fredag 12. mars 2010

Key West. I gaar kom vi fram i femtida.

Key West. I gaar kom vi fram i femtida. Bilturen gjekk brillefint. Etter vi fekk innstalert oss paa hotellet, tok vi ein biltur i gamlebyen. Guideboka (som eg fekk med Kjersti - takk!) Lonely Planet for USA har komt godt med. Dei har gode tips som vi er svaert nogde med aa folge til no. Aat ein nyyydeleg middag paa Cafe Sole; liten, koseleg, fransk restaurant. Etterpaa rusla vi ei runde i sentrum. Her er mange college-kids som ravar fulle rundt i gatene. Det er Sping brake; ferie for studentar for siste innsats og eksamenar. Vi vart der i mot ikkje gamle i gaar kveld. I dag har vi vore ved det sorlegaste punktet paa KW (som eigentleg ikkje er det sorlegaste punktet paa oya alikevel) og tatt biletet vaart. Saa har vi leigd kajakkar, og padla i ca to timar. No er vi straks i gamlebyen. Skal rusle litt rundt her, ete middag, eg vil ha is, kanskje vedde paa skilpadde-lop for vi set kursen for Miami. Blir nok ikkje saa mykje eldre i kveld heller... Vi har det supert!:-) God helg til alle der heime!

1 kommentar:

  1. Godt boka kom til nytte! Håpe dåkke he hatt en super tur :-)

    SvarSlett