tirsdag 30. juni 2009

Ikkje for alle likt!

Som ein ser, så kosar Linda og Lillian seg i New York. Godt er det, men det er fortsatt nokon som ikkje kan ta ferie heilt enda. Så eg kan vel fortelja korleis mine siste dagar har vore her i NOLA; Kan starte med søndag, eg og Stian Midtlid skulle på IMAX for å sjå Transformers2, men før filmen starta trengte vi ein matbit. Vi enda opp på KFC, da vi hadde vore ute dagen før og da passar det best med slik mat. Etter maten var slukt og vi skulle sette oss i bilen for å køyre til kinoen, hadde det starta å regne hundar og kattar og Jettaen ville ikkje starte! Det visar seg at startaren hadde tatt kvelden. Stian skubbar bilen i gong, og vi kjem oss på kinoen. På veg heim etter kinoen, kjem vi til eit litt stort kryss, og i det eg er midt i krysset blir det gult, eg satsar på at vi kjem oss over, men i det eg nesten er over kjem ein blitz! Jepp, ca $200 i bot vil eg tru!

I går var eg på eit verkstad for å levere bilen, det vil koste den nette sum av $600! Og sist, men ikkje minst, eg hadde ein plan om å reise til Dallas på laurdag for å kjøpe ei Porsche, men no visar det seg at den mest sannsynleg har blitt solgt til ein annan kar!

Så kan vel seie at dei siste dagane ikkje akkurat har vore topp!

Matvegen etter at Linda reiste:
Laurdag: Knekkebrød m/brunost, burger på Hard Rock.
Søndag: Knekkebrød m/brunost, kyllingburger på KFC.
Mandag: Knekkebrød m/brunost, pizza fra Reginelli's.
Tirsdag: Knekkebrød m/bruost, restar fra pizzaen i går?

Lillian paa Sushi Samba. Gode rullar og

Lillian paa Sushi Samba. Gode rullar og god mojito;-) vi storkosar oss. Fortjent pause etter all traskinga!

Sushi Samba! Mitt forste sushi-maaltid e

Sushi Samba! Mitt forste sushi-maaltid er fortaert. Starta enkelt med spicy tuna og laks/avocado. Det gav meirsmak! Vi har hatt nokre flotte dagar. Har tatt mange bilete, legg ut seinare.

søndag 28. juni 2009

Central Park i N

Central Park i New York. Har det supert!:-)

fredag 26. juni 2009

Div bilete frå nabolaget

I dette huset vart filmen Benjamin Button spelt inn. Det er no til salgs for den nette sum av ca $7 mill.
Trikken som går på St.Charles.

Rykta sei at Sandra Bullock har kjøpt dette huset.

Commanders Palace - ein kjent og dyr restaurant. Tidlegare president Bush åt her då han vitja New Orleans ein gong.


I dag er siste dagen min i New Orleans før eg flyg til New York og so heim. Erlend skal vere her i ca ein månad til før han kan få nokre veker heime i Noreg på ferie. Eg ser fram til fem spanande dagar i NY i lag med Lillian, som var so snill og invitere meg med. Med gratis reise og overnatting var det ikkje vanskeleg og seie ja. Takk Lillian! Då Kjersti og Toralf var her på besøk for ei veke sidan, gjekk vi ein liten tur i nabolaget og knipsa nokre bilete. Her har dykk ein liten smakebit på kor flott det er Uptown i New Orleans. For fleire bilete - sjå eige album. God ferie til alle! :)

onsdag 24. juni 2009

Rekeaften på Sjømannskirka.

Alt var dekka for ein fin kveld under open himmel med live jazz-musikk. På menyen stod norske reker, nybaka loff og blåbærpai med is. Men plutseleg kom regnet og alt vart flytta inn i full fart. Uansett, inne eller ute, det smakte! Lillian og Henrik i godt humør! :-)

lørdag 6. juni 2009

Innflyttingsfest!

I går hadde vi innflyttingsfest, det var veldig moro, som dykk nok ser av bilda under:




torsdag 4. juni 2009

Da er arbeidsbilen i hus

Det vart ein Volkswagen Jetta VR6 2001 mod. Den har kjaurt ca 100000 km og betalte ca $6500,- + tax. Får håpe dette vart eit bra kjøp. Sjølv om støtdemparane nok bør byttast om ikkje lenge. Så da er det berre Porsche igjen!

onsdag 3. juni 2009

Louisiana driver's license! Erlend har t

Louisiana driver's license! Erlend har tatt lappen i dag. Vi feirar med lunsj paa cafe rani. Ei stor bragd; ei runde rundt kvartalet. No kan vi kjope bil.