mandag 22. november 2010

New Orleans Saints

Eg og Erlend før kampstart.

The Superdome med The Arena (der basketlaget Hornets spelar) i bakgrunnen.

Champions Square før kamp.






Vår første (og siste?) Saints-kamp! Det var jaggu på tide! Vi har vore her i over eit og eit halvt år, og søndag var det absolutt siste sjangs å få med seg ein kamp i The Superdome. Stadion ser ut som eit romskip på utsida og husar 70 000 mennesker når det er fotballkamp. I fjor vann Saints Superbowl, og heile arenaen vart kledd i gullplater. Ein kamp varer omtrent i tre timar. Det er mykje stopp i spelet, og i pausene er det underhaldande berre å glo på alle dei rare folka som samlast til kamp. Ein ser alt frå oppdressa Uptown-fruer i stiletthelar til harry Rednecks, og alltid mange kostymer. :) Utanfor på parkeringsplassane står det parkert enorme bobilar med TV, antenner, utedo, grill og 13 karnapp på rad og rekke. Tailgating (kan forklarast som fotballfest i gatene på stadionområdet) foregår frå tidleg morgon til seint på kveld. Må takke Anders som fiksa oss gode billetter! Vi hadde det kjempe artig!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar