mandag 6. september 2010

Sykkeltur


Etter ein trikketur til Fishermans Warf i gaar, bestemte vi oss for aa leige syklar. Vi starta med aa sykle langs sjoen bort til Golden Gate Bridge. For eit flott friomraade med parkar og strender! Det var ein nydeleg dag i gaar med sol fraa skyfri himmel og ca 20 grader. Perfekt for baade sykling og bildetaking av brua (den ligg ofte skult i skodde). Eit lite stykke fraa brua ligg Varmehytta, og der tok vi lunsj. Kakao og kakeskive - akkurat som heime, mangla berre Kvikklunsj og appelsin. Det var Labour Day i gaar, offisiell fridag, og det var eit yrande folkeliv ute, og paa sjoen var det fullt av seglebaatar.

Etter lunsj sykla vi eit stykke tilbake langs stendene, for vi bestemte oss for aa sykle til Golde Gate Park. Det var ei strabasios ferd opp utallige bratte bakkar for vi endeleg kom oss paa toppen og inn i parken. Eg mista kartet med avmerka sykkelstiar, saa vi fann vaar eiga rute. Midt i ein av desse bakkane mista eg litt motivasjonen, men daa var Erlend ein super turkamerat med oppmuntande ord og lova meg is paa toppen. Kor mange mil vi sykla, veit vi ikkje, men saar rau og stive leggar vitnar om at det vart langt. I parken aat vi is og slova i graset ved Conservatory of Flowers (eit svaert drivhus, berre mykje vakrare, med alle moglege slags blomar. Det var dessverre stengt, saa eg maatte noye meg med ein liten titt inn eit av vindauga. Men omraadet rundt var ogsaa flott, saa det gjorde ikkje saa mykje. Det fine med aa streve seg opp alle bakkane er belonninga med flott utsikt og det aa berre kunne trille nedover igjen. Turen ned til hamna igjen gjekk gjennom Presidio, ein park med berre skog.

All syklinga gjorde oss svoltne, saa vi fann fram guideboka og sikta oss inn paa ein anbefalt og billleg italiensk restaurant. God pizza til 12$ er ikkje ille. Det skal faktisk godt gjerast aa ikkje ete godt i denne byen. Aa sette seg paa sykkelsetet etter middagen var smertefullt, og ute hadde det blitt kaldt og morkt. Klimaet her er veldig likt heime i Norge, med ein gong sola gaar ned er det iskaldt. Vi forta oss ned til sykkelutleiga, fekk levert inn syklane og tok trikken heim. Begge var einige om at det hadde vore ein fin tur. Ingen uhell og alle like heile, om ein ser bort i fraa ei saar taa og eit lite hol i skoen min. :)

1 kommentar:

  1. Kjekt å følge m på onkel og tante reisande Mac!! Kjempefine reiseskildringar:)klem Silje

    SvarSlett