onsdag 3. november 2010

Voodoo Fest 2010

Voodoo Scena. Rett ovanfor denne står Sony scena, og på desse to største scenen avløyser den eine konserten den andre. Når ein konsert på eine scena er ferdig, treng ein berre snu seg og så går neste konsert på den andre scena.

Lillian og eg nyt siste solstrålande på fredag ettermiddag.

Gjengen samla på tepper og presenning. Det er ikkje lov å ta med stolar inn på området. Var litt støl etter første dagen.
Lillian, eg og Erlend
Voodoo scena igjen etter det vart mørkt. Dei hadde eit kult laser show.
Erlend og eg tek ei lita pause

I helga var vi i City Park på Voodoo Festival. Det er ein stor musikkfestival med rundt 30 konsertar kvar dag, fre-søn. Kan minne om Jazz Fest som alltid går av stabelen på våren her i byen, men med eit meir rocka preg. Denne helga var det i tillegg Halloween og Saints-kamp. Fredag fekk vi med oss; Metric, Weezer og Muse. Det var ein av dei kaldaste kveldane til no, og sjølv om vi var godt kledd, så småhutra vi oss gjennom konsertane. Laurdag var forma litt redusert etter mykje ståing, frysing og lite mat dagen før. Eg frykta ein gryande forkjølelse, så vi tok det roleg tidleg på dagen. Etter graut og ein power nap var vi tilbake i parken for å høyre; Cage the Elephant, Florence and the Machine og Ozzy. Favoritten var sjølvsagt Ozzy, sjølv om eg kunne ønska meg fleire gode, gamle slagera. Positivt overraska over Florence and the Machine. I lag med Metric på fredagen, var det kjekt å sjå gode kvinnelege artistar på dei to største scenene også. Med mildare ver og meir mat i magen (supergode pannekaker med jordbær og Nutella! :)), var laurdag ein flott dag. På søndag var planen og kle seg ut, men ettersom eg vart åleine om det av gjengen som skulle på festival, så droppa eg det. For ei tid tilbake gjekk eg til innkjøp av ein muffins-kostyme med kirsebær-hatt. Det må nok med i bagasjen til Noreg. Kanskje vi skal arrangere Halloween-party neste år? Heile helga krydde det av folk i kostymer over alt i byen. Så utruleg mange kreative folk, og mindre kreative. I denne byen kan det til tider vere vanskeleg å seie om nokon har kledd seg ut, eller om dei alltid går kledd slik. Med andre var det derimot ingen tvil. Konsertane søndag var; Interpol, MGMT og My Morning Jacket. Interpol var favoritten. Midt under eine konserten kunne vi sjå ein straum av folk som bevega seg mot utgangen. Svært mange gjekk for å rekke Saints vs Pittburg Steelers. Mot slutten av siste konserten fekk også vi nok festival, og kjaure på Bull Dog for å få med oss siste del av Saints-kampen. Det enda med siger, heldigvis, etter nokre veldig variable kampar siste tida. Who dat! Og godt å sjå Aafk slå Brann tidlegare på dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar