søndag 17. januar 2010

På tide og oppdatere bloggen!


Vi er no tilbake i New Orleans etter ein finfin juleferie heime i Noreg. Kaldt og mykje snø gav ei fin ramme rundt jula og julestemninga kom med første snøen veka før jul. Det var så kjekt å sjå alle igjen. Vi er så heldige og komme til dekka bord både heime på Flem og på Lepsøy. Det vart tid til familieselskap, dansar, bryllaup (Silje+Kåre=sant) og hytteturar. Takk for ei fin jul, alle dykk der heime! Erlend var tilbake i NO mandag 4. Eg vart sjuk og måtte utsette reisa til mandagen etter. Dei to første dagane etter eg kom tilbake gjekk med til jobbing for å rekke fristen til årsavslutninga. Eg vart heldigvis ferdig i tide og no ligg eg godt an. Torsdag kom Lillian på besøk og vi laga lasagne med torsk; Codsagna! :) Det smakte utruleg godt. Skal absolutt lage det fleire gongar. Etter middag såg vi "Jenta som lekte med ilden". Fredag var vi på besøk med Liselott og Anders i det nye huset deira. Dei tok over huset fredag og vi måtte sjølsagt innom for ei omvisning. Dei har fått seg eit fint, stort hus, berre i gåavstand frå oss. Laurdag var det klart for Saints-kamp på Lucy's. Dei vann suverent! Neste helg blir det avgjort om dei kjem seg til Super Bowl! Klarer dei det, kjem heile byen til å stå på hovudet. Vi gler oss til kamp, det blir spennande! I dag har eg og Erlend spelt kampar for laga våre. Vi vann 6-5, trur ikkje det gjekk like bra for Erlend, men det var berre ein treningskamp. Veldig artig å spele fotball igjen. Erlend har akkurat sagt hadet og tatt taxi på flyplassen. Han reiser til Brasil i kveld og blir borte alt frå 2-4 veker. Trur han. Håpar det ikkje blir så lenge. Vi får sjå. Gler meg til han kjem tilbake. :)

Erlend og Lillian skåler for ein god middag! Lasagne med torsk - nam!

lørdag 12. desember 2009

Grattis, Liselott og Anders! Dei forlova

Grattis, Liselott og Anders! Dei forlova seg i kveld. Alle er paa Colloums Hotel og feirar. Vi er saa glade for dei! :-D

fredag 11. desember 2009

High Tea paa Windsor Hotel. Har drukke f

High Tea paa Windsor Hotel. Har drukke fleire liter med julete og ete kanapeer. Det er pynta litt til jul her... ;-)

lørdag 5. desember 2009

Snikreklame....

Tidlegare i dag vår vi på Rouses og handla til helga. Der kika vi i leikeavdelinga, og fann eit sett med leikemat frå McDonalds!! Måtte berre ta eit bilete av det. Snakk om å stappe det inn i barnemunnane med teskje. "Her, barn, her er maten dykk skal ete! Deilige McMuffins til frukost. Chips til lunsj. BigMac til middag. Skyll det heile ned med ein stor Cola". Uffa!

Krewe du Zoo!....

heiter laget eg skal spele på. Sponsoren vår, Cooter Browns, er ein bar som har ørten øl på tappekrane... :) Vi spelar i serien for blandalag; alle lag må ha minst tre jenter på bana til kvar tid. I dag var forste treninga mi. Litt rusten etter over eit års pause frå fotballen. Det var omtrent som ei av dei første vårtreningane på Rogne-mosen. Gradestokken viste 7 grader då vi tok laust i dag tidleg. Det er kaldt her. På andre sida av innsjøen så snødde det i går! Det er ikkje vanleg. Vi skulle eigentleg spele første kampen vår i dag, men det andre laget kunne ikkje stille, så det vart berre trening. Kampen er flytta til februar. Neste helg er det kamp igjen. Kl 8 på morgonen! Men den spørst det om eg droppar... Må, kremt, kanskje jobbe... ;) Og dagen etter flyg eg heim til Flem! :-D Gler meg kjempemasse til å sjå alle igjen!!



fredag 27. november 2009

Heimelaga pizza og filmkveld! Mette og K

Heimelaga pizza og filmkveld! Mette og Kai er saa snille og inviterer paa pizza bakt paa steinplate. Vi har ikkje hatt heimelaga sidan vi var heime i sommar. Nam! :-)

Happy Thanksgiving!

Velkomsthelsing frå Matt til mora og stefaren.
Matt, Jeff og Erlend på veg ut i bakgården for å steike kalkun.

Jeff, Lilian og Erlend følger spent med.

Matt poserer før kalkuna går i kjelen.

Kalkuna er klar til servering.

Matt med si melkeku:)

Lillian med si bløtkake.
Her er heile gjengen samla rundt middagsbordet.


Forrige torsdag var vi på Thanksgiving-generalprøve-middag med Matt. I går var det duka for den verkelege middagen. I tillegg til oss tre norske var mor og stefar til Matt der, dei er på besøk denne helga, og to kompisar som Matt jobbar saman med. Vi sat alle på kjøkenet og prata medan maten vart tilbredt. Vi fekk forklart historia til denne dagen, og eg skal prøve å gjengi den i korte og meir eller mindre riktige trekk; for lenge, lenge sidan kom ei gruppe britar over havet for å sleppe unna den religiøse forfølgelsen i heimlandet. Men dei planla det veldig dårleg, for då dei kom til nord-amerika var det midt på vinteren, og dei klarte ikkje å livnære seg. Heldigvis for dei så kom indianarane dei til unnsetning. Dei lærte britane korleis dei skulle dyrke jorda. Då det var tid for å hauste avlingane, så ba dei indianarane på ein stor fest som takk for all hjelp. Derfor er denne dagen ein dag for ettertanke og takknemlegheit for alt ein har å vere glad for i livet. Vi hadde det kjempekoseleg, og Matt imponerte stort på kjøkenet! Det å frityrsteike ei kalkun er ikkje ufarleg. Slepp du ei frosen kalkun i kokande olje, eksploderer den. Blir oljen for varm, tek den fyr. Har du panna for full, og kokande olje renn utover, kan heile kjøkenet ta fyr. Vi unngjekk skadar og eksplosjonar, og kalkuna vart for å vere sikker steikt i bakgården. Maten var nydeleg. Før vi åt var det kvar sin tur til å seie kva ein er takknemleg for. Vart litt sentimentale og tenkte på alle dykk der heime. Til dessert så hadde Lillian pynta ei bløtkake med norske og amerikanske flagg, som imponerte stort. Ho laga også sausen. Vårt bidrag var to plater med Firkløver og Melkesjokolade, øl og vin... :) Stor takk til Matt som inviterte oss heim til seg slik vi fekk ta del i Thanksgiving-feiringa!

tirsdag 24. november 2009

DSC00201

Liselott og eg midt i kortlaginga. Maa seie oss godt fornogd med resultatet for nybegynnera aa vere. Med untak av Lillian som har studiepoeng i emnet daa.:-)

Julekort! Her er julekorta vi laga i gaa

Julekort! Her er julekorta vi laga i gaar. Vi hadde det veldig kjekt. Laurdag har vi satt av til julegodteri- og meir kortlaging.

mandag 23. november 2009

Juleverkstad! Erlend har blitt jaga paa

Juleverkstad! Erlend har blitt jaga paa pokerkveld med Eivind og karane. Lillian, Hanna, Liselott og eg er klare for innsats. Vi lagar julekort. Maa rette ein stor takk til Kristine for god hjelp til innkjop. Vi kosar oss! Har drukke glogg og ete snacks og hoyrer paa julemusikk. Resultatet av kvelden kjem paa bloggen seinare.

Juletreet vaart! Veit det er litt tidleg

Juletreet vaart! Veit det er litt tidleg aa pynte treet, men i dag er det juleverkstad og daa synest eg at d passa.

lørdag 21. november 2009

Thanksgiving middag!

Torsdag denne veka vart Lillian, Erlend og eg invitert til Matt på middag. Matt er kameraten til Daniel. Daniel er ein artig kar som har vore på folkehøgskule i Norge for 6 år sidan, og som tilfeldig stakk innom Sjømannskirka ein dag han var ute på joggetur. Lillian tok i mot han, og slik har vi blitt kjent med dei. Neste veke, torsdag 26.11, er det Thanksgiving. Det er ein nasjonal fridag her borte og dagen feirast i hovedsak ved matbordet eller framfor TV'n for å sjå amerikansk fotball med familie og vennar. På menyen står det kalkun i alle mulige variantar med tilbehør som feks saus, søtpoteter, potetstappe, stuinger, brød, pai, sider osv. Matt hadde steikt ei kalkun med cajun-krydder og ba alle han inviterte ta med seg ein tradisjonell rett som tilbehør. Han får foreldra sine på besøk til Thanksgiving og han ville øve seg, og vi var prøvekaniner. Det var utruleg godt! Kanskje vi skal invitere på Thanksgiving middag når vi kjem heim til Noreg? :) Vi fann ut at nordmenn bosatt i USA ofte brukar lefse til middagen denne dagen, så vi gjekk for ein Skandinavisk vri og tok med ein pakke Vestlandslefse, ei eplekake med iskrem og svensk eplesider. Matt er ein kjernekar og inviterte oss til å komme på middag på Thanksgiving og! Vi har ein plan om å få til ei langhelg i Miami, men går ikkje det, så har vi sjølvsagt takka ja til å tilbringe dagen i lag med Matt og familien! :)