tirsdag 30. november 2010

High Tea og julestemning på Windsor Court Hotel.

Vi er stappmette på te, kanapear, scones og dessert. Har drukke ørten koppar med te. God julete. Fekk litt julestemning i oss i dag. Det er kaldt i veret, og inne i salongen speler dei julesongar på harpe. Koseleg stund! :)

Te med melk og dessert. Nam!

mandag 29. november 2010

Flyttebilen.

Då har flyttelasset gått. Flyttefolka var effektive! Dei pakka alt og tømte leilegheita på ca 4 timar! I ei av alle desse kassene ligg passet til Erlend! Oppdaga det sjølvsagt når alt var stua inn i bilen. Flyttekarane må finne kassa med printaren vår i, når bilen er tilbake på lageret deira. Erlend gløymte ta passet sitt ut etter å ha scanna det. Tipsa dei godt for bryet.

Då er leilegheita tom!

Flyttelasset er på veg ut av dørene....

Siste morgon i leilegheita.

søndag 28. november 2010

Karusell i Lafreniere Park.


Medan Erlend spelte kamp, gjekk eg ein liten tur i parken. Denne fine, gamaldagse karusellen er populaer blandt dei minste. Den er saa fin, saa maatte berre legge ut eit bilete av den.

Siste kamp for Hellas United.


I dag tidleg spelte Erlend sin siste fotballkamp for Hellas United i Lafreniere Park. Det var ein jamn kamp, men enda dessverre med eit 2-3 tap. Eg fekk ikkje lov av Erlend aa skrive at det andre laget kun hadde 8 spelarar. Det er kaldt i lufta her no, men fint ver og varmt i sola. Eg kosa meg i campingstolen min med ein kopp latte fraa Starbucks. Ikkje mykje som minna om forste sondag i advent. Vi haapar julestemninga kjem sakte men sikkert etter vi kjem heim. Vi har pakka det meste i leilegheita. I morgon kjem folka fraa flyttebyraaet, tirsdag kjem vaskedama, sondag 5. flyg vi og landar paa Vigra mandag 6. Kun ei veke igjen i New Orleans. Blanda folelsa.

lørdag 27. november 2010

Thanksgiving lunsj med Chad og Dana

Erlend, David og Anders på taktoppen hos Chad og Dana. Bileta er av Warehouse og Business District down town New Orleans.

Dana og Chad laga ein nydeleg lunsj! Liselott og eg nyt maten.

Torsdag feira vi Thanksgiving i lag med Chad, Dana, mor, far og tanta til Chad, Anders, Liselott og David. Veldig snilt av Chad og Dana å invitere oss! Vertane diska blandt anna opp med kalkun, pølser, skinke, bønnegrateng, søtpoteter, gratinerte poteter, fyll, saus og ostekaker til dessert. Vi åt sjølvsagt alt for mykje - maten var nydeleg! Etter lunsj gjekk vi til ein bar i nærleiken og såg Saints vinne knepent over Dallas Cowboys. Under kampen var dei lokale nyheitene innom baren og filma. Vi fekk våre knappe 5 sekund i rampelyset på nyheitene samme kveld.


mandag 22. november 2010

Dåp til Ella

Prest Erland, Kai med Ella i armane og Mette.

Mette, Kai og Ella.

Søndag 21.11.2010 vart Ella døypt i Sjømannskirka her i New Orleans. Dåpsbarnet oppførte seg eksemplarisk, og var så nydeleg i dåpskjolen. Det var ei fin gudstjeneste med jazzmusikk. På videoen (med dårleg lyd) kan dykk høyre "What a wonderful world", som vart framført etter ønske frå Mette. Vidar gjorde ein god jobb med å samle musikarar til dåpen, noko som alltid vert satt pris på. Etter sermonien var det kyrkjekaffi med riskrem og blautkake. Som alltid - god mat frå husmor Lillian.

New Orleans Saints

Eg og Erlend før kampstart.

The Superdome med The Arena (der basketlaget Hornets spelar) i bakgrunnen.

Champions Square før kamp.






Vår første (og siste?) Saints-kamp! Det var jaggu på tide! Vi har vore her i over eit og eit halvt år, og søndag var det absolutt siste sjangs å få med seg ein kamp i The Superdome. Stadion ser ut som eit romskip på utsida og husar 70 000 mennesker når det er fotballkamp. I fjor vann Saints Superbowl, og heile arenaen vart kledd i gullplater. Ein kamp varer omtrent i tre timar. Det er mykje stopp i spelet, og i pausene er det underhaldande berre å glo på alle dei rare folka som samlast til kamp. Ein ser alt frå oppdressa Uptown-fruer i stiletthelar til harry Rednecks, og alltid mange kostymer. :) Utanfor på parkeringsplassane står det parkert enorme bobilar med TV, antenner, utedo, grill og 13 karnapp på rad og rekke. Tailgating (kan forklarast som fotballfest i gatene på stadionområdet) foregår frå tidleg morgon til seint på kveld. Må takke Anders som fiksa oss gode billetter! Vi hadde det kjempe artig!


onsdag 17. november 2010

Baby Shower



Tirsdag arrangerte Lillian, Mette, Linn og Erland baby shower for Erlend og meg. Vi hadde det så koseleg, og det var kjekt at nesten alle kunne komme. Vart rørt og litt overvelda over alle dei flotte gavene, og dei gode orda Lillian kom med då ho holdt ein liten tale. Nokre av korta klarte eg ikkje å lese høgt. Er svært så lett det er å ta til tårene for tida... Vi laga til litt mat og drikke. Lillian hadde baka kake og Linn bidrog med eit nydeleg foccacia-brød. Tusen, tusen takk til alle!! :)
I går var vi på innkjøpsrunde. I tillegg til alle dei fine tinga vi fekk, så fekk vi også eit gåvekort på Babies R Us frå Kongsberg-karane (i tillegg til to stk Kongsberg t-skjorter :)). Vi fekk kjøpt alt mogleg; kle, klutar, krakk, veggpynt, sko, tåteflasker, osv, osv. Eit lass med diverse ting. I kassa lurte dei på om det var første ungen vår.... Nedanfor ser dykk bilete av alt det fine vi fekk. Igjen, takk til alle saman!

søndag 14. november 2010

Brudekjole til Liselott

I går var Lillian, Mette og eg med Liselott for å sjå på brudekjola. Liselott og Anders skal gifte seg 22.april neste år. Ho har litt dårleg tid på å finne den rette kjolen, då bestillingstida kan vere opp mot fire månader! Vi var paa tre butikkar, og det staar no mellom to kjolar. Ho saag nydeleg ut i begge! Skulle saa veldig gjerne vore her i bryllaupet deira....

fredag 12. november 2010

Mamma - kan du strikke...?


Bilda er lånt frå Pur Norsk sine heimesider; http://purnorsk.no/index.php
Eg får med jamne mellomrom nyhendebrevet frå Pur Norsk. Der såg eg denne bodyen og kjolen frå Ugly Childrens Clothing i Mariusmønster. Så utruleg fine! Vi kjøpte ein slik body i blå til Jakob då vi var i Oslo og fiksa visum til USA før vi reiste over hit. Kanskje den kan lånast..? ;) Kjolen trur eg at mamma skal få ta ein titt på.