lørdag 10. oktober 2009

Ei lita oppdatering...

Då er det helg igjen. Denne helga blir ikkje av dei "hardaste". I går var vi og fekk i oss sushi, før Linda, eg og Kai tok turen på KinPin. Det er ikkje fredag før ein har fått Captein Morgan og Cola på KinPin. Det vart også eit par runder med Shuffelboard. Der viste det seg at Kai sikkert nok har byrja med dopinig, då han var unaturleg god i går. I dag har vi vore på Kirke-dugnad. Vi var gartnarar i nokre timar og fekk graut som betaling. Nam! I kveld blir det nok mexikans til middag og så ein tur på Bulldog for å treffe ein gjeng. Men det kan ikkje bli for hardt i kveld, då eg har fotballkamp i morgon tidleg klokka 10. Vi møter Uptown, så det blir moro!

Så tilslutt: Forrige veke hadde vi besøk av Kristine og Sveinung (som forresten like så godt gifta seg i Sjømannskirka i Miami, før dei kom hit til NOLA. Gratulerer så mykje!!). Kristine er ein dyktig fotograf, så eg tenkte å stjele eit par av bilda ho tok medan ho var her og legge dei ut på bloggen vår. Enjoy;

Nede i 15 min. Haha...

Canal Street.

Det er snart Halloween, så da må ein ha graskar.

Il Posto, kanskje verdas beste Ciabatta?

@ KingPin.no
@ KingPin.org

"Gøtt nøgd!"

Ullafyret?

Mykje god mat i NOLA, nam, nam! :)

Ein og anna skulebuss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar