2 har blitt til 3
for 11 år siden
I går var vi på kirka og åt graut og sola oss ved bassenget. Ingen våga ta seg eit bad, vatnet er så kaldt enno! Kjekt at vi var så mange; Joar, Mette, Kai, Eivind, Andreas og Joar dukka også opp. På kvelden tok vi turen ned i French Quarter, åt biff til middag og rusla oppover Bourbon St og såg på galskapen. Etter vi hadde lagt pappa, så gjekk Stian, Erlend og eg på King Pin og spelte dart og shuffleboard. Det vart seint, eller tidleg, alt etter korleis ein ser det. Vi vart vekt i ti-tida i dag av pappa som purra og etterlyste fotballkampen på tv. -Klokka er straks 11! Han hadde stilt klokka ein time fram, slik som ein skal heime i Noreg. På denne sida av dammen stilte vi klokka for to eller tre veker sidan. Då vart det litt feil. Etter å ha oppklart misforståinga kosa vi oss med god frukost og Aafk-kamp. Surt med mål i mot på slutten, men kan ikkje påstå at siger hadde vore fortjent... No har vi nytt ein nydeleg bacalao (norsk klippfisk som kom i posten frå Anne og Jan før jul ein gong - takk!) og jordbær med is til dessert. Nam! Lillian kom og åt i lag med oss og Stian underheldt med ei fantastisk morosam historie om blandt anna ein dverg med bøsse på badet. Artig kveld!
Fredag denne veka var pappa, Stian, Lillian og eg på sump-tur med Airboat Adventures. Det var flott ver og vi hadde ein fin tur inn i sumpen. Guiden vår fortalte om dei ulike områda vi freste gjennom, snakka om slangebitt, piratar og indianerar. Vi såg ein stor aligator og fleire små. Eit stort problem for Lousiana er at sumplandskapet sakte forsvinn. Dei jobbar no med å stoppe det. Sumpen fungerar som eit naturleg vern for New Orleans mot orkanar. Med store sumpområder tapt for alltid, så er New Orleans, som allereie er svært utsatt for orkanar og flom, ekstra sårbar. Dyrelivet og vegetasjonen i sumpen er også truga. Etter turen fekk vi halde nokre baby-aligatorar. Innbillte meg at dei skulle vere kalde, sleipe og harde, men det var dei ikkje. Varme og mjuke, var ikkje så ekle som eg hadde trudd!



Har nettopp komt att frå handletur på ein sportsbutikk på West Bank. Skulle eigentleg berre ha eit par nye joggesko, men så kom eg over nokre salgsstativ... For kr 1 400 har eg fått ei treningsbukse, to hettejakker, to dry fit genserar og ei t-skjorte og sko. Vart samme sko som mamma fekk til jul og som Lillian også kjøpte seg for ikkje så lenge sidan. Dei er berre så gode å gå i!