søndag 5. desember 2010

Siste dag i Nola


Lillian, Erlend og eg starta siste dag i Nola med ein stor og god frukost på Gott Gourmet; omelett, frukt, blåbærpannkaker, appelsinjuice og kaffi. Åt oss stappmette! Frukost utandørs i sola i desember vart nytt til det fulle før møtet med Sunnmørsk vinter. Etterpå vart eg med Lillian på shopping (eg var ikkje tung å be). Fekk til og med kjøpt ei julegåve som ikkje tok opp plass i kofferten. Så då var den siste handleturen på Lakeside Mall rettferdiggjort. Eg sperra USA-mobilen min på veg tilbake til byen, før vi møtte Liselott, Magnus (bror til Anders) og Camilla (gift med Magnus) og Erlend for lunsj og kaffi. Etter ein dubb, pakka vi. Då var dagen nesten gått. Vi åt middag i lag med Lillian, Anders, Liselott, Magnus og Camilla på Jaquemo's - ein spesiell restaurant der ein går gjennom kjøkenet for å komme inn i spisesalen. Det kom ikkje med på biletet, men på neonskiltet på veggen utanfor står det; "Warm beer, lousy food and poor service". Ingen av påstandane stemte. Nydeleg mat, drikke og god service; forrett og dessert på huset. Flott avslutning!

Vi kjem til å sakne New Orleans og gode venner. Vi har vore så heldige. Det har vore litt av ei oppleving. Takk til alle dykk som har vore med på å gjere livet vårt i Nola så fint. Men no skal vi starte på eit nytt kapittel, og vi gler oss til det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar