mandag 26. april 2010

På tide med ei lita oppdatering!

Eg har ikkje blogga sidan Silje og Kåre var her på besøk for snart to veker sidan, så tenkte det var på tide med eit lite innlegg. Den berømte askeskya forlenga heimreisa til Silje og Kåre med eit døgn, og bagasjen kom sjølvsagt ikkje fram før etter dei var heime på Åsesletta. Dei kom seg til København, og derifrå gjekk turen vidare med båt, tog og buss. Etter at dei fekk bagasjen med alle amerika-gåvene, så fortalte Silje at Jakob vart veldig glad for John Deer grasklipparen og den blå Porscha. No seier han at alt er enten kjøpt på Moa eller i Amerika. Vi må sende nokre gratulasjonar heim til Jakob og Jan som fyllte år forrige helg. Og til mamma som fylte 6.april. Skulle så gjerne ha vore med på feiringane!

Etter at vi var att åleine her, så har tida mest gått med til jobbing og fint lite anna. Har slappa av og nytt det fine veret vi har hatt den siste tida. Sol og varmt, men ikkje for varmt. Kan berre håpe at det held seg slik ei stund før den værste varmen og fuktigheita sett inn (som Sunnmøring berre må eg skrive om veret..). Laurdag var vi på Jazz Fest og haure på Simon&Garfunkle og eit band eg ikkje har haurt om før; My Morning Jacket. Det var meldt tordenver og regn. Det kom eit par dråpar, så eg leita fram regnponchoen, men det vart med det, og då S&G entra scena, kom også sola. Kjekt å høyre gamle slagera som "Mrs Robinson" osv, sjølv om eine av gamlingen sleit med sår hals. Det andre bandet var også bra. Og litt snodig. Neste helg er det duka for Pearl Jam konsert. Eg gler meg som berre juling! Skal gå til innkjøp av støvlar einaste. Det er meldt regn og då blir der litt av eit gjørmebad. Såg fleire som berre ga opp då dei vart setande fast i gjørma, forlot slippersane sine, og tassa vidare barbeint. Like greit. :)

På onsdag kveld skal vi hente Kristin, Trond og Jo, som forhåpentleg kjem seg over dammen utan askeproblemer. Dei skal vere her i ca ei veke. Gler oss! Det som ikkje er fullt så kjekt, er at besøket deira er tima med at vaskemaskina vår har lekt vatn utover golvet på gjesterommet. Det hadde ikkje vore noko problem, for reparatøren var her i dag og fann årsaka til lekasjen; ein quarter i pumpa (Kåre - veit du om nokon som alltid har lommene fulle med mynt? ;) Men når ein plasserer vaskemaskina i eit skap på eit soverom med vegg-til-vegg-teppe, så er det ikkje berre å moppe over golvet. Cajun-solutions... Håpar berre at det tørkar opp snart, så vi er klare for innrykk igjen!

På Jazz Fest; klar for alle eventualitetar - sol eller regn. Og med ein Mango-freeze blir alt bra. Mmm! :)

2 kommentarer:

  1. Heia!
    Kjekt med oppdatering, men fryktelig synd med vaskemaskina... var det Kåre som hadde penga i buksa? trur han bruka å vere veldig flink å tømme lommene, men uhell kan skje... håpe det kan ordne sej fort..
    ALt bra her, blitt sj.mldt 20 % so no skal ej ha "fri" kvar onsdag..må stikke no, kos dåkke vidare!!! Og TUSEN TUSEN takk for et supert opphold med dåkke!! Hadde det veldig kjekt!!

    SvarSlett
  2. Nei, den pengen kan ha hamna der kor tid som helst og frå kven som helst si lomme. alt ok no :) Bli deilig å ha fri en dag i veka! Her he Erlend akkurat komt att frå jobb, tatt seg ein liten dubb og no skal han til å kveike i grillen. På menyen står grilla kyllingfilet. Eg har jobba og vaska litt for å gjere klart til Molde-gjengen kjem. Var så kjekt å ha dokke her, og no gler vi oss til nytt innrykk. Ha ei fin veke! Hels dei heime frå oss :)

    SvarSlett