brattaste laget, kan ein hoppe paa trikken. Men vi er nordmenn, og nordmenn brukar fotene. Vi fekk gaatt mykje og sett mykje i gaar: Union Square, Chinatown, Nob Hill og Russian Hill (bratte bakkar!), Lombart St og Coit Tower. Erlend var svaert flink og klaga ikkje ein einaste gong, noko han paapeika og gjerne kunne ta litt kred for. Det fekk han. :)

I dag er planen aa koyre trikk, rusle rundt i North Beach og nede paa pirane, gaa i parken og kanskje, om det ikkje er skodde, faa sett Golden Gate Bridge. Vi har det berre supert, byen er flott, veret fint og her er mykje god mat. Tirsdag skal vi paa Alcatraz - ei oy i bukta utanfor byen med eit tidlegare fengsel paa. Etter det skal vi hente leigebilen, ein Jeep Wrangler Cabriolet, og koyre sorover. Vi har ingen konkrete planar, men satsar paa aa ankomme Los Angeles fredag. Vi endar turen i Las Vegas neste torsdag (16.9) og flyg heim til NOLA derfraa.


Bratte (verkeleg bratte) bakkar i kontrast til paddeflate NOLA. Pesa oss opp den eine bakken etter den andre. Ikkje kvardagskost for oss, og det merkast. Men verdt det naar ein staar paa toppen og kan nyte utsikta! :)

Trikken er for for latsabbar!


Lombart Street - den mest svingete gata i SF. Her snirklar ei uendeleg rekke med bilar seg nedover dei 8 svingane kvar dag, heile tida. Dei som bur her har ei konstant trafikkork utanfor husdora.

onsdag 1. september 2010

Service engineer


Ei av dei eldre damene paa kirka oppdaga at ho hadde punktert daa ho skulle til aa koyre heim fraa Jazz Brunch paa kirka forrige sondag. Erlend skaffa seg ei stjerne i margen ved aa ta paa Rolls-Royce uniform og skifte dekk paa ein-to-tre. Godt jobba, Erlend! :)