søndag 28. mars 2010

Graut. Biff. Aafk-frukost. Bacalao.

I går var vi på kirka og åt graut og sola oss ved bassenget. Ingen våga ta seg eit bad, vatnet er så kaldt enno! Kjekt at vi var så mange; Joar, Mette, Kai, Eivind, Andreas og Joar dukka også opp. På kvelden tok vi turen ned i French Quarter, åt biff til middag og rusla oppover Bourbon St og såg på galskapen. Etter vi hadde lagt pappa, så gjekk Stian, Erlend og eg på King Pin og spelte dart og shuffleboard. Det vart seint, eller tidleg, alt etter korleis ein ser det. Vi vart vekt i ti-tida i dag av pappa som purra og etterlyste fotballkampen på tv. -Klokka er straks 11! Han hadde stilt klokka ein time fram, slik som ein skal heime i Noreg. På denne sida av dammen stilte vi klokka for to eller tre veker sidan. Då vart det litt feil. Etter å ha oppklart misforståinga kosa vi oss med god frukost og Aafk-kamp. Surt med mål i mot på slutten, men kan ikkje påstå at siger hadde vore fortjent... No har vi nytt ein nydeleg bacalao (norsk klippfisk som kom i posten frå Anne og Jan før jul ein gong - takk!) og jordbær med is til dessert. Nam! Lillian kom og åt i lag med oss og Stian underheldt med ei fantastisk morosam historie om blandt anna ein dverg med bøsse på badet. Artig kveld!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar