onsdag 28. oktober 2009

Heile hagen til dette huset lengre opp i gata frå oss er fullt med skjelett - eit par sit på ein benk og klinar, desse sit på gjerdet, eit står i bru, eit sler hjul og eit heng frå eit tre osv. Alle er opplyste med eigne lyskastarar og på ein balkong i andre etasje står det to til iført Saints-skjorter (fotballaget i byen heiter The Saints). I bakgrunnen, midt mellom dei to skjeletta, kan dykk så vidt sjå ei heks som har kresja i treet. Det heile er sjølvsagt toppa med graskar og oransje hagelys.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar