søndag 30. mai 2010

Ei super duper kjekk helg

For ei fin helg! Med unntak av ein svak augeblink på laurdag formiddag (Jetta'en ville ikkje starte, eg hadde parkert inne tre bilar, huska ikkje kva ledning eg skulle rigle på, Erlend tok ikkje telefonen med det samme, vart så stressa at eg nesten starta å grine - flaut), så har denne helga vore super! :) Ein er heldig når ein har gode venner som alltid er klar for å finne på noko gøy, og spesielt når ein saknar nokon som har vore borte veldig lenge...

Fredag var det flott ver, så etter litt jobbing tok eg turen på kirka, og starta helga med bading og soling. Mette, Lillian og eg åt middag på ein vietnamesisk restaurant på andre sida av elva, før vi møtte Lindsay på kino. Vi såg Sex and the City2. Plassen vi åt på var komisk. Skulle gjerne hatt bilete. Det såg ut som eit nedlagt stripmall. Der var ingenting på utsida som røpte at det var noko som helst inne i dei litt shabby bygningane. Men til tross for eit "litt" utdatert både eksteriør og interiør, så smakte maten veldig godt! Alle var einige om at det var lurt å vere ute i god tid før kinoen starta, sidan det var premieredagen. Vi troppa opp nesten ein time før, og forta oss inn for å finne plassa. Viste seg at vi var først ute og fekk kapra dei beste seta. Flaks! Men etterkvart innsåg vi at det var heilt unødvenig. Filmen gjekk for ikkje halvfull sal ein gong.

I går åt eg graut på kirka og las bok ved bassenget. Lindsay, ein kompis av ho, Aron, og Lillian kom og heldt meg med selskap etter stengetid (fordelen med å vere venninne med husmor - heilt greit). :) Medan Lillian gjor seg klar for å fare på kombinert sølv- og gullbryllaup i bunad, så gjekk eg i lag med Lindsay og Aron på Juan's Flying Burrito og åt. God, billig meksikansk mat. Seinare på kvelden plukka Lindsay og Aron meg opp heime, og etter nokre små omvegar og heile gjengen igjen var samla, enda vi på Frenchman St. Vi hadde det så kjekt! På eit gatehjørne spelte eit brassband, og det aula av folk som dansa i gata. Vi heiv oss med og dansa så svetten sila til langt på natt. Må seie at eg er imponert over Lillian som var oppe kl 07 i dag tidleg for å lage til kyrkjekaffi! Eg var ikkje like friskus, men i overraskande god form då eg vakna ikkje fullt så tidleg.

I dag har eg og Lillian rusla rundt på Magazine St, kosa oss med burger, kaffi og is, avslutta med ein tur til French Quarter. Vi shoppa litt på Urban Outfitters og gjekk heile Royal St til endes, bort Frenchmen St og opp igjen. Royal er ei fin gate med mange galleri og kunstbutikkar, spesielt likar eg nedre del med flotte hus og små, koselege hotell.

Håpar alle heime har hatt ei finfin helg! Kan melde at Reisande Mac på Falklandsøyane har det berre bra. Etter mykje fram og tilbake, rykte om tur til Noreg, og litt skuffelse for at det gjekk i vasken, så er det no avgjort at han kjem heim neste helg (søndag). Då har han vore borte i ein månad. Skal bli godt å få han heim.

Her er nokre bilete frå rusleturen vår ned Royal St i ettermiddag;

Flower power VW

I tillegg til ein levande rosa gris i band, så vi ei mekanisk ape.

Vakre hus på Royal St.

Solnedgangen over French Quarter (bilete gjer ikkje ære på kor flott det var).

Til Erlend;)

2 kommentarer:

  1. Heia!!! Supert at du hadde slik ei kjekk helg:) Synd det ikkje blei Norgestur på dåkke, det hadde vør so kjekt!!!men men det va no ikkje planlagt i utgangspkt.so he vel ikkje løv å bli so altfor skuffa... men øss blei no litt det da.. Kan tenke mej det blir bra å få heim att han bror og han e sikkert steinklar før å returnere han også:)
    Alt vel her i Ålebyen, Jakob e i storslag og prata kjempemykje. No kan han so mange ord at han he problem med å sette dei sammen i ei setn. og då stokka orda sej i munnen hans og han stend og fær ikkje fram alt på en gong, veldig sjarmerande;)Ha ei strålande veke!!!klem frå Silje

    SvarSlett
  2. det var bare en nydelig helg...
    liker livsnyteri..
    vi begynner å bli drevne linda..
    ;-)

    SvarSlett