fredag 25. september 2009

Tur til Galveston. Vi reiste til Galvest

Tur til Galveston. Vi reiste til Galveston paa mandag 21. Erlend hadde ein jobb der, so eg tenkte eg kunne bli med og nyte nokre late dagar ved bassenget og paa stranda. Eg visste ingenting om Galveston for vi reiste. Det viste seg aa vere ein lite spanande plass. I fjor traff ein orkan (Ike?) land her og det ber byen fortsatt stort preg av. Mykje oppbygging og rydding gjenstend. Det er nok med paa aa gi besokande eit daarlegare inntrykk enn korleis det maatte ha vore her tidlegare. For aa oppsummere - Dag 1; posregn. Dag 2; sidan eg er sunnmoring og oppvokst paa ei lita oy uti taakehavet, kan eg strekke meg til aa kalle det sol. Jippi!:-) Dag 3; overskya, kjolig. Dag 4; heimreise! Galveston er nok ein fin stad naar sola skin, men naar det regnar kattar og hundar er det absolutt nada aa finne paa. Det positive er at eg har faatt jobba mykje og er klar for aa ta i mot besokande neste veke. Gler oss til Kristine og Sveinung kjem! No er det berre ein biltur paa ca 6 timar att for vi er tilbake i kjaere New Orleans... Skal bli heilt greit aa kome heim att:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar