fredag 27. november 2009

Happy Thanksgiving!

Velkomsthelsing frå Matt til mora og stefaren.
Matt, Jeff og Erlend på veg ut i bakgården for å steike kalkun.

Jeff, Lilian og Erlend følger spent med.

Matt poserer før kalkuna går i kjelen.

Kalkuna er klar til servering.

Matt med si melkeku:)

Lillian med si bløtkake.
Her er heile gjengen samla rundt middagsbordet.


Forrige torsdag var vi på Thanksgiving-generalprøve-middag med Matt. I går var det duka for den verkelege middagen. I tillegg til oss tre norske var mor og stefar til Matt der, dei er på besøk denne helga, og to kompisar som Matt jobbar saman med. Vi sat alle på kjøkenet og prata medan maten vart tilbredt. Vi fekk forklart historia til denne dagen, og eg skal prøve å gjengi den i korte og meir eller mindre riktige trekk; for lenge, lenge sidan kom ei gruppe britar over havet for å sleppe unna den religiøse forfølgelsen i heimlandet. Men dei planla det veldig dårleg, for då dei kom til nord-amerika var det midt på vinteren, og dei klarte ikkje å livnære seg. Heldigvis for dei så kom indianarane dei til unnsetning. Dei lærte britane korleis dei skulle dyrke jorda. Då det var tid for å hauste avlingane, så ba dei indianarane på ein stor fest som takk for all hjelp. Derfor er denne dagen ein dag for ettertanke og takknemlegheit for alt ein har å vere glad for i livet. Vi hadde det kjempekoseleg, og Matt imponerte stort på kjøkenet! Det å frityrsteike ei kalkun er ikkje ufarleg. Slepp du ei frosen kalkun i kokande olje, eksploderer den. Blir oljen for varm, tek den fyr. Har du panna for full, og kokande olje renn utover, kan heile kjøkenet ta fyr. Vi unngjekk skadar og eksplosjonar, og kalkuna vart for å vere sikker steikt i bakgården. Maten var nydeleg. Før vi åt var det kvar sin tur til å seie kva ein er takknemleg for. Vart litt sentimentale og tenkte på alle dykk der heime. Til dessert så hadde Lillian pynta ei bløtkake med norske og amerikanske flagg, som imponerte stort. Ho laga også sausen. Vårt bidrag var to plater med Firkløver og Melkesjokolade, øl og vin... :) Stor takk til Matt som inviterte oss heim til seg slik vi fekk ta del i Thanksgiving-feiringa!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar