søndag 17. januar 2010

På tide og oppdatere bloggen!


Vi er no tilbake i New Orleans etter ein finfin juleferie heime i Noreg. Kaldt og mykje snø gav ei fin ramme rundt jula og julestemninga kom med første snøen veka før jul. Det var så kjekt å sjå alle igjen. Vi er så heldige og komme til dekka bord både heime på Flem og på Lepsøy. Det vart tid til familieselskap, dansar, bryllaup (Silje+Kåre=sant) og hytteturar. Takk for ei fin jul, alle dykk der heime! Erlend var tilbake i NO mandag 4. Eg vart sjuk og måtte utsette reisa til mandagen etter. Dei to første dagane etter eg kom tilbake gjekk med til jobbing for å rekke fristen til årsavslutninga. Eg vart heldigvis ferdig i tide og no ligg eg godt an. Torsdag kom Lillian på besøk og vi laga lasagne med torsk; Codsagna! :) Det smakte utruleg godt. Skal absolutt lage det fleire gongar. Etter middag såg vi "Jenta som lekte med ilden". Fredag var vi på besøk med Liselott og Anders i det nye huset deira. Dei tok over huset fredag og vi måtte sjølsagt innom for ei omvisning. Dei har fått seg eit fint, stort hus, berre i gåavstand frå oss. Laurdag var det klart for Saints-kamp på Lucy's. Dei vann suverent! Neste helg blir det avgjort om dei kjem seg til Super Bowl! Klarer dei det, kjem heile byen til å stå på hovudet. Vi gler oss til kamp, det blir spennande! I dag har eg og Erlend spelt kampar for laga våre. Vi vann 6-5, trur ikkje det gjekk like bra for Erlend, men det var berre ein treningskamp. Veldig artig å spele fotball igjen. Erlend har akkurat sagt hadet og tatt taxi på flyplassen. Han reiser til Brasil i kveld og blir borte alt frå 2-4 veker. Trur han. Håpar det ikkje blir så lenge. Vi får sjå. Gler meg til han kjem tilbake. :)

Erlend og Lillian skåler for ein god middag! Lasagne med torsk - nam!

1 kommentar: