tirsdag 23. februar 2010

Habitat for Humanity

I dag var eg med Daniel på jobb for Habitat for Humanity. Organisasjonen tek i mot frivillige frå heile USA og resten av verda, og dei er engasjert i husbygging i blandt anna New Orleans. Daniel er ansatt som byggeleder. Det er fortsatt områder i byen der skadane frå Katrina er godt synlege. Vi var på to tomter i løpet av dagen; ei der berre fundamentet er oppe, og ei der dei har lagt golvet og starta med å reise veggane. Eg merka så alt for godt at eg ikkje er vandt med tungt fysisk arbeid, nesten pinleg kor veik eg er, men det er lærerikt! Skal tilbake nokre dagar neste veke. Rett ovanfor tomta vi avslutta dagen på, står denne falleferdige kirka. Det var noko litt vemodig over synet, så eg måtte ta eit bilete. På skiltet står det framleis info om ei gudstjeneste som fann stad for lang tid sidan. Dette området og fleire andre er triste syn. Du kan køyre ned ei tilfeldig gate og sjå at eit hus er gjenreist etter Katrina, medan nabohuset er fråflytta og ser ut som ei rønne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar