onsdag 15. september 2010

Hoover Dam og The Venetian


Lake Mead - kunstig laga innsjo som tok 6 aar aa fylle etter bygginga av Hoover Dam.

Hoover Dam (kjente litt magasug daa eg kika over kanten) - Imponerande.


Colorado River og den nye brua/vegen som skal opnast i aar ein gong

I gaar gjekk vi rett ned til bassenget etter vi vaakna, og vart der nokre timar. Smoothie paa bassengkanten til frukost er ikkje aa forrakte. Ut paa ettermiddagen kjaure vi til Hoover Dam, som ligg berre 45 min unna Vegas. Vi tok ein guida tour som starta med ein introduksjonsfilm, vidare tok guiden oss ned i nokre tunnellar der vatnet vert fort i store ror, inn i rommet der generatorane er, opp paa utsiktsplattforma for aa ta bilete og til slutt kunne vi rusle rundt i utstillinga/museumet som vi ville. Vi var der siste timen for stengetid, og eg trur guiden vaar gjerne ville heim til kona si, for det gjekk unna i eit forrykande tempo. Det var fleire kommentarar a la typen; "I'll be your dam(n) tour guide", "We have no dam(n) picture policy" osv. :) Dei tok sjolvsagt bilete av alle som var med paa den guida turen, slik at den som onsker det kan faa kjope det etterpaa. Vi flira godt daa vi fekk sjaa vaart. Ein faar velge mellom 5 ulike bakgrunnar, alle med Hoover Dam, men ein med regnboge, ein med masse vatn osv. Vi likte spesielt godt eine alternativet der demninga er dekt av "verdas storste amerikanske flagg". Trur nesten vi berre maa kjope det.


Erlend paa The Venetian


Skal det vere ein romantisk gondoltur i eit shoppingsenter?

The Venetian er eit stort hotell/casino/kjopesenter med eit gjennomgaande Venezia-tema. Inne er det imponerande takmaaleri, fontener og utsmykningar. Naar ein kjem inn i butikkdelen er det bygd som ein kopi av Venezia sine gater, torg og bygningar med fortausrestaurantar, kafear og iskrembarar. I tillegg til eit mylder av butikkar, sjolvsagt. Det er smale kanalar der ein kan ta seg ein gondoltur. Dei har ein kopi av Marcusplassen. Galskap. Vi maatte berre flire naar vi gjekk rundt der. Kvifor reise til Italia? Berre ta ein handletur paa The Venetian... Men ein blir fasinert daa. Paa casinoet spelte vi rulett, men ga oss daa vi vann 100$. Ingen storgamblera. Etter aa ha leita ei stund etter Exit, fann vi heldigvis vegen ut. Eg er ingen stor fan av casion, men Erlend meinte vi maatte spele berre ei runde til, sidan vi var i vinnermodus. Saa vi tok ein taxi tilbake til hotellet vaart og gjekk inn paa casinoet i nabobygninga. Der vann vi 42$ paa rulett, og gjekk til Cashier for aa faa ut pengane. Framfor oss i koa stod ein kar som fekk utbetalt over 5 000$....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar