onsdag 10. mars 2010

Kofferten er pakka og turen gaar til...

Kofferten er pakka og turen gaar til... Miami! Eg gler meg superdupermasse til aa sjaa Erlend igjen. God helg! :-D

tirsdag 9. mars 2010

Parles tu francais? No....

18-19:45 i kveld hadde eg første klassa mi med fransk på Alliance Francaise. Dvs vi starta først nærmare 18:30, då læraren dukka opp - alt som det skal vere etter Lousiana-time (ja, haha, eg veit, det passar meg eigentleg fint....). :) Det var noko ustrukturert over det heile, og i starten kom eg kun på; je mappelle Linda, eh.., eh.., hehe... + ein del spansk. Heldigvis så kom meir og meir av fransken tilbake ettersom vi fekk litt drahjelp frå læraren, og ho noterte det vi sa (forsøkte å seie) på tavla. Men eg innser at eg ikkje eig ordforråd, så her må det ein liten innsats til skal eg få utbytte av kurset. Tilbake på scratch og pugge ord, spesielt verb. Etter det eg kan huske er det eit utal med uregelrette verb i fransk (uff, uff). Nei, her er det berre å børste støv av dei små grå, finne fram post-it-lappane og pugge! Ønsk meg lykke til! :)

Bilda nedanfor har ingenting med fransk kurs å gjere. Eg fann ein liten pakke på døra då eg kom heim etter kurset. Har bestilt tape på nettet frå http://www.thetintedmint.com/ med fargar og mønster til å bruke i fotoalbum, på kort, til innpakking ol. Det var så sirlig og fint innpakka i silkepapir med ei lita sløyfe rundt og kvar taperull låg i ein eigen liten pose. :) Det er dårleg lys her, og eg tek bilde med mobilen, så fargane kom dårleg fram; brun med skrift, turkis, grå med mønster, lilla og lime. Fine synest eg!


Må også nevne at Stian hadde bursdag på laurdag!! Han vart 24 år, men er forsatt den vesle lillebroren min for det. Gla i deg, bror! Gler oss til du og pappa kjem på besøk - berre ca to veker til!! :)

mandag 8. mars 2010

Finfin Kvinnedag

Måndag er ikkje lengre den dagen i veka eg mislikar mest. Lillian har fri kvar måndag, og vi finn ofte på noko kjekt i lag desse dagane. Tidlegare i dag tok vi pedikyr/manikyr, shoppa litt, åt lunsj og avslutta med is og kaffi på Mag St. Herleg dag! Tenkte vi måtte feire Kvinnedagen! ;) Gratulerer med dagen alle saman! :)
Etter at eg kom heim, fekk eg endeleg satt saman Ikea komoden (Malm) som Liselott og Anders kjøpte til oss for ei god stund sidan. Skal bli greit å få litt bedre plass. Så no skal eg igong med å omorganisere kleskap og den andre komoden vi har frå før.
Det er berre tre dagar til eg reiser til Miami og får sjå Erlend igjen. Gler meg, gler meg, gler meg (sjølv om eg må opp kl 04.00 og det er meldt regn og torever tors-/fredag...)!!!


lørdag 6. mars 2010

FW:

Mag St.

FW:

Utepils i sola i NOLA!

FW:

Eeeelska mintis med sjokoladebitar!! :-D

torsdag 4. mars 2010

Academy Sports

Har nettopp komt att frå handletur på ein sportsbutikk på West Bank. Skulle eigentleg berre ha eit par nye joggesko, men så kom eg over nokre salgsstativ... For kr 1 400 har eg fått ei treningsbukse, to hettejakker, to dry fit genserar og ei t-skjorte og sko. Vart samme sko som mamma fekk til jul og som Lillian også kjøpte seg for ikkje så lenge sidan. Dei er berre så gode å gå i!

tirsdag 2. mars 2010

Taco! :-D

OL-inspirert taco-grønt. :) Liselott (fotograf), Lillian og Mette kom på taco-middag til meg i dag. Kjempekoseleg! Takk for ein fin kveld. Heldigvis så er det nok til restekveldsmat med meg i morgon. Sett pris på at Lillian og Mette ofra seg og kjem for å hjelpe til med og ete opp! Kanskje vi skal ha forening kvar tirsdag? ;)

mandag 1. mars 2010

Øspøsregnver i NOLA!

Det er ikkje mykje som minner om den flotte vårdagen vi hadde i går; Liselott, Mette og eg rusla ned på Magazine Street, kjøpte is og kaffi og nytte det ute i sola. No styrtregnar og bles det så kraftig ute at det lek vatn inn under døra og utover golvet vårt. Eg har akkurat vore ute ein tur for å sjå etter Jetta'en. Eg parkerte den ein stad der eg vanlegvis ikkje står, så eg måtte ut for å sjå om det var mykje vatn i gata. Her kjem ofte mykje regn på ein gong, er paddeflatt, det er ikkje alltid pumpene klarer ta unna alt vatnet, og vi får lokale oversvømmingar. Jettaen stod fint, men berre for å sleppe og attlete, er den no flytta til ei "trygg" gate. Parkeringsplassen vår inne på leilegheitsområdet ligg heldigvis høgre enn gata, så Porscha står også trygt (slapp av, Erlend!). Eg vil ikkje ha skulda for å ha ein bil full i vatn, når eg allereie er på tynn is på bil-fronten... ;) Pappa; kan du pakke med regnjakka mi og støvlane mine når du kjem på besøk? :)