mandag 14. juni 2010

Svipptur til Alabama

Sjølv om eg lova å verte flittigare med oppdateringar, har eg altså ikkje klart det. Sjerpings!

Erlend kom heim natt til mandag forrige veke. Godt å ha han heime igjen!! Denne veka har gått fort. Ei kort oppsummering; god middag på Cote Sud for å feire at Reisande Mac var heime igjen, fotball, franskkurs, jobb, grilling, filmkveldar, soling og bading. Laurdag tok vi ein køyretur til Point Clear i Alabama. Liselott og Anders skulle på ein hotell-resort for å planlegge bryllaupet sitt, som dei kanskje skal ha der neste år, og lurte på om vi ville komme og tilbringe helga i lag med dei. Vi takka ja, pakka baggen og kjaure tidleg laurdag morgon. Det var ein flott resort! Anders fiksa rom til halvpris gjennom ein bekjent. Vi bada, åt lunsj medan vi såg England berre klare uavgjort mot USA, sola oss og bada litt meir, padla kajakk, åt middag og sovna halv 11 på kvelden!Middagen var nydeleg! Eg hadde skatevingar med parmesan, asparges og krema kvitløksaus. Erlend hadde pasta med sjømat. Til dessert delte vi brownies med is. Etter det gjekk vi på rommet for å ta eit par øl. Det vart med den eine, og etter kort tid hadde vi sovna heile gjengen...

Søndag vakna vi av alarmen til Liselott, som hadde gløymt at det var helg og satt på vekkarklokka. Sjølv om vi har blitt "gamle", så var 06:45 noko tidleg... Nokre timar seinare såg vi litt fotball-VM på senga, før vi starta dagen med ein kjempegod frukostbuffet, medan Liselott og Anders spela tennis. Etterpå sjekka vi ut og kjaure over til tennisklubben. Det var også eit flott anlegg; fleire basseng, kelnera som gjekk rundt og tok i mot bestilling på bassengkanten, gratis handdukar/solsenger/parasollar, flotte garderober og ein liten kafé. Vi fekk nesten heile det eine bassenget for oss sjølve - herleg! På veg heim stakk vi innom eit outlet mall og handla litt. Kvelden avslutta vi heime på sofaen med kinamat, film og popkorn. For ei fin helg! Håper alle dykk der heime har hatt ei bra helg!

Eine bassenget på tennisklubben. Anders, Liselott og Erlend.


På veg heim....


Då vi starta på turen heim viste gradestokken 37,5 grader.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar