onsdag 2. juni 2010

Treme Theme Song/Intro Song

I går kveld var Lillian og eg på Bullet, ein bar i eit heller tvilsomt nabolag, og haure på Kermit Ruffins som spelar der fast kvar tirsdag. Han er ein liten mann med stor hatt og er ein dyktig trompetist. Han er med i HBO-serien Treme frå New Orleans, som går på tv her borte no. Anbefalar spesielt alle som har vore her på besøk å få med seg serien. Eg har sett nokre av dei første episodane, men sidan Erlend ikkje har fått med seg noko etter at han reiste til Falklandsøyane, så skal eg vente med å sjå resten til han kjem heim. Serien handlar om livet etter orkanen Katrina som ramma New Orleans for fem år sidan. Det vart liv i publikum i går då Kermit Ruffins spelte intro-sangen til Treme. Artig!

1 kommentar:

  1. Takk for tipset, den må sjåast! HBO-serie frå The Wire-gjengen lova godt :-)

    SvarSlett