lørdag 21. november 2009

Thanksgiving middag!

Torsdag denne veka vart Lillian, Erlend og eg invitert til Matt på middag. Matt er kameraten til Daniel. Daniel er ein artig kar som har vore på folkehøgskule i Norge for 6 år sidan, og som tilfeldig stakk innom Sjømannskirka ein dag han var ute på joggetur. Lillian tok i mot han, og slik har vi blitt kjent med dei. Neste veke, torsdag 26.11, er det Thanksgiving. Det er ein nasjonal fridag her borte og dagen feirast i hovedsak ved matbordet eller framfor TV'n for å sjå amerikansk fotball med familie og vennar. På menyen står det kalkun i alle mulige variantar med tilbehør som feks saus, søtpoteter, potetstappe, stuinger, brød, pai, sider osv. Matt hadde steikt ei kalkun med cajun-krydder og ba alle han inviterte ta med seg ein tradisjonell rett som tilbehør. Han får foreldra sine på besøk til Thanksgiving og han ville øve seg, og vi var prøvekaniner. Det var utruleg godt! Kanskje vi skal invitere på Thanksgiving middag når vi kjem heim til Noreg? :) Vi fann ut at nordmenn bosatt i USA ofte brukar lefse til middagen denne dagen, så vi gjekk for ein Skandinavisk vri og tok med ein pakke Vestlandslefse, ei eplekake med iskrem og svensk eplesider. Matt er ein kjernekar og inviterte oss til å komme på middag på Thanksgiving og! Vi har ein plan om å få til ei langhelg i Miami, men går ikkje det, så har vi sjølvsagt takka ja til å tilbringe dagen i lag med Matt og familien! :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar