mandag 1. mars 2010

Øspøsregnver i NOLA!

Det er ikkje mykje som minner om den flotte vårdagen vi hadde i går; Liselott, Mette og eg rusla ned på Magazine Street, kjøpte is og kaffi og nytte det ute i sola. No styrtregnar og bles det så kraftig ute at det lek vatn inn under døra og utover golvet vårt. Eg har akkurat vore ute ein tur for å sjå etter Jetta'en. Eg parkerte den ein stad der eg vanlegvis ikkje står, så eg måtte ut for å sjå om det var mykje vatn i gata. Her kjem ofte mykje regn på ein gong, er paddeflatt, det er ikkje alltid pumpene klarer ta unna alt vatnet, og vi får lokale oversvømmingar. Jettaen stod fint, men berre for å sleppe og attlete, er den no flytta til ei "trygg" gate. Parkeringsplassen vår inne på leilegheitsområdet ligg heldigvis høgre enn gata, så Porscha står også trygt (slapp av, Erlend!). Eg vil ikkje ha skulda for å ha ein bil full i vatn, når eg allereie er på tynn is på bil-fronten... ;) Pappa; kan du pakke med regnjakka mi og støvlane mine når du kjem på besøk? :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar