fredag 26. februar 2010

Eeeelska Stratos!

I dag har eg følt meg "uggen" av fleire grunnar, og derfor et eg Stratos;

1) Snopesjuk

2) Saknar Erlend veeeeldig mykje (kvifor akkurat i dag, veit eg ikkje)

3) Har skrapa opp felgen på Porscha, har hatt dårleg samvit, og fortalte det til Erlend som sit i ein båt på havet i Brasil på jobb (og no et eg norske-sjokoladen som skal delast... Litt av ein kjærast eg er!)

Gler meg til du kjem heim, Erlend! Husk; eg er veeeeeldig glad i deg (og lei meg for skrapa...)!

torsdag 25. februar 2010

Happy birthday, Anders!:-)

I går fylte Anders 30 år! Hipp, hipp hurra! Liselott ba alle komme på Bulldog og overraske han. Vi troppa opp, vart ein god gjeng til slutt, og feira i lag med dei.

Kvelden vart også avskjed til Solveig og Asle. Dei budde her då vi kom over dammen for eit år sidan, men flytta heim til Noreg kort tid etter. Det klaffa så bra med eit besøk for dei begge, og dei har vore her i nesten to veker. Kjekt å sjå dei igjen. God tur heim!

Ferdig!:-)

Heldigvis ingen feil. Eg er nøyen på å studere bruksanvisninga, for lunta er kort om det vert feil! Var enklare enn eg trudde. Endeleg ein bedre plass å jobbe på. Då var det komoden igjen...

Ikea!

Liselott og Anders har vore så greie og kjøpt ein pult og ein komode på Ikea for oss. Kjenner på skuldrane at spisebordet ikkje lenger dug som arbeidsplass. Skal tru om eg får dette til då?

onsdag 24. februar 2010

Sunnmørsposten om New Orleans


Sumpsafari anbefalast.
Erlend sendte meg denne linken til Sunnmørsposten si nettside; http://smp.no/article/20100224/NAERTOGNYTTIG05/102249999/1002
Les artikkelen om New Orleans!

French Quarter i down town New Orleans

Habitat for Humanity jobbar med å gjenbygge New Orleans. Daniel, som eg var med som frivillig for i går, har jobba med å bygge hus for heimlause musikarar. Sjå omtale i aratikkelen.

tirsdag 23. februar 2010

Habitat for Humanity

I dag var eg med Daniel på jobb for Habitat for Humanity. Organisasjonen tek i mot frivillige frå heile USA og resten av verda, og dei er engasjert i husbygging i blandt anna New Orleans. Daniel er ansatt som byggeleder. Det er fortsatt områder i byen der skadane frå Katrina er godt synlege. Vi var på to tomter i løpet av dagen; ei der berre fundamentet er oppe, og ei der dei har lagt golvet og starta med å reise veggane. Eg merka så alt for godt at eg ikkje er vandt med tungt fysisk arbeid, nesten pinleg kor veik eg er, men det er lærerikt! Skal tilbake nokre dagar neste veke. Rett ovanfor tomta vi avslutta dagen på, står denne falleferdige kirka. Det var noko litt vemodig over synet, så eg måtte ta eit bilete. På skiltet står det framleis info om ei gudstjeneste som fann stad for lang tid sidan. Dette området og fleire andre er triste syn. Du kan køyre ned ei tilfeldig gate og sjå at eit hus er gjenreist etter Katrina, medan nabohuset er fråflytta og ser ut som ei rønne.

mandag 22. februar 2010

Fat-Tuesday og Zulu-paraden







Tenkte eg skulle legge ut bilete og fortelle litt om Fat-Tuesday (tirsdag 16.), siste dagen av Mardi Gras. Eg stod opp kl 7, gjekk på kirka og åt frukost og stod på St Charles akkurat i tide for starten av Zulu-paraden. Den mest ettertrakta souveniren frå denne paraden er handmåla kokosnøtter som dei deler ut langs ruta. Takka vere ein triveleg, eldre kar eg kom i snakk med, fekk eg ei kokosnøtt. Han skreik til ei av vognene at eg var frå Noreg, og det var visst nok til å fortjene ei koksnøtt! Om den er så fin veit eg no ikkje, men den er min... :) (Sjå bilete over av svart rund sak med glitter på). Seinare på dagen skulle eg og Lillian eigentleg ta turen down town, men etter vi såg TV-innslag frå French Quarter med køgåing i gatene så ombestemte vi oss og vart heime. Kanskje litt kjedeleg, men då var vi glade at Mardi Gras var over for i år. Mykje moro, men frykteleg slitsomt! :)

Fleire bilete frå Zulu-paraden


Såg paraden i lag med artige Daniel og Lindsay. Karen med hanekammen heiter Ben og er ein kompis av dei.


Kokosnøtt og beads frå Zulu-paraden!

fredag 19. februar 2010

Middag med Lillian

Lillian inviterte jentegjengen på kyllingpai i går. Vi hadde det kjempegøy! Lydnivået var ganske høgt. Stakkars Vidar som bur vegg-i-vegg. Han sponsa gildet med Who Dat-vin; takk, Vidar! Kjekt at Johanna og Solveig var der. Mette hadde ei gledeleg (om ikkje så veldig overraskande) melding å komme med - ho er gravid! Gratulasjonar til Mette og Kai!! Vi er så glade på dykkar vegne! :)

To søte prinsesser frå Molde by

Julie og Elise

Her er bilder av dei to flotte jentene som Erlend og eg er onkel og tante til. Dei bor i Molde, går i 1.klasse og i dag har dei hatt karneval på skulen. Så fine prinsesser! Under karnevalet her i New Orleans har eg samla ein stor haug med perlekjeder som mamma og pappa kan ta med heim til dykk når dei kjem på besøk, dersom dei har plass i kufferten! ;) Ha ein fin vinterferie på Bjorli! Er svært spent på å sjå kor flinke dykk har blitt på slalom når vi kjem tilbake neste år. Og så må eg få vite om dykk likte filmen; The Princess and the Frog - for den har eg og lyst å sjå. Handlinga i filmen er lagt til New Orleans og områda rundt. God helg alle saman!

torsdag 18. februar 2010

Til Erlend :-)

Til Erlend :-) Eg skulle eit ærend nede i byen i går, og då stakk eg innom ein butikk eg likar godt - Urban Outfitters. Der fann eg ei skjorte på salg og ei lommelerke med bart til Erlend + litt til meg sjølv og, sjølsagt... ;-)

onsdag 17. februar 2010

St Charles under Mardi Gras


Slik har det sett ut rett utanfor bygninga vi bur i denne helga som var. F.o.m laurdag 30.januar til tirsdag 16.februar har paradane rulla bortover gater ulike stadar i byen. Siste helga av Mardi Gras har vore ei uendeleg rekke av paradar og folkefest i gatene. Allereie onsdag forrige veke hadde folk sikra seg plass langs paraderuta i gata vår. Folk slo leir og sov i telt på St Charles på trikkeskinnene. Folk kjaure pick up truks med toalett på lasteplanet. New Orleans'erane er rare... :) Alt for å sikre seg gode plassar til alle paradane som går forbi her. I går var det heile over på Mardi Gras-dag (Fat Tuesday). Det har vore nokre artige dagar, men no er det greit å komme tilbake til kvardagen. Byen har svevd på ei sky sidan Super Bowl, men eg trur ikkje folk har heilt landa endå...