mandag 6. september 2010

San Francisco - roadtrip

Vi ankom SF paa laurdag ettermiddag og tok inn paa Hotel Adagio. Vi feira bursdagen min med cola og smaarettar (utuleg god tomatsuppe bla.! :) i hotellbaren, og det var det den dagen. I gaar vakna vi 06:30 (to timar tidsforskjell). Etter ein god frokost pakka vi turistsekken med 3 stk kamera og guidebok, og saa var vi klar for sightseeing. Eg har faatt mini-polaroidkamera fraa Erlend i bursdagsgaave. Tusen takk! - saa det maatte sjolvsagt med for aa provast ut. Blir artige bilete med litt retropreg. Hotellet vaart ligg sentralt til og byen er kompakt med gaavstand til dei fleste attraksjonar. Dersom ein ikkje er saa god til beins, eller synest bakkane er i brattaste laget, kan ein hoppe paa trikken. Men vi er nordmenn, og nordmenn brukar fotene. Vi fekk gaatt mykje og sett mykje i gaar: Union Square, Chinatown, Nob Hill og Russian Hill (bratte bakkar!), Lombart St og Coit Tower. Erlend var svaert flink og klaga ikkje ein einaste gong, noko han paapeika og gjerne kunne ta litt kred for. Det fekk han. :)

I dag er planen aa koyre trikk, rusle rundt i North Beach og nede paa pirane, gaa i parken og kanskje, om det ikkje er skodde, faa sett Golden Gate Bridge. Vi har det berre supert, byen er flott, veret fint og her er mykje god mat. Tirsdag skal vi paa Alcatraz - ei oy i bukta utanfor byen med eit tidlegare fengsel paa. Etter det skal vi hente leigebilen, ein Jeep Wrangler Cabriolet, og koyre sorover. Vi har ingen konkrete planar, men satsar paa aa ankomme Los Angeles fredag. Vi endar turen i Las Vegas neste torsdag (16.9) og flyg heim til NOLA derfraa.


Bratte (verkeleg bratte) bakkar i kontrast til paddeflate NOLA. Pesa oss opp den eine bakken etter den andre. Ikkje kvardagskost for oss, og det merkast. Men verdt det naar ein staar paa toppen og kan nyte utsikta! :)

Trikken er for for latsabbar!


Lombart Street - den mest svingete gata i SF. Her snirklar ei uendeleg rekke med bilar seg nedover dei 8 svingane kvar dag, heile tida. Dei som bur her har ei konstant trafikkork utanfor husdora.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar