lørdag 19. juni 2010

Grilla østers på Atchafalaya

Grilla østers med persille og sitron
Mette, Kai, Joar, Erlend og eg åt middag på ein koseleg resturant, Atchafalaya, i går kveld. Den ligg ikkje så langt frå der vi bor, på Louisiana litt nedanfor Magazine St, og vi har lenge snakka om å gå der. Vi hadde ikkje reservasjon, så vi enda på eit bord ute (på denne tida er det ofte litt for varmt for middag utandørs, men det var heldigvis ikkje så gale i går). På fortauet bortanfor oss grilla dei østers. Det er visst eit must å ete østers medan ein er her i byen, så vi delte nokre som forrett. Eg har smakt frityrstekte med aioli tidlegare som var veldig gode, men aldri grilla. Det var godt, sjølv om konsistensen er litt "gøpplete". Rå østers derimot skal the locals få ha for seg sjølve.

1 kommentar:

  1. Helllandussan nabo! Hekje vør innpå her ej før! jah, d e ei skam! ei SKAM sei ej!:s

    Men no he ej brukt ganske mykje tid her inne, so vil sei at ej bjønd å ta igjen d tapte! so kjekt me besøk frå Flem sikkert!:) å so fin du va me bunad på nasjonaldagen! IKKJE VÆRST!

    jeje! super blogg! ej "adda" dej, so d so fint heite:)

    SvarSlett