mandag 24. mai 2010

Pearl Jam konsert og Jazz Fest 2010

Trond, Kristin, Jo og Erlend framfor eine inngangen til Jazz Fest området.
Eg og Erlend har slått leir.

Ei av dei tre store hovedscenene.

Ei av dei mindre scenene med mykje lokal New Orleans og Cajun-musikk.
Laurdag 1.mai var vi på Pearl Jam konsert, og sidan det er eit av favoritt banda mine, så må eg skrive eit lite innlegg om det. Dei besøkte New Orleans i forbindelse med Jazz Fest; ein stor musikkfestival som går av stabelen her kvart år i april/mai. Festivalen går over to helger, totalt sju dagar, og har tre store scener og fleire små. Det er kanskje rundt 50 konsertar kvar dag (antal skal takast med ei lita klype salt, men det er maaaange), og for ca 400 NOK har ein tilgang til alle! Det heile foregår på eit stort ope område, og alle har med seg solstolar eller pledd og lagar små leirar. Dersom ein skal ha med seg fleire konsertar, sett ein berre att stolen sin og ruslar rundt på dei ulike scenene. Mange lagar seg vimplar og flagg for å lettare finne tilbake til "leiren". I fjor såg vi eit norsk flagg, men dei som sat der, hadde ikkje noko med Noreg å gjere... :) Maten er god, då det er lokale restaurantar og caféar som har catering i små boder. Toalettfasilitetane er gode på trailerane med "spesialdamedo", ellers er dei som forventa på ein stor festival... Og så lenge vergudane er blide (det vert eit gjørmehol når det regnar), så er det berre flott! Eg likar Jazz Fest! Terningkast 6! :)

Det var stort å få sjå Pearl Jam live. Høgdepunktet for meg trur eg må vere då dei spelte Alive, og alle song med. Vi fekk også med oss blandt anna Simon&Garfunkle, Band of Horses og My Morning Jacket dei to dagane vi var der i år.
Eddie Vedder!
Roger, Mette, Erlend, eg og Jo - godt nøgde med å sjå Pearl Jam live!! :)

1 kommentar:

  1. Heia!!! Ka kjekt det va å få ei oppdatering på bloggen!!!Ej må innrømme ej he sakna det! Kjekt å sjå bilder:) håpe du he hatt ei fin pinse. Øss va berre heime her i bya, men hadde en dagstur til Eide og Molde i går. Besøkte oldemor Anna og var på midag med Kristin & co. Jakob likte Molde veldig, for han sa heile tida etter vi reiste heimover; mele Molde og mele færge:)
    Ha en finfin dag! Klem Silje

    SvarSlett