torsdag 15. oktober 2009

Skulle eigentleg heim

Skulle eigentleg heim... Men, fann ein finfin vinbar. Berre stikk kortet inn og trykk paa knappen. Vi har vaar eiga vinsmaking!:-)

Lafayette Square. Eg og Lillian storkosa

Lafayette Square. Eg og Lillian storkosa oss! Gratis minifestival. Genialt. Eit lokalt brass-band he akkurat gaatt av scena; Rebirth Brass Band. Det har svinga i over to timar. Kristine, Sveinung, Kjersti, Toralf, Sunniva og Jan Egil - dokke skulla vore her! ;-)

søndag 11. oktober 2009

Tap og vinn med same sinn! Kampen enda 2

Tap og vinn med same sinn! Kampen enda 2-1 til Uptown. Rafael er godt nogd, Erlend smiler tappert. Det var ein innhaldsrik kamp; straffebom, sjangseslosing, omdiskuterte dommaravgjersler og 3 raude kort! Underhaldande:-) Hanna sin kamp gjekk noko meir sivilisert for seg. Dei leda 5-1 daa eg var bortom aa kika litt. Eg kan kanskje komme med paa eit dame/herrelag som Hanna spelar paa. Det kribla litt i fotene etter aa sparke fotball.

Nr 19! Erlend har faatt tildelt troye nr

Nr 19! Erlend har faatt tildelt troye nr 19. Han starta paa midtbana, har hatt ei lita pause, og er ute paa bana igjen. No som midtstoppar. Begge lag har hatt store sjangsar, men stillinga er fortsatt 0-0. Eg maa seie at Erlend kler blaa og kvit mykje bedre enn raud! :-)

Uptown vs Hellas United. Erlend gjer seg

Uptown vs Hellas United. Erlend gjer seg klar for sin andre kamp for Hellas U. I dag er kampen kl 10 om morgonen, ikkje kl 8 slik som sist, og daa er det litt enklare aa komme seg avgaarde for aa heie. Erlend ytra litt bekymring for forma, men eg er sikker paa at det gaar bra. I alle fall so lenge han faar staa forsvar... ;-) Rafael (jobbar for Kongsberg) spelar paa Uptown. Kan vi faa ein Kb/RR duell? :-) Hanna spelar paa ei bane lengre borte. Eg skal bort og kike paa ho og i lopet av kampen. Heia Erlend og Hanna!

lørdag 10. oktober 2009

Ei lita oppdatering...

Då er det helg igjen. Denne helga blir ikkje av dei "hardaste". I går var vi og fekk i oss sushi, før Linda, eg og Kai tok turen på KinPin. Det er ikkje fredag før ein har fått Captein Morgan og Cola på KinPin. Det vart også eit par runder med Shuffelboard. Der viste det seg at Kai sikkert nok har byrja med dopinig, då han var unaturleg god i går. I dag har vi vore på Kirke-dugnad. Vi var gartnarar i nokre timar og fekk graut som betaling. Nam! I kveld blir det nok mexikans til middag og så ein tur på Bulldog for å treffe ein gjeng. Men det kan ikkje bli for hardt i kveld, då eg har fotballkamp i morgon tidleg klokka 10. Vi møter Uptown, så det blir moro!

Så tilslutt: Forrige veke hadde vi besøk av Kristine og Sveinung (som forresten like så godt gifta seg i Sjømannskirka i Miami, før dei kom hit til NOLA. Gratulerer så mykje!!). Kristine er ein dyktig fotograf, så eg tenkte å stjele eit par av bilda ho tok medan ho var her og legge dei ut på bloggen vår. Enjoy;

Nede i 15 min. Haha...

Canal Street.

Det er snart Halloween, så da må ein ha graskar.

Il Posto, kanskje verdas beste Ciabatta?

@ KingPin.no
@ KingPin.org

"Gøtt nøgd!"

Ullafyret?

Mykje god mat i NOLA, nam, nam! :)

Ein og anna skulebuss.

tirsdag 6. oktober 2009

Krumkaker!

Krumkaker! Krumkaker! Krumkaker! Med ein bolle deig att, har vi totalt 800 krumkaker. No skal vi slutte for dagen. Vi må heim og ordne oss før ambassador-besøket her på kirka kl 18 i kveld.

Au, au, au!

Eg er varm og har numne fingertuppar! Men no kan eg skryte av å ha vore med på å lage over 600 krumkaker! Du såg aldri den komme, mamma? :-D

Ein heil haug med kaker....

Lillian, Maria, eg og Anne Berit steiker krumkaker til Skandinavisk Festival 5.-7.nov. Norske julekaker er populære på kakesalget. Det skal bakast ca 7000 småkaker til festen...

torsdag 1. oktober 2009

Besok fraa Noreg! Kristine og Sveinung h

Besok fraa Noreg! Kristine og Sveinung har komt paa besok. Dei har vore 10 dagar i Miami og storkosa seg der. No haapar vi at dei vil ha ei fin langhelg her i N.O for dei flyg heim paa tirsdag. Eg hjelper til paa kirka i dag og Erlend er faktisk paa jobb, so eg har tatt imot dei her med norsk lunsj og plassert dei ved bassenget. Kjekt med besok!:-)

søndag 27. september 2009

The Saints bulldog! Verdas herligaste hu

The Saints bulldog! Verdas herligaste hund. Kanskje litt vanskeleg aa sjaa, men den har paa seg Saints skjorte, og den slurpar i seg ol som blir sola paa golvet.:-)

Saints game at Rendevous! Galskap:-) hog

Saints game at Rendevous! Liselott, Anders og to kompisa. Galskap:-) hog stemning, mange high fives og mykje skraaling! Amerikansk fotball paa pub, storskjerm. Laget i NO heiter Saints, dei spelar mot Buffalo Bills. Stillinga er 17-7, vi haapar paa Saints siger. 'Who dat, who dat, who dat say them gonna beat them Saints! Who dat'! :-)