tirsdag 9. mars 2010

Parles tu francais? No....

18-19:45 i kveld hadde eg første klassa mi med fransk på Alliance Francaise. Dvs vi starta først nærmare 18:30, då læraren dukka opp - alt som det skal vere etter Lousiana-time (ja, haha, eg veit, det passar meg eigentleg fint....). :) Det var noko ustrukturert over det heile, og i starten kom eg kun på; je mappelle Linda, eh.., eh.., hehe... + ein del spansk. Heldigvis så kom meir og meir av fransken tilbake ettersom vi fekk litt drahjelp frå læraren, og ho noterte det vi sa (forsøkte å seie) på tavla. Men eg innser at eg ikkje eig ordforråd, så her må det ein liten innsats til skal eg få utbytte av kurset. Tilbake på scratch og pugge ord, spesielt verb. Etter det eg kan huske er det eit utal med uregelrette verb i fransk (uff, uff). Nei, her er det berre å børste støv av dei små grå, finne fram post-it-lappane og pugge! Ønsk meg lykke til! :)

Bilda nedanfor har ingenting med fransk kurs å gjere. Eg fann ein liten pakke på døra då eg kom heim etter kurset. Har bestilt tape på nettet frå http://www.thetintedmint.com/ med fargar og mønster til å bruke i fotoalbum, på kort, til innpakking ol. Det var så sirlig og fint innpakka i silkepapir med ei lita sløyfe rundt og kvar taperull låg i ein eigen liten pose. :) Det er dårleg lys her, og eg tek bilde med mobilen, så fargane kom dårleg fram; brun med skrift, turkis, grå med mønster, lilla og lime. Fine synest eg!


Må også nevne at Stian hadde bursdag på laurdag!! Han vart 24 år, men er forsatt den vesle lillebroren min for det. Gla i deg, bror! Gler oss til du og pappa kjem på besøk - berre ca to veker til!! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar