17.mai-feiringa her borte var av den blaute sorten. Her regna og regna og regna og regna, heilt til gatene såg ut som elver. Vi kunne ikkje ta laust i Jetta'en, så vi ringte til Mette og Kai og ba dei hente oss i Range Roveren deira. Vi kom oss til Sjømannskirka, men det var fleire som ikkje kom seg fram denne dagen. Skal sjå om eg ikkje kan få lasta ned nokre bilete som Lillian tok denne dagen, for det var verkeleg eit syn. På kirka gjekk straumen, så vi måtte improvisere litt. Vi tente stearinlys, grilla laks og gjekk 17.mai-tog innandørs. Trass i regnet så var det ei fin 17.mai-feiring på søndag 16.mai. :)

Her har vatnet starta å trekke seg tilbake. Tidlegare på dagen sto Lillian akkurat der eg står med vatn til låra!
Kjekt å få litt blogg-nytt frå NOLA :-) Høyrest ut som en flott, men blaut 17. mai.
SvarSlett