fredag 18. september 2009

Soccer!!

I går då vi var i parken og spelte fotball, vart eg spurt om eg kunne tenke meg å vere med på eit lag. Det er eg sjølvsagt klar for, så no ligg det an til at eg skal spele for Hellas Utd. i The Southeastern Lousiana Adult Soccer Association, eller SELSA (Trykk på linken for å kome til heimesida).

Nivået er nok ikkje det beste. Men det skal uansett bli moro. Det til tross for at nokon av kampane skal spelast 08:00 på ein SØNDAG! Men det er heldigvis ikkje so veldig varmt då...

Her kan dykk sjå laget eg trur eg skal spele på:

Ha en fin dag alle i hop, helsing Erlend!

2 kommentarer:

  1. endelig fekk du oppfylt draumen om å bli utenlandsproff :)

    SvarSlett
  2. Jepp, betla godt mæ gjer dei! Va å spelte kamp i går, det va faktisk en heil del flænke følk, so ditta skal bli skøy! -Erlend-

    SvarSlett