lørdag 21. november 2009

Basketballkamp!

På tirsdag denne veka var vi på basketkamp og såg New Orleans Hornets spele mot Los Angeles Clippers. Hornets har ikkje hatt ein god sesong så langt, så det var kjekt å sjå at dei vann 100 ett eller anna over Clippers, og det med stjernespelaren skada. Det var litt av eit show; bønn før kamp, nasjonalsong, fyrvekeri, duskedamer og maskotta. Erlend var veldig imponert over The Honeybies, duskedamene til Hornets. Før kamp sat dei og skreiv autografa - eg skulle kanskje skaffa Erlend ein? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar