fredag 2. april 2010

Oppdatering!

Tenkte det var på tide med ei oppdatering. Spesielt for deg, mamma! Onsdag, etter konsertane på Lafayette Square, var vi på basketballkamp. Stian fekk ta bilete i lag med to av heiajentene til New Orleans Hornets før kampen. Erlend er misunneleg, sjølv om han hardnakka påstend at han ikkje bryr seg!:) Kampen enda med eit knepent tap for Hornets mot Washington Wizards.

I går var planen å køyre til Lower 9th Ward. Dette området av byen vart hardt ramma under Katrina og mange mista heimane sine. Fleire organisasjonar er innvolvert i gjenoppbygging av hus der. Bla Brad Pitt har donert mykje peng til å bygge opp igjen nokre spesielle hus; bygd på høge pålar, asymetriske, solcellepanel på taka og nokre er konstruert for å løsne frå pålane og flyte som husbåter dersom det skulle komme ein ny flom. Men vi kom oss ikkje lengre enn til bensinstasjonen, før Jetta'en streika. Resten av formiddagen gjekk med til å kjøpe nytt batteri og montering. Jetta'en går no heldigvis som ei klokke. Etterpå vart det ein køyretur opp til innsjøen for å ete lunsj, eller middag heller, og is til dessert på Sucré (sjølvsagt!). Deretter såg vi på verktøy og kjøpte grill på Home Depot. Vi stakk også innom Urban Outfitters og shoppa litt klede, men torde ikkje vere der for lenge pga stakkars pappa som heldt på å få fnatt. På veg heim plukka vi opp film nr tre i Stieg Larsson triologien. Pappa såg film og vi stakk innom Joar og Andreas som hadde innflytningsfest.

I dag kom vi oss til 9th Ward, og der har vore stor utvikling sidan sist vi var der. Mange hus har komt opp og folk har fått flytta inn. Deretter kjaure pappa, Stian og eg på Lakeview Shopping Center. Vi skulle finne ein krem til mamma, men dei hadde den dessverre ikkje. Eg må nok bestille på nett. Pappa kjøpte seg t-skjorte og skjorter (håper du likar dei, mamma! ;)) på første butikken vi kom inn i. Eg og Stian kika litt meir i andre butikkar. Er imponert over at pappa heldt ut så lenge som han gjorde. Trur han har vore meir i klesbutikkar på denne ferien enn han har til saman på dei siste 20 åra... :) Som premie fekk han softis. Tidlegare i veka har vi vore på WalMart og handla billege sko - sjå bilete av føtene våre med nye sko og sokkar. No har vi akkurat grilla. Det smakte!

I morgon er det siste dagen til Stian og pappa her i New Orleans. Er så glad for at dei kom over dammen og besøkte oss. Blir litt vemodig å seie hadet på søndag. Tida har gått så fort. Men først skal vi ha ein fin laurdag i lag! God helg til alle dykk der heime! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar