onsdag 28. oktober 2009

Bilete frå gata vår før Halloween.

Heksa har kollidert i treet!

Heile hagen til dette huset lengre opp i gata frå oss er fullt med skjelett - eit par sit på ein benk og klinar, desse sit på gjerdet, eit står i bru, eit sler hjul og eit heng frå eit tre osv. Alle er opplyste med eigne lyskastarar og på ein balkong i andre etasje står det to til iført Saints-skjorter (fotballaget i byen heiter The Saints). I bakgrunnen, midt mellom dei to skjeletta, kan dykk så vidt sjå ei heks som har kresja i treet. Det heile er sjølvsagt toppa med graskar og oransje hagelys.

Pynta til Halloween på St Charles Ave!

Her er eit anna eksempel, også i samme gate som vi bor i, som har satt små skjelett med lys i langs heile gangveien opp til huset. Det er spøkelser i hagen og ei heks på trappa. Graskar og nokre oransje hagelys sett stemninga når det blir mørkt. Gjerdet rundt eigendommen er dekt i "spindelvev".

'Spindelvev' rundt heile hagegjerdet.

'Spindelvev' rundt heile hagegjerdet.

Haloween laurdag 31.november.

Halloween laurdag 31.november. Graskar, skumle figurar, lys, royk, spindelvev, utkledning, fest og trick or treat - amerikanerane elskar denne dagen, og kanskje spesielt mykje her i sorstatane. Alle kler seg ut og alle dekorerar husa sine. Nokon meir enn andre. Skulle ta bilete for aa vise kor langt nokon tek det, men speilreflekskameraet hadde inga minnebrikke daa eg var ute paa biltur i dag. Eg knipsa nokre faa bilete med mobilen, dei er ikkje so gode, men det faar halde enn so lenge. Vi har ikkje skaffa oss kostymer, men det er ein stor musikkfestival i byen denne helga, so vi er endaa usikre paa kva planen blir. Eit forslag var aa ta paa bunadane - for det var 'so freakin scary'!:-)

tirsdag 27. oktober 2009

Pakke i dag! Jippi! Vi har faatt pakke f

Pakke i dag! Jippi! Vi har faatt pakke fraa Sunniva og Jan Egil i dag; eit blad til meg, eit til Erlend, norsk sjokolade, cd'a med bilde fraa daa dei var her paa besok og eit brev. Tusen takk! Eg skal rydde og vaske litt, so skal eg kose meg paa sofaen med norsk blad etterpaa. Sjokoladen skal eg prove la ligge. Det blir berre braak om Erlend ser at den er aapna. Vi maa dele likt paa den norske sjokoladen!:-P Erlend vart glad for lesestoff til flyturen.

Brasil neste, hadet bra! Erlend er paa v

Brasil neste, hadet bra! Erlend er paa veg ut dora for avreise til Brasil. Det blir ein kort tur. Han er tilbake i N.O allereie tidleg fredag. Maalet med turen er aa skaffe eit stempel paa arbeidsvisumet han henta daa han var heime i sommer for det blir ugyldig. Frist; fredag. Kontoret her i N.O har hatt ca 90 daga paa seg til aa arrangere turen, men ingen ting har skjedd for denne veka. Erlend har gaatt heime utan oppdrag i lengre tid, og naar det forst er eit prosjekt paa gong, sender dei han til Brasil. Sjefen til Erlend var ikkje gira paa aa sende han vekk no daa det 'plutseleg' dukka opp ein storre jobb, so han lurte paa om Erlend ikkje kunne ta nokre telefonar for aa skaffe ein forlengelse, eit lite unntak for Rolls-Royce... Uffa, det bli litt komisk!:-) Det ligg an til ein stressande tur, sukka ein litt smaasjuk Erlend. Han er utstyrt med halsdrops og smertestillande. Haaper han ikkje blir sjuk. God tur, kjaere!:-*

Ny dag paa husmorskulen! I dag skal vi f

Ny dag paa husmorskulen! I dag skal vi fylle 60 kaker med sylte og krem. Eg hadde ein daarleg start paa dagen - kjeia paa sykkelen rauk daa eg var paa veg bort til kyrkja! Men etter nokre produktive timar, er humoret paa topp igjen. Erlend reiser til Brasil i dag, heldigvis kjem han tilbake tidleg fredag. I helga er det Voodoo Fest. Eg gler meg! Erlend maa kanskje jobbe, men faar haape at han kan faa med seg ein dag i alle fall.

mandag 26. oktober 2009

Eg og Lillian har laant oss ein bil for

Eg og Lillian har laant oss ein bil for aa ta ein liten tur rundt bana. Artig!:-)

Anne, Ann og Liv har som oppgave aa sign

Anne, Ann og Liv har som oppgave aa signalisere om ballen er i sirkelen eller paa greenen med duskane!:-)

Norwegian Golf Tournament. Lillian og Sv

Norwegian Golf Tournament. Lillian og Svanhild flankerer Vidar og nordsjoprest Leif i golfcart. Vi staar paa stand for aa loppe alle golferane for peng!:-) Dei satsar maks 10$ paa at dei treff innanfor sirkelen paa greenen. Treff dei sirkelen faar dei dobbelt tilbake, treff dei paa greenen faar dei pengane tilbake, men bommar dei beheld vi pengane.

lørdag 24. oktober 2009

Solnedgang i N.O. Erlend, Eivind og eg

Solnedgang i N.O. Erlend, Eivind og eg er paa veg ned paa Bulldog (ein pub) paa Magazine St. Maatte knipse eit bilete av solnedgangen - den er berre nydeleg. Det er ein flott kveld; stilt, 20 grader. Gler oss til ei utepils no!;-)